Ingressbiletet: Maryna Novik glad og smilande etter eit sterkt løp og løyperekord med 55 sekund 

Langs Åkrafjorden bur det omlag 130 menneske i fire små grender. Denne helga var dette talet mangedobla med glade menneske over alt. For uinvidde: Etne kommune ligg i Sunnhordland med grenser til Odda, Vindafjord og Sauda i sør.

"Kenneth Birkenes Marsjen"
"Kenneth Birkenes Marsjen" var eit nytt innslag i "Langs Åkrafjorden". To unge damer, Anne-Britt Grindheim og Jorunn Halsnes, starta innsamling til forsking på kreftsjukdomen Ewings sarkom. Kenneth Birkenes har overlevd og blitt friskmeld fire gonger frå denne sjukdomen. Han var med i TV-programmet "Ingen grenser" med Lars Monsen. Kenneth er frå Etne, kommunen som Åkrafjorden er ein del av..

Maryna knuste gamal løyperekord!
Maryna Novik, IF Klypetussen har uttalt at "Langs Åkrafjorden" er eit av favorittløpa hennar. Ho deltok i år for sjuande gong. 70 sekund bak løyperekorden for to år sidan var hennar beste prestasjon i den 11 km sterkt kuperte løypa. 

Maryna_Novik_mot_maal_IMG_0927.jpg
Maryna Novik mot mål etter å ha lagt alle menn så nær som éin,  bak seg. Her med Åkrafjorden i bakgrunnen, og 11 storkuperte kilometre i storslagen natur.

Thomas Finshus, Stegaberg IL, vann nok ein gong langs vakre Åkrafjorden
Thomas Finshus er alle arrangørars draum. Han held godt nivå, og kjem att og kjem att. Han hevar nivået på dei løp han stiller i. Smålåten i det meste, bortsett frå på løpinga.

Pallen_menn_IMG_0968.jpgPallen for menn: Thomas Finshus, med sjekken, Johnny Vea og Matias Berge 

"Bergprisen" 500 m nedover, 2400 motbakke 
Løpet startar med ca 500 m nedoverbakke, før det er 2400 m samanhengande motbakke. På høgaste punkt etter 2935 m (250 m.o.h.), vert "Bergprisen" delt ut til raskaste kvinne og mann. I år var det totalvinnarane som var fyrst også her. Dei fekk med seg eit flott HardangerBestikk  til ein verdi av kr 1400. Verdt å kjempa for.

Jentene i fleirtal!
Det har sikkert skjedd før; men i mine 46 år i fridretten, kan eg ikkje hugsa at jentene har vore i fleirtal i konkurranseklassen. 22 jenter og 21 gutar fullførte på tid. Eit lite tal, men opp 20 frå 2013. I tillegg registrerte me tre som sprang på tid utan å ville registrera seg i konkurranseklassen.


Rulleski_premier_IMG_0896_640x559.jpg
Ingvild Skare Thygesen intervjuast medan Tøres Rullestad står med vinnarsjekken som den raskaste på rulleski.

Rulleskirenn med Ingvild Skare Thygesen
Ingvild Skare Thygesen er ein god skiløpar og vart beste jente i rulleskirennet. Likevel er ho mest kjend for seieren i "Farmen". Bror hennar Torgeir, vart for øvrig nr 6 i NM-finalen på skisprint, så ho kjem frå ein skifamilie.
 
I tillegg stilte ti andre rulleskiløparar opp i dette prøvearrangementet utan startkontingent og klasseinndeling. Lovande Tøres Rullestad kom fyrst i mål på 14.45. Dette løpet var litt i underkant av 6 km med start og mål i målområdet for "Langs Åkrafjorden". 3 km ut i løypa frå mål og så i retur.

Rulleski_nr9_IMG_0888.jpg
Ein komande stjerne..?  11 deltok i det fyrste rulleskirennet.

Synnoeve_Saevareid_trekker_gavesjekk_IMG_0969.jpg
Synnøve Sævareid, leiar i arrangørklubben IF Klypetussen, med sjekken som skal trekkast blant alle deltakarane.

                      Braksuksess for "Kenneth Birkenes-marsjen"

Kenneth_Birkenes_og_arr-damer_IMG_0916.jpg
Kenneth Birkenes (i grønt) er mannen som har gitt navn til marsjen. Her spurtar han mot mål saman med dei to damene som startet opp marsjen. Kenneth Birkenes skaffet åleine kr 21.000 til kreftforskningen i lørdagens marsj.

Tre_glade_damer_IMG_0865.jpg
Masse godt humør blant marsjdeltakarane og stor glede over innsamlingsresultatet.

Sponsorgenser_IMG_0868.jpg
Minst 425.000 kr kom inn i innsamlinga til kreftsaken. Eit kjempebeløp for eit lite arrangement som i år blei stort. Kommunar, bedrifter og einskildpersonar  støtta heilhjarta opp om tilskipinga. Ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord kommune, og etneordørar Sigve Sørheim, deltok begge i "Langs Åkrafjorden".

Elvis_IMG_0855.jpg Alle var der: Også Elvis stod på for den gode saken.

Mye_haar_IMG_0870.jpg
Det var mykje moro og glede i "Kenneth Birkenes Marsjen".

Resultater frå løpsklassen i 11 km landeveisløp: 

Klasse: Startnr Namn E-namn Klubb Født BERG-pris MÅL


Kvinner:

J 13 1 Maria S. Medhus Røldal IL 2001   90.41
J 12 1 Madelen O. Lykkebø Røldal IL 2002   90.41
               
KS 1 Maryna Novik IF Klypetussen 1981 12.31 40.33
KS 2 Mariann Markhus Vevatne Etne IL 1982   49.43
KS 3 Lillian Nordengen   1981   58.49
KS 4 Carina Hornenes   1984   59.25
KS 5 Ann Mari Nordengen   1985   67.22
               
KV 35-39 1 Aud Elisabeth Stuhr Ny Von Sauda 1976   47.44
KV 35-39 2 Solgunn Vaa   1978   52.26
KV 35-39 3 Gro Anita Aa. Imsland   1975   53.25
KV 35-39 4 Helga Kjetland   1975   57.25
KV 35-39 5 Gunn Bastlien Sauda IL 1976   58.10
KV 35-39 6 Cecilie Bruåas   1975   65.53
               
KV 40-44 1 Grethe Tesdal Privat 1970   49.07
KV 40-44 2 Gunnvor S. Medhus Røldal IL 1974   56.48
KV 40-44 3 Agnes O. Lykkebø Røldal IL 1970   60.31
               
KV 45-49 1 Kirsti Sønstabø Spirit Stavanger 1966   46.38
               
KV 50-54 1 Astrid Espeland Sauda IL 1962   55.08
KV 50-54 2 Jane Myre   1961   58.56


Menn:

G 13 1 Matias Berge Stegaberg IL 2001 12.53 43.56
G 12 1 Bård Olav S. Medhus Røldal IL 2002   52.50
G 12 2 Vetle Lauareid Hovda IF Klypetussen 2002   54.17
               
G 15 1 Sondre Lauareid Hovda IF Klypetussen 1999   50.24
               
MS 1 Thomas Finshus Stegaberg IL 1988 11.27 39.35
MS 2 Kenneth Dragøy Haugesund TK 1983   44.57
MS 3 Ørjan Løhaugen IF Klypetussen 1984 13.34 46.58
MS 4 Nils Kristian Berge Røldal IL 1990   47.27
               
MV 35-39 1 Tor Arne Sandvik IF Klypetussen 1975   44.45
MV 35-39 2 Svein Åge Mikkelsen   1975   47.53
               
MV 40-44 1 Johnny Vea Haugesund TK 1972 12.19 40.46
MV 40-44 2 Tore Imsland   1970   49.14
MV 40-44 3 Michael Grøte Haugesund TK 1972   51.32
MV 40-44 4 Tobias Apostel Frankfurt, Tyskland 1974   57.18
               
MV 45-49 1 Trygve Gunnar Bj. Henriksen IF Klypetussen 1969 16.45 55.39
               
MV 50-54 1 Jens Tjøsvold Statoil BIL 1961   50.03
MV 50-54 2 Anders Tjøsvold Haugesund IL 1963   58.01
               
MV 55-59 1 Harald Måge IF Klypetussen 1954 16.47 54.20
               
MV 70-74 1 Gunvald Gundersen IF Klypetussen 1942 17.07 55.58


Funksjonærløpet:

Funksj.   Gisle Sellevold IF Klypetussen 1951 22.31 74.25
Funksj.   Jon Karsten Hustveit IF Klypetussen   17.43 65.20
Funksj.   Anette Lauareid IF Klypetussen   19.00 64.12
Funksj.   Elisabeth Sævareid IF Klypetussen   23.58 81.13
Funksj.   Synnøve Sævareid IF Klypetussen   23.58 81.13