Ingressbiletet: Maryna Novik glad og smilande etter eit sterkt løp og løyperekord med 55 sekund
Langs Åkrafjorden bur det omlag 130 menneske i fire små grender. Denne helga var dette talet mangedobla med glade menneske over alt. For uinvidde: Etne kommune ligg i Sunnhordland med grenser til Odda, Vindafjord og Sauda i sør.
"Kenneth Birkenes Marsjen"
"Kenneth Birkenes Marsjen" var eit nytt innslag i "Langs Åkrafjorden". To unge damer, Anne-Britt Grindheim og Jorunn Halsnes, starta innsamling til forsking på kreftsjukdomen Ewings sarkom. Kenneth Birkenes har overlevd og blitt friskmeld fire gonger frå denne sjukdomen. Han var med i TV-programmet "Ingen grenser" med Lars Monsen. Kenneth er frå Etne, kommunen som Åkrafjorden er ein del av..
Maryna knuste gamal løyperekord!
Maryna Novik, IF Klypetussen har uttalt at "Langs Åkrafjorden" er eit av favorittløpa hennar. Ho deltok i år for sjuande gong. 70 sekund bak løyperekorden for to år sidan var hennar beste prestasjon i den 11 km sterkt kuperte løypa.
Maryna Novik mot mål etter å ha lagt alle menn så nær som éin, bak seg. Her med Åkrafjorden i bakgrunnen, og 11 storkuperte kilometre i storslagen natur.
Thomas Finshus, Stegaberg IL, vann nok ein gong langs vakre Åkrafjorden
Thomas Finshus er alle arrangørars draum. Han held godt nivå, og kjem att og kjem att. Han hevar nivået på dei løp han stiller i. Smålåten i det meste, bortsett frå på løpinga.
Pallen for menn: Thomas Finshus, med sjekken, Johnny Vea og Matias Berge
"Bergprisen" 500 m nedover, 2400 motbakke
Løpet startar med ca 500 m nedoverbakke, før det er 2400 m samanhengande motbakke. På høgaste punkt etter 2935 m (250 m.o.h.), vert "Bergprisen" delt ut til raskaste kvinne og mann. I år var det totalvinnarane som var fyrst også her. Dei fekk med seg eit flott HardangerBestikk til ein verdi av kr 1400. Verdt å kjempa for.
Jentene i fleirtal!
Det har sikkert skjedd før; men i mine 46 år i fridretten, kan eg ikkje hugsa at jentene har vore i fleirtal i konkurranseklassen. 22 jenter og 21 gutar fullførte på tid. Eit lite tal, men opp 20 frå 2013. I tillegg registrerte me tre som sprang på tid utan å ville registrera seg i konkurranseklassen.
Ingvild Skare Thygesen intervjuast medan Tøres Rullestad står med vinnarsjekken som den raskaste på rulleski.
Rulleskirenn med Ingvild Skare Thygesen
Ingvild Skare Thygesen er ein god skiløpar og vart beste jente i rulleskirennet. Likevel er ho mest kjend for seieren i "Farmen". Bror hennar Torgeir, vart for øvrig nr 6 i NM-finalen på skisprint, så ho kjem frå ein skifamilie.
I tillegg stilte ti andre rulleskiløparar opp i dette prøvearrangementet utan startkontingent og klasseinndeling. Lovande Tøres Rullestad kom fyrst i mål på 14.45. Dette løpet var litt i underkant av 6 km med start og mål i målområdet for "Langs Åkrafjorden". 3 km ut i løypa frå mål og så i retur.
Ein komande stjerne..? 11 deltok i det fyrste rulleskirennet.
Synnøve Sævareid, leiar i arrangørklubben IF Klypetussen, med sjekken som skal trekkast blant alle deltakarane.
Braksuksess for "Kenneth Birkenes-marsjen"
Kenneth Birkenes (i grønt) er mannen som har gitt navn til marsjen. Her spurtar han mot mål saman med dei to damene som startet opp marsjen. Kenneth Birkenes skaffet åleine kr 21.000 til kreftforskningen i lørdagens marsj.
Masse godt humør blant marsjdeltakarane og stor glede over innsamlingsresultatet.
Minst 425.000 kr kom inn i innsamlinga til kreftsaken. Eit kjempebeløp for eit lite arrangement som i år blei stort. Kommunar, bedrifter og einskildpersonar støtta heilhjarta opp om tilskipinga. Ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord kommune, og etneordørar Sigve Sørheim, deltok begge i "Langs Åkrafjorden".
Alle var der: Også Elvis stod på for den gode saken.
Det var mykje moro og glede i "Kenneth Birkenes Marsjen".
Resultater frå løpsklassen i 11 km landeveisløp:
Klasse: | Startnr | Namn | E-namn | Klubb | Født | BERG-pris | MÅL |
Kvinner:
J 13 | 1 | Maria S. | Medhus | Røldal IL | 2001 | 90.41 | |
J 12 | 1 | Madelen O. | Lykkebø | Røldal IL | 2002 | 90.41 | |
KS | 1 | Maryna | Novik | IF Klypetussen | 1981 | 12.31 | 40.33 |
KS | 2 | Mariann Markhus | Vevatne | Etne IL | 1982 | 49.43 | |
KS | 3 | Lillian | Nordengen | 1981 | 58.49 | ||
KS | 4 | Carina | Hornenes | 1984 | 59.25 | ||
KS | 5 | Ann Mari | Nordengen | 1985 | 67.22 | ||
KV 35-39 | 1 | Aud Elisabeth | Stuhr | Ny Von Sauda | 1976 | 47.44 | |
KV 35-39 | 2 | Solgunn | Vaa | 1978 | 52.26 | ||
KV 35-39 | 3 | Gro Anita Aa. | Imsland | 1975 | 53.25 | ||
KV 35-39 | 4 | Helga | Kjetland | 1975 | 57.25 | ||
KV 35-39 | 5 | Gunn | Bastlien | Sauda IL | 1976 | 58.10 | |
KV 35-39 | 6 | Cecilie | Bruåas | 1975 | 65.53 | ||
KV 40-44 | 1 | Grethe | Tesdal | Privat | 1970 | 49.07 | |
KV 40-44 | 2 | Gunnvor S. | Medhus | Røldal IL | 1974 | 56.48 | |
KV 40-44 | 3 | Agnes O. | Lykkebø | Røldal IL | 1970 | 60.31 | |
KV 45-49 | 1 | Kirsti | Sønstabø | Spirit Stavanger | 1966 | 46.38 | |
KV 50-54 | 1 | Astrid | Espeland | Sauda IL | 1962 | 55.08 | |
KV 50-54 | 2 | Jane | Myre | 1961 | 58.56 |
Menn:
G 13 | 1 | Matias | Berge | Stegaberg IL | 2001 | 12.53 | 43.56 |
G 12 | 1 | Bård Olav S. | Medhus | Røldal IL | 2002 | 52.50 | |
G 12 | 2 | Vetle Lauareid | Hovda | IF Klypetussen | 2002 | 54.17 | |
G 15 | 1 | Sondre Lauareid | Hovda | IF Klypetussen | 1999 | 50.24 | |
MS | 1 | Thomas | Finshus | Stegaberg IL | 1988 | 11.27 | 39.35 |
MS | 2 | Kenneth | Dragøy | Haugesund TK | 1983 | 44.57 | |
MS | 3 | Ørjan | Løhaugen | IF Klypetussen | 1984 | 13.34 | 46.58 |
MS | 4 | Nils Kristian | Berge | Røldal IL | 1990 | 47.27 | |
MV 35-39 | 1 | Tor Arne | Sandvik | IF Klypetussen | 1975 | 44.45 | |
MV 35-39 | 2 | Svein Åge | Mikkelsen | 1975 | 47.53 | ||
MV 40-44 | 1 | Johnny | Vea | Haugesund TK | 1972 | 12.19 | 40.46 |
MV 40-44 | 2 | Tore | Imsland | 1970 | 49.14 | ||
MV 40-44 | 3 | Michael | Grøte | Haugesund TK | 1972 | 51.32 | |
MV 40-44 | 4 | Tobias | Apostel | Frankfurt, Tyskland | 1974 | 57.18 | |
MV 45-49 | 1 | Trygve Gunnar Bj. | Henriksen | IF Klypetussen | 1969 | 16.45 | 55.39 |
MV 50-54 | 1 | Jens | Tjøsvold | Statoil BIL | 1961 | 50.03 | |
MV 50-54 | 2 | Anders | Tjøsvold | Haugesund IL | 1963 | 58.01 | |
MV 55-59 | 1 | Harald | Måge | IF Klypetussen | 1954 | 16.47 | 54.20 |
MV 70-74 | 1 | Gunvald | Gundersen | IF Klypetussen | 1942 | 17.07 | 55.58 |
Funksjonærløpet:
Funksj. | Gisle | Sellevold | IF Klypetussen | 1951 | 22.31 | 74.25 | |
Funksj. | Jon Karsten | Hustveit | IF Klypetussen | 17.43 | 65.20 | ||
Funksj. | Anette | Lauareid | IF Klypetussen | 19.00 | 64.12 | ||
Funksj. | Elisabeth | Sævareid | IF Klypetussen | 23.58 | 81.13 | ||
Funksj. | Synnøve | Sævareid | IF Klypetussen | 23.58 | 81.13 |