Ingressbiletet: Jorunn Halsnes, Anne-Britt Grindheim og Kenneth Birkenes

Pengane går til forsking på den sjeldne kreftforma Ewings sarkom. Denne kreftforma har Kenneth Birkenes, fødd og oppvaksen i Etne, overlevd fire gonger. Det er det visstnok ingen andre i verda som har gjortr. No skal denne flotte summen bidra til forsking for om mogeleg knekka gåten med denne vonde sjukdommen. 

Kenneth frå "Ingen grenser" reiser rundt og kåserer
Kenneth Birkenes kjend frå fyrste året med "Ingen grenser" med Lars Monsen. Kenneth, den lange karen med orange topplue, er ein utruleg smilande og og likandes kar, trass alt det han har vore gjennom. 

To eldsjeler av format: Anne.Britt Grindheim og Jorunn Halsnes
Det heile starta med at Anne.Britt ikkje ville hoppa i havet under farsotten som gjekk i vinter og vår. Ho ville heller kle seg ut i klovnedrakt og samla inn pengar til kreftsaka på Etne senter i Sunnhordland. Jorunn som har blomsterforretning, ville vera med på det. Så samla dei inn fleire tusen til kreftsaka.

Vart utfordra i Langs Åkrafjorden
Utfordringa i etterkant var å starta i Langs Åkrafjorden, mot å bli sponsa for kvar av dei 11 km dei klarte å gjennomføra. Pengane skulle gå til vidare innsamling til kreftsaka.
Så kom ideen om "Kenneth Birkenes Marsjen". Så kom éin ide til, og éin til, og enda éin.....

Rekord-deltaking og rekord-innsamling
625 personar stilte til start 16. august - dobbelt så mange som den tidlegare rekorden.
Arrangøren, IF Klypetussen hadde også gjort eit godt førearbeid. Dei lova m.a. halve brutto startkontingenten til kreftinnsamlinga. Det åleine vart over kr 29000,- .
Kenneth Birkenes sjølv kom, og det vart ein folkefest utan like i Åkrafjorden. Ordførararar og bedriftseigarar møtte opp i tillegg til løparar, syklistar, turgåarar og rulleskigåarar.
Kr 465 000,- vart til slutt samla inn.
Sjekken vart overlevert Haukeland sjukehus i midten av september.

1393842_10152180685676481_7843054220423393281_n.jpg

Vinnar av Langs Åkrafjorden 2014.....
Kvinner: Maryna Novik,      IF Klypetussen  
Menn:    Thomas Finshus,  Stegaberg IL