Kondismedlem Sponset innhold
Olympiske_ringer

Den olympiske leiken – og steiken

Det heiter i ordtaket at «den som vil vera med på leiken, må tole steiken». Akkurat det er brasilianarane i ferd med å erfare. Dei arrangerte sist sommar olympiske leikar i hovudstaden Rio, og allereie eit halvår etterpå er mange av dei flotte anlegga i ferd med å forfalle.
Runar Gilberg (51) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgIfølgje ein reportasje i Aftenposten er stoda omtrent slik: «Golfbanen ligner mer og mer på en potetåker. Håndballarenaen er buret inn med stålstolper. Svømmebassenget er tomt og skittent. Og den ikoniske fotballarenaen Maracanã er vandalisert. Det er bare et halvt år siden OL i Rio de Janeiro, men arven fra lekene er allerede i alvorlig fare. Bilder av falleferdige arenaer sprer seg på nettet - og har fått stor oppmerksomhet i store nyhetsmedier over hele verden.»

Fattigfolk som vart tvangsflytta for å gi plass til arenaer og vegar, er enda meir misnøgde no enn det dei var før leikane. Dei enorme OL-investeringane har bidratt til å gjera den økonomiske krisa i Brasil større. Pengar til å ta vare på idrettsanlegga eller til å forbetre vilkåra til dei fattige er ikkje å oppdrive. 

Ungdoms-OL
Eit halvår før Rio-OL vart ungdoms-OL arrangert på Lillehammer. Den statlege støtta var på 252 millionar kroner, og eit viktig argument for støtta var at ungdoms-OL ville bidra til utviklinga av breiddeidrett for ungdommar gjennom det såkalla ungdomsløftet. 

No har doktorgradsstudent ved Norges idrettshøgskole, Anna-Maria Strittmatter, undersøkt kva som skjedde med ungdomsløftet og breiddesatsinga i etterkant av ungdoms-OL. Konklusjonane hennar er ikkje oppløftande: 

«Eit av dei mest brukt argumenta for å få store idrettsarrangement, som OL eller VM, er at om folk har eit så stort arrangement i sitt eige land, så vil dei verte inspirert til sjølv å begynne med idrett. Men det finst inga forsking som beviser det», fortel Strittmatter i eit intervju med nih.no

Ikkje breiddeidrett
Ho har heller ikkje sett nokon slik effekt etter ungdoms-OL.

«Eg har snakka med særforbund og kretsar, og det ser ikkje ut til at dei har fått fleire unge utøvarar på grunn av ungdoms-OL. Men så var jo fokuset i ungdoms-OL også på toppidrett, ikkje breiddeidrett.»

Det er langt frå Rio til Lillehammer, men idrettsleik for spreke ungdommar og unge vaksne fekk vi i fullt monn begge stader. Begge stader kosta det òg pengar å arrangere, og som vanleg brukte tilhengjarane av leikane fine ord som byutvikling og breiddeidrett som argument for å få styresmaktene til å løyve pengar. 

Dessverre ser det ut til at dei fine orda er veldig lite verdt. OL er toppidrett. Breidda og byen sit att med rekninga.


(Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 2 - 2017)

Siste kondiskommentarer