Tekst og foto: Johannes Børsheim, Strandebarm IL

Dette var ein fin auke i talet på deltakarar frå det fyrste løpet. Ein del av auken kom på grunn av fleire nye deltakarar frå Norheimsund, Øystese og Hålandsdalen. Det var både born og vaksne blant desse. I tillegg var det løparar som hadde teke turen frå andre stader - frå Fusa, Kvinnnherad og Bergen. 

Bjarte Rød frå Hålandsdalen kom inn på den sterke tida 15.17 i den fire kilometer lange løypa. Med det var han fjerdemann i mål. Raskast var Bjørnar Lillefosse som brukte 11.53. Elin Rød kom inn som andre kvinne på tida 17.35. Best av kvinnene var Johanna Mo frå Norheimsund føre Torild Kveberg frå Øystese. 

Det var topp løpsforhold denne fine novemberkvelden. Temperaturen var behageleg, og det heldt opplett. Etterpå var det tradisjonen tru trekking av gåvepremiar. Herlaug Kvamsøy frå Hatlestrand vann den gjevaste premien, som var eit gåvekort på 500 kr til bruk på Mo Sport i Norheimsund. 

Neste løp vert tysdag 25. november. Strandebarm Idrettslag håpar at so mange som mulig stiller opp også då!


RESULTAT

Bjørnar Sandnes Lillefosse 11,53
Knut Øystein Fosse 14,51
John Olav Måge 14,59
Bjarte Rød 15,17
Vebjørn Kveberg Opsanger 15,27
Embrik Børresen 15,30
Tor Børresen 16,12
Johanna Mo 16,29
Torild Kveberg 17,11
Kjell Egil Berge 17,33
Elin Rød 17,35
Ove Måge 17,40
Einar Opsanger 17,40
Oddvar Hjertaker 18,02
Tobias Græsdal Pedersen 18,14
Anders Rød 18,16
Sivert Håland 18,17
Ketil Karlsen 18,20
Thomas Aarseth 18,24
Irene Tangerås 18,24
Andreas Aarseth 18,26
Eirik Rød 18,26
Samuel Børsheim 19,16
Arvid Tangerås 19,27
Hans Arne Børsheim 19,32
Thor Arvid Pedersen 19,36
Lars Måge 19,41
Sondre Svåsand Måge 19,41
Rita Gjerde 19,45
Elisabet Børresen 20,06
Ingvard Nordtveit 20,31
Agnete Norheim Kaldestad 20,47
Mathilde Svåsand Mundheim 21,03
Liv Berit Eide 21,15
Preben Ekerhovd 21,20
Håkon Berge 21,31
Martin Aarseth 21,37
Herlaug Kvamsøy 22,04
Kristoffer Fosse 22,25
Magne Fosse 22,31
Vivi Irene Fosse 22,33
Teodor Græsdal Pedersen 22,34
Arthur Lillefosse 22,54
Celina Skogvoll 23,02
Lisa Svåsand Mundheim 23,58
Elisabeth Fosse 24,04
Vigdis Håland 24,26
Karen Matthiessen 24,26
Marit Linga 24,27
Janne Eik 24,37
Martine Nygård 24,37
Grete Hjertaker 25,05
Bodil Stranden 25,14
Lars Mundheim Oma 25,16
Eifrid Ekerhovd 25,35
Anne Christin Børsheim 25,42
Anette Kristiansen 25,52
Gunnar Nordhus 25,56
Ann-Marie Engevik 26,06
Mette Lammedal 26,28
Turid Lid 27,07
Maria Markhus 27,29
Trine Ekerhovd 28,14
Ragnhild Brattli 29,07
Bente Rosseland 29,24
Mona Måge 29,3
Nikola Diuzak 30,22
Delia Mundheim 30,38
Bente Sandnes Lillefosse 31,06
Silje Fosse 34,48
Kitti Marie Fosse 35,08
Tor Henrik Fosse 35,08
Kari Ljones 36,04
Bente Kvåle Skår 36,05
Elisabeth Skogasel 40,00
Amalie Svåsand Måge 41,26
Silje Kristin Svåsand 41,26
Solveig Måge 42,10

 
Feltet_DSC_1007.jpg
Mette Lammedal og Thor Arvid Pedersen har komme godt i gang med løpet sitt. 

20_og_3_DSC_1016.jpg
Einar Opsanger (20) og Ove Måge langar godt ut i den 4 km lange løypa. 

Ungdom.jpgI Vinterkarusellen i Strandebarm er òg dei unge godt representert. Anders Rød hadde 16. beste tid av alle.