Ny løyperekord i Hanguren Opp på Voss
Kristen Skjeldal har ikkje lenger løyperekorden i Hanguren Opp. Du hadde ikkje vunne mange kronene på oddsen om du hadde tippa at den nye rekorden tilhøyrer Jon Tvedt. Rekordtida 22.52 er 50 sek. betre enn den gamle. Også Øyvind Heiberg Sundby ( biletet ) på 2. plass sprang under den gamle rekorden til Skjeldal som vart nr. 3.
Den store overraksinga for dei fleste på Voss var Øyvind Heiberg Sundby ,Tjalve, som vart nr. 2 "berre" 37 sek. bak Tvedt og 48 sek. før Skjeldal. Sundby som er fødd og oppvaksen i Leikanger i Sogn brukte Hanguren Opp som gjennomkøyring til NM i motbakkeløp 28. juni. -Eit løp som burde passe han endå betre. Etter mykje regn var det i dag dessutan vått og glatt oppover i den brattaste delen av løypa har ein stigningsprosent på over 25%. Kanskje klarar Øyvind å springe seg rett inn på laget til VM i motbakkeløp 14. sept. i Crans Montana i Sveits ? Øyvind har vist tidlegare at han har talent for motbakkeløp og i NM løypa i Storehesten Opp får han dessutan betre uttelling for løpskapasiteten sin !
Det skal ikkje berre kjempast om NM-medaljer , men om heile kr. 64.000 i pengepremiar !

NM-løypa har ein løypeprofil som oppfyller krava til EM- og VM-løyper med omlag 10% stigning. Til neste år håpar eg at også Vossingane vil lage ei slik løype opp til Lønahorgi 1440 moh ! Det kan bli eit løp i verdsklasse og mykje meir enn ein spektakulær prolog til ekstremsportveko på Voss !

Sjå artikkel på Kondis.no om NM i Storehesten Opp som uttakingsløp til VM i motbakkeløp
%D8yvind+Heiberg+Sundby+kan+juble+for+ein+flott+2.+plass+kun+37+sek.+bak+Jon+Tvedt.+Her+har+%D8yvind+akkurat+kome+ned+i+Voss+Sentrum+med+Gondolbana.+TOPPstasjonen+for+Hangursbana+som+var+m%E5l+for+l%F8pet+ser+me+rett+over+hovudet+til+%D8yvind.+Foto+Chr+Presteg%E5rd
Øyvind Heiberg Sundby kan juble for ein flott 2. plass kun 37 sek. bak Jon Tvedt. Her har Øyvind akkurat kome ned i Voss Sentrum med Gondolbana. TOPPstasjonen for Hangursbana som var mål for løpet ser me rett over hovudet til Øyvind. Foto Chr Prestegård
Premiepallen+i+klasse+40-49+%E5r.+%0D%0AFr%E5+venstre+mot+h%F8gre%3A+Jon+Tvedt+Gular+Il%2C+Kristen+Skjeldal+Bulken+Il%2F+Voss+Friidrett+og+Kjetil+Dyrvik+Voss+IL.
Premiepallen i klasse 40-49 år. Frå venstre mot høgre: Jon Tvedt Gular Il, Kristen Skjeldal Bulken Il/ Voss Friidrett og Kjetil Dyrvik Voss IL.
Dei+tre+raskaste+damene+hadde++eit+rivande+spurtoppgjer+som+vart+vunne+av+15-%E5ringen+Hilde+Fenne%2C+Voss+IL+til+venstre.+Therese+Sjursen%2C+BFG+Fana+i+midten+fekk+same+tid+30.34+p%E5+andreplass.+Den+tidlegare+landslagsut%F8varen+i+skiskyting+Anne+Elvebakk+Linn%2C+Voss+SKK%2C+vart+nr.3+p%E5+tida+30.40
Dei tre raskaste damene hadde eit rivande spurtoppgjer som vart vunne av 15-åringen Hilde Fenne, Voss IL til venstre. Therese Sjursen, BFG Fana i midten fekk same tid 30.34 på andreplass. Den tidlegare landslagsutøvaren i skiskyting Anne Elvebakk Linn, Voss SKK, vart nr.3 på tida 30.40
Etter+m%E5lpassering+var+det+berre+s%E5+vidt+eg+rakk+%E5+ta+bilete+av+utsynet+fr%E5+Hanguren+630+h%F8gdemeter+over+startstreken+i+Voss+sentrum.+Foto+Christian+Presteg%E5rd+
Etter målpassering var det berre så vidt eg rakk å ta bilete av utsynet frå Hanguren 630 høgdemeter over startstreken i Voss sentrum. Foto Christian Prestegård
Dei+150+deltakarane+slapp+%E5+vente+lenge+p%E5+premieutdelinga+som+vart+leia+i+ein+rasande+fart+av+ein+entusiastisk+Dag+Lindebjerg+og+premieutdelar+og+l%F8psleiar+Tore+Tvilde.+Eg+kom+sj%F8lv+i+m%E5l+11+min+etter+Jon+Tvedt%2C+men+det+var+berre+s%E5vidt+eg+rakk+%E5+f%E5+p%E5+meg+t%F8rt+t%F8y+f%F8r+premieutdelinga+var+i+gang+%21+S%E5+raskt+kan+det+alts%E5+gjerast+n%E5r+alt+fungerer+%21
Dei 150 deltakarane slapp å vente lenge på premieutdelinga som vart leia i ein rasande fart av ein entusiastisk Dag Lindebjerg og premieutdelar og løpsleiar Tore Tvilde. Eg kom sjølv i mål 11 min etter Jon Tvedt, men det var berre såvidt eg rakk å få på meg tørt tøy før premieutdelinga var i gang ! Så raskt kan det altså gjerast når alt fungerer !
Sjå også førehands-reportasjen på kondis.no. Der finn du også meir info om den 3350m lange Hanguren Opp-løypa med 640 m stigning. Her stolar eg på høgdemålaren min som viste at løypa hadde 640 meter samla stigning. Det betyr at løypa har ei snittstigning på 19%. MEN 19% er feil tal å bruke for å beskrive denne løypa.

Dei fyrste 500-600 metrane gjennom Voss sentrum er flate og stigninga tek for alvor til fyrst etter 1 km. Den brattaste kilometeren er smal skogssti på jordunderlag og har ei stigning på omlag 30%. Her burde alle ha funne sin rette plass i feltet for det var ikkje lett å kome forbi. Det fekk eg erfare fordi eg bestemte meg for å åpne roleg denne gongen etter heilsprekken i Geiranger Halvmaraton forrige helg. Denne delen av løypa minna den meg om løypa i Skåla 1848m rett opp etter omlag 2km der den i omlag ein kilometer går bratt ( 30-35% !) opp på skogssti frå skogbilvegen.

Meir info og fullstendig resultatliste finn du på www.vossfriidrett.org

Då er det på tide å starte oppkøyringa og oppladninga til NM i motbakkeløp neste helg ved å lese reportasjane på kondis.no frå Storehesten Opp i 2007 og 2006

Og slik gjekk det i NM motbakkeløp 2007