I Sunnhordland er det tradisjon (om enn ikkje ubroten) for løp 2. Påskedag. I mange, mange år hadde Ølen IL løp denne dagen. Mange dåverande og komande toppløparar starta der. Så stillstand nokre år før IF Klypetussen brukte denne dagen nokre få år. Då dei flytte sitt løp frå 2. Påskedag, tenkte Etne Event at dei ville prøva. Det var såpass vellukka at dei prøver seg igjen.

For heile familien, Vatnet Rundt, eliteløparar, barneløp, for gåarar og rullestol
Vatnet Rundt, hovudtraséen er kontrollmålt og godkjend av Kondis til 7543 m. Alle km er nøyaktig målt og 5 km er og sjølvsagt nøyaktig avmerka. Rullestolbrukarar får ei 1.8 km sløyfe og bryna seg på. 900 m flat asfaltert veg med retur. Barneløpet 850 m. 

God og spesiell premiering
Pengepremiar til raskaste kvinne og mann er ikkje særleg spesielt, men at fleire av trekkjepremiane er spesialhandla i Ungarn for dette løpet, er vel rimeleg spesielt. 

Spring opp løyperekordpremien...?
For kvart av løpa i "Vatnet Rundt-karusellen" rekorden til Maryna Novik (27.20) og Ørjan Grønnevig (22.40) vert ståande aukar løyperekordpremien med kr 500,-. Pr no er denne komen opp i kr 2500,- for både damer og herrer. OBS! denne premien går ut berre på siste karusell-løp altså hovudløpet "Vatnet Rundt" 15. juli.

"K"-valitetsløp i alle "Vatnet Rundt"-løpa
Det tyder at du får kr 40,- i avslag på startkontingenten om du er medlem i Kondis. Melder ein seg på:
"2. Påskedagsløpet/Vatnet Rundt" på EQ -timing innan fredag 7. april får ein kr 50,- i avslag i tillegg til kondis-rabatten.