Pernilla Epland, Stord IL og Maryna Novik, IF Klypetussen hadde eit forykande oppgjer i Tour de Stord, der Pernilla trekte det lengste strået til slutt. No skal dei begge etter sigende prøva å kvalifisera seg til 5000 m i NM på Askøy 29. - 31. juli. Då må dei under 18:00. Begge bør kunne klara det greit. 

Etter prestasjonane i Bruløpet på Stord var det kanskje fleire som kan klara å springa fort, og kan henda kvalifisera seg. Det er kjekt med store langdistansefelt. Baneløp er veldig eksakt, og ein kan alltid konkurrera med seg sjølv.

Stevnet på Stord

5000 m-kvalifisering i juni er smart
Ein veit aldri lenge i førevegen kva tilhøve det blir på konkurransedagen. Difor er det lurt å vera tidleg ute, slik at ein kan prøva seg igjen seinare om noko skulle gå skeis. Det fins stemne like før påmeldingsfristen går ut, men då er alt sett på spissen. Du MÅ klara kravet akkurat i det løpet. Det er ein risk å ta.

Stemnet måndag 13.6. har mange andre øvingar, og også 5000 m er ope for andre enn dei aller beste.

Sjå heimesida til Stord IL friidrett


stordlogo.png

Maryna_Novik.jpg
Maryna Novik, ei av jentene som vil prøva seg på NM-kravet.                         Arkivbiletet: Kondis/Sellevold

P.S. 
800 m for jenter i NM

Elles kan ein seia at 800 m for jenter under NM, vert spesielt interessant etter dei flotte tidene på Bislett Games 9. juni. Mange jenter som på ein god dag kan springa ned mot 2:00.