Ingressbiletet er valt med omhu. Me ser Matias som ser opp på ein eldre person. Og det er illustrerande for denne driftige karen. Han spør og lytter til folk med større røynsle enn seg sjølv. Men han har alt mykje kunnskap innabords. Matias er sjølv ein dyktig løpar.

1. Matias har fått laga fin plakat
2. Han er tidleg ute med reklamen for løpet, som går 29. august
3. T-skjorte til alle førehandspåmelde
4. Grei informasjon om løypa
5. Tidleg i kontakt med Kondis som ein av dei viktigaste aktørane for målgruppa
6. Har fått solide sponsorar
7. Har registrert tilskipinga i Brønnøysundregisteret

Kondis vil fylgja opp denne spennande tilskipinga. Sjølv om Matias er unik, så er det mange, mange flotte ungar/ungdomar rundt i landet vårt. 

Roatoppen Opps facebook-side
kondis.nos reportasje fra prøveløpet i 2014

Roatoppen_Opp_plakat2.jpg