Miriam Berg Hovda og Øystein Sylta først i mål
Knarvikmila viste seg endå ein gong å vera den største mosjonistfesten på desse kantar. I alt var over 5000 med på ein eller fleire aktivitetar. Fire dagar til endes med løp for einkvar smak, fasong og alder vart avslutta med fem- og tikilometersløpet søndag. Øystein Sylta sikra seg nok ein førsteplass i hard konkurranse med Terje Aggvin på tikilometeren. Miriam Berg Hovda frå Haugesund vann dameklassa framfor Kjersti K. Danielsen. Bjarte Vik og Sara-Rebekka Færø vann femkilometeren.


Terje Aggvin er først når det er 9,5 km att, men Øystein Sylta kjem seg forbi og vinn med 3 sekund. Tidene vart hhv 31.26 og 31.29. Øystein Sylta vann ekstremløpet i går. I tillegg til å vinne begge løpa, innkasserte han sigeren i Knarvikmila Dobbel. Her er det ikkje berre beste tider som gjeld, resultatet vert justert med ein faktor for alder etter internasjonale veterantabellar.



Kristian Jarnung tok tredjeplassen på 32.02.



Miriam Berg Hovda var beste dame på 37.31. Reinert Rinvold kom inn på 37.32.



Kjersti K. Danielsen hadde ekstremløpet i beina, men tok likevel andreplassen på 39.08.



Asbjørn Hønsi frå Vik sprang på 39 minutt. Det heldt til 4. plass i klasse 40-44.



Hege Eikemo er på veg opp siste kneiken. Kurt Hatten har krefter på lager, og kjem seg i mål 7 sekund før Hege som kom inn på 39.08 og tredjeplass.



Barbro Ramsdal frå Haugesund får sluttid 40.52.



Lena Selen Kvinge inn til 4. plass i seniorklassen på 41.17.



Bente Midtun frå Osterøy (fremst) kjem inn på 41.13. Norunn Stavø frå Florø vart nr. 3 på ekstremløpet. I dag vart det 41.20 og 3.plass i klassen 45-49.




Karoline Kvinge var nr 2 i 17-18 årsklassen med 41.43.



Svenske gjester set farge på Knarvikmila.



Dobbel-løpar Elisabeth Seim og Fredrik Seliussen



Liv Astrid Losnegaard er beste dame på Knarvikmila Dobbel etter ekstremløpet på 55.26 og dagens på 46.02.



Georg Kåre Kongsvik kom på 3. plass i klasse 12-14 år.



Sondre Hølleland og Robin Vågstøl kom inn på hhv 4. og 5.plass i 12-14 år.

Resultatlister

Samleside Knarvikmila
Var du med på 10 km? Her er kanskje eit bilete av deg: Starten på 10 km