Her knip amerikanaren Joseph J. Gray sigeren føre Stian Angermund  i 2015. Blir det ein ny duell i år, og kan Stian kan få sin revansje sju år etter? (Foto: Christian Prestegård)

I skrivande stund er det påmeldt over 1300. Av dei er 946 i konkurranseklassa som er fullteikna. Deltakarrerkorden er frå 2014 med totalt 1935 i mål ved Skålatårnet. Sjå startlista på www.skaala.no 

I mosjonsklassa er det påmelding heilt fram til løpsdagen, også ved startnummerhenting ved starten på Tjugen. Det er god værmelding for løpsdagen og då viser løpshistoria at det kan kome mange hundre ekstra deltakarar i mosjonsklassa dei siste dagane før løpet. 

Mattestart

Nytt i år er at det blir fellesstart i konkurranseklassa med mattestart kl 10. Dvs at tidtakinga for kvar deltakar startar når deltakaren passerer startstreken. Dvs at det er nettotida som vil stå i resultatlista, ikkje tida frå då startskotet gjekk av. Med dette håpar arrangøren å få strekt ut startfeltet så mykje at alle får gode løpeforhold for alle utan mykje kø. For dei som har tenkt å vinne løpet er det viktig å vere klar over at det uansett er fyrste kvinne og mann over målstreken som blir totalvinnarar. Difor bør alle dei beste med vinnarambisjonar stå i fyrste linje ved start. 

IMG_1508.jpgThorbjørn Ludvigsen er "tittelforsvarar" i Skåla Opp etter at bergenseren vann med eit halvt minutt på Weldu Negash (til h) i fjor. (Foto: Christian Prestegård)

Skyhøyt nivå

Det er høgt nivå på deltakarane og mange stiller spørsmålet: Kan det bli nye løyperekordar? Eller blir rekordane til Anita Håkenstad Evertsen på 1:20:06 (frå 2008) og Ahmet Arslan, Tyrkia på 1.07.06 (frå 2012) ståande til evig tid? Det har etter at rekordane vart sett vore mange forsøk frå fleire av dei fremste motbakkeløparane i verda. Ein av dei er Stian Angermund som i 2015 sprang i mål på 1:09:09. Det er berre ein nordmann som har løpt raskare. Det er Jon Tvedt med tida 1:08:39 i 2007. I 2015 vart Stian nr 2 kun 11 sek. bak Joseph Gray, USA, som vann på tida 1:08.58. Gray og Angermund er nr 4 og 5 på lista over dei "all-time" raskaste i Skåla Opp (Sjå lista over dei 20-raskaste kvinner og menn heilt nederst i artikkelen!)

Halfdan-Emil Fær¢. Skåla Opp 2021. Foto Chr Prestegård.jpgHalfdan-Emil Færø må hevde familien si ære i årets løp. Her løper han inn til 3. plass i Skåla Opp 2021. (Foto: Christian Prestegård)

Italiensk utfordrar

Den store "outsideren" er Henri Aymonod frå Italia som har imponerande resultat i bratte motbakkeløp inkl KMV (Kilometer vertikal) der han m.a. har gullmedalje i det Italienske meistarskapet og 1. plass i KM Vertical i Fully. Viser han same nivå laurdag 13. august så vil han vere på premiepallen. 

Anita Iversen Lilleskare_SkålaOpp_2018_foto_Christian_Prestegård.jpgAnita Iversen Lilleskare blei nr. 2 i fjor og må reknast med også i år. Her er ho i aksjon i Skåla Opp i 2018.  (Foto: Christian Prestegård)

Fjorårsvinnar i mosjonsklassa

I kvinneklassa var Karoline Holsen Kyte, Førde IL, den store favoritten. Karoline vart i fjor suveren vinnar på tida 1:22:14 som er den nest beste tida oppnådd av ei norsk kvinne. Ho var nesten 6 min raskare enn Anita Iversen Lilleskare, BFG Bergen løpeklubb, på 2. plass. I år får ikkje Anita konkurranse frå Karoline. Ultimo juni meldte Karoline at ho er gravid og i år må nøye seg med å gå tur i mosjonsklassa for m.a. å heie på sambuaren Halfdan-Emil Færø. Dermed vil nok også løyperekorden til Anita Håkenstad Evertsen truleg bli ståande sjølv om nivået i kvinneklassa også er høgt i år med m.a.:

Emelie Forsberg_Foto_Kondis.no.jpgKanskje den største favoritten, Emelie Forsberg, debuterte på Skåla Opp i 2017 med 1.28.47. (Foto: Kondis)

Stjerne-comeback

Emelie Forsberg (Sverige) er ei verdsstjerne innan mountainrunning. I 2017 vart Emelie nr 4 i Skåla Opp på tida 1:28:47. Ho satsar i år på eit godt "comeback" etter to barnefødsler og har i år ambisjon om å forbedre tida si.  Den ambisjonen har også Eli Anne Dvergsdal som m.a. har sølvmedalje frå EM og NM-gull motbakkeløp. Ho ønskjer nok også i springe seg inn på lista over dei 20 raskaste i Skåla Opp-historia slik Selma Nevin, Strindheim, gjorde det då ho i fjor vann klasse K15-17 og vart nr. 3 totalt i Skåla Opp på tida 1:28:12. Selma var i fjor den store overraskinga med sin unge alder 17 år. Selma deltek også i år og kan overraske på nytt. No er ho i klasse 18-19 år.

På laurdag kan det bli ei ny topp tid i klasse K15-17 år der Ingeborg Syntsnes Hole, Åndalsnes IF, er påmeldt. Nyleg vann ho VM-gull i ungdoms-VM i fjelløping i Andorra. 

Ellers vrimlar det av kjende namn, toppidrettsutøvarar i ulike kondisjonsidretter og gamle store idrettsheltar i startlista ( Sjå www.skaala.no) som Anita Håkenstad Evertsen, Kirsten Maraton Melkevik, Odd-Bjørn Hjelmeset, Lars Berger, Kristen Skjeldal. Fleire av dei kan hevde seg heilt i toppen. Det gjeld ikkje minst Øyvind Heiberg Sundby, IK Tjalve, som har to NM-gull i motbakkeløp. Han har tidlegare vore på pallen i Skåla Opp og har 1:11:46 som bestetid frå 2017. Han har som fleire av oss nyleg hatt Covid og er usikker på formen.

Selma Nevin. Nr3 Skåla 2021. Foto Chr Prestegård.jpgSelma Nevin på veg opp til 3. plass og klasserekord i fjor. (Foto Christian Prestegård)

A_JohannaÅstr¢m_FotoChristianPrestegård.jpgSvenske Johanna Åstrøm er óg blant favorittane i kvinneklassa. Her frå løpet i 2018 da ho vart nr. 2 bak Karoline Holsen Kyte på tida 1.28.41. (Foto: ChristianPrestegård)


Skåla Opp på Facebook
Reportasje frå Skåla Opp 2021 på kondis.no: Karoline Holsen Kyte og Thorbjørn Ludvigsen vant Skåla Opp

Aldersklasse-rekordar i La Sportiva Skåla Opp.
Løype: 8,2 km med 1814 høgdemeter

Kvinner:

Aldersklasse
Namn
Tid
År
15-17
Selma Nevin
1:28:12
2021
18-19
Heidi Weng
1:26:59
2010
20-22
Guro Flatekval
1:27:05
2009
23-34
Laura Orgue  (Spania)
1:22:07
2014
35-39
Anita Håkenstad Evertsen
1:20:43
2007
40-44
Anita Håkenstad Evertsen
1:20:06
2008
45-49
Anita Håkenstad Evertsen
1:27:56
2015
50-54
Fiona Maxwell (Nord-Irland)
1:31:53
2011
55-59
Anna Magrethe Tråve
1:39:15
2010
60-64
Norunn Stavø
1:47:40
2017
65-69
Birgit Korvald
1:50:00
2017
70-74
Halldis Nagell-Dahl
2:26:10
2013
75-79
Halldis Nagell-Dahl
2:33:51
2017
 
 
 
 

Menn:

Aldersklasse
Namn
Tid
År
15-17
Håvard Gutubø Bogetveit
1:21:52
2009
18-19
Per Christian Grieg
1:15:24
2019
20-22
John Sompol (Kenya)
1:09:55
2009
23-34
Ahmet Arslan (Tyrkia)
1:07:06
2012
35-39
Jonathan Wyatt (New Zealand)
1:08:30
2010
40-44
Jon Tvedt
1:08:39
2007
45-49
Kristen Skjeldal
1:17:10
2015
50-54
Oddmund Roaldkvam
1:19:29
2009
55-59
Jon Sjurgard
1:29:38
2008
60-64
Jon Sjurgard
1:32:49
2013
65-69
Jon Sjurgard
1:38:42
2017
70-74
Per Øyvind Tveiten
1:48:00
2017
75-79
John Svan
2:03:26
2019
80+
Christian Børs Lind
2:20:21
2021

Adelskalender+pr+2021.jpg