Matias Berge, 13 år arrangerte nyleg prøveløp før neste års Roatoppen Opp
Ungguten frå Ølen er sin unge alder til tross ein habil landevegsløpar, og enda betre motbakkeløpar. Men den kvikke ungdomen vil meir. Han vil ha alle sider av idretten. Neste år laurdag 29. august arrangerer han sitt eige motbakkeløp. Dagen er valt med hensikt. Dette er SJOARDAGEN i sentrum av Ølen.
Prøveløp med Thomas Finshus, Matias og 7 andre inviterte deltakarar
2 jenter og 7 gutar fullførte prøveløpet. Thomas Finshus er klubbkamerat med Matias i Stegaberg IL. Han var sporty, og stilte opp i prøveløpet til sin unge klubbkamerat.
Førebelse løyperekordar:
Kvinner: Sara Knutsen, 41.09
Synne Rullestad, 41.09
Menn: Thomas Finshus, Stegaberg IL 24.53
Store planar - allereie godt førebudd
Lundaneset Kristne Vidaregåande Skule har ei medialinje. Matias har alt vore i kontakt med dei om å setja opp storskjerm og videosenda Roatoppen Opp på Ølen Senter under fyrste ordinære løp neste år. Vidare har han oppretta ei gruppe på facebook: Roatoppen Opp, og er i kontakt om elektrisk tidtaking med Hestanipen Opp, som har god erfaring med elektrisk tidtaking i motbakkeløp.
Det Matias gjer her, kan mange større arrangørar læra av:
- PR: Han er ute i god tid.
- Brukar Kondis som er største kontakt inn mot løparmiljøet.
- Tenkjer gjennom alle deltaljar som han har opplevd gjennom sine allereie mange konkurransar (som t.d. bruk terrengsko).
- Er alt byrja å bruka sosiale media
- Lytter til erfarne arrangørar
- Tar kontakt med folk/grupper som kan ta seg av tekniske sider av løpet
- Tenkjer publikum og ramme rundt løpet/har kontakt med Sjoardagen i den samanheng
ROATOPPEN OPP 3.1 km 29. august 2015
1,5 km på asfalt - 1,6 km bratt motbakke / 1.5K asphalt + 1.6K tough uphill
Land: Norge / Norway
Start: Sjoargata, Ølen sentrum / Ølen Village Center
Mål/Finish: Roatoppen / The Peak of Roatoppen
Parkering/Parking: samfunshuset/idrettshallen i Ølen sentrum
Garderobe/ Locker Room: idrettshallen Gym Near the Start
Påmelding: ved start Entry: at start - one hour before start
Starttid: ? / Time of Start: ? Will be fixed later
Postnr: 5580 / Postal Code 5580
Posted: Ølen / Village: Ølen
Kommune: Vindafjord / Municipality: Vindafjord
Kontaktperson 1: Jostein: 91311195 Infonumber: 0047 91311195
Kontaktperson 2: Roger Berge: 95180278 Infonumber: 0047 95180278
Underlag: asfalt/terreng / Race Course: tarmac/cross-country uphill (cross-country shoes recommended)
Startkontingent: kr 150,- / Entry Fee: NOK 150,- (£ 15)
Premiering/Prizes:
1. pr. kr 1500,- £150
2. pr. kr 1000,- £100
3. pr. kr 500,- £ 50
Pluss trekkjepremiar / Plus Prizes at Random
Lengde: 3.100 m
Høydemeter: 502 m Altitude: 502 m
Klasseinndeling:
Jenter og gutar / Female & Male
This is Matias Berge young uphill race entrepeneur
Resultat prøveløp:
Kvinner:
1. Sara Knutsen 41.09
1. Synne Rullestad 41.09
Menn:
1. Thomas Finshus 24.53
2. Morten Gjendem: 25.23
3. Matias Berge 26.24
4. Sigmund Risøy 29.34
5. Andreas Madsen 31.03
6. Sindre Knutsen 31.04
7. Ove Ivesdal 32.35