Det var rett nok eit lite kvarter fram til vinnaren Ula Kupec som brukte 1.45.42 på den kuperte løypa. Anna Margrethe Tråve sneik seg under 2 timar med 9 sekunds margin. 


- Eg hadde lada opp i Crus de Tejeda på vel 1500 moh. Løpet gjekk på grusvegar og sti og hadde 585 høgdemeter med stigning/fall, fortel Tråve til Kondis. 

Herreklassen vart vunnen av Jose Salom på 1.19.39. I alt fullførte 153 menn og 25 kvinner 20 kilometeren. Det var òg ein 10 km der 98 kvinner og 245 menn tok seg til mål. Anna Margrethe Tråve ser ut til å ha vori einaste norske deltakar. 

LPA-trail_starten.jpgDet var full fart ut frå start i LPA-trail på Gran Canaria. (Foto: arrangøren) 
 

  Kvinner        
Pl. Name Club Cat Time By cat.
1. Ula Kupec 4Endurance Camelbak   01:45:42  
2. Anna Magrethe Trave Laerdal V+40 01:59:51 1
3. Blanca Barredo Blanco ARISTA V+40 02:02:08 2
4. Lourdes Plasenci Mucha Vida V+40 02:05:31 3
5. Dunia Rodriguez Flores CluMonVal V+40 02:06:03 4
 
 
       
  Menn        
1. Jose Salom     01:19:39  
2. Blaz Brecko CD Muevete Running   01:21:39  
3. Aday López Abellán     01:24:44  
4. Fran Rodríguez     01:27:25  
5. Miguel Ángel Hernández Espino Carphial teror V+45 01:27:25 1



Alle resultat

Anna_Traave_jubel_LPA-Trail_foto_Aage_Aardal_DSC_1223.jpgKlassesiger og andreplass totalt hadde Anna Margrethe Tråve all grunn til å vera nøgd med. (Foto: Åge Årdal)