Sjå bilder HER av dei beste på Stoltzens heimeside

Klikk her for fleire bilder frå www.varegg.no/stoltzen

Dei seks beste kvinner:
(1): Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, 9.56
(2): Kirsten Melkevik Ottrebu, BFG Fana, 9.58
(3): Zsuzsa Fey, IL Tyrving, 11.10
(4): Helen Martinsen, Gular, 11.44
(5): Hilde Håkenstad, Øystre Slidre IL, 11.46
(6): Ammy Karlsen, Bergenslærerne, 11.52

Dei seks beste menn:
(1): Jon Tvedt, Il Gular, 8.25
(2): Øystein Sylta, Sk Vidar, 8.32
(3): Tormod Tjørnhom, Ik Tjalve, 8.49
(4): Hallvard Nilsen, Gular, 8.54
(5): Kristen Skjeldal, Bulken IL, 9.00
(6): Bernard Kiplagat, Kenya, 9.01

Alle resultater

"Kongen" av Stoltzen, Jon Tvedt klarte å halde unna for utfordraren Øystein Sylta som no for alvor pustar Tvedt i nakken også i favorittbakken hans. No er det mange som vil satse på motbakkeløp for å bli med på oppturen også internasjonalt. Dette gjeld ikkje minst nr. 3 Tormod Tjørnhom som etter løpet lova å trene meir motbakkar i vinter for å kvalifisere seg for det norske laget til EM i motbakkeløp i Frankrike 9. juli neste år. Tormod blei også nr. 3 i årets NM i motbakkeløp i Ørsta.

På damesida jaktar Anita og Kirsten på 2 damer til EM-laget ! No må det være særs attraktivt å bli med Anita og Kirsten til neste års EM i motbakkeløp der det faktisk er eit realistisk mål å ta medalje i EM for lag i tillegg til at både Anita og Kirsten har vilje og evne til å hevde seg heilt i teten. Anita sa etter 4. plassen i VM at ho vil heilt til topps i EM 2007! ..og dette seier ei sympatisk dame på 38 år frå Øystre Slidre som ikkje er kjent for å ta munnen for full.. 2007 kan bli eit praktfullt år for Noreg internasjonalt. I år hadde Noreg teke VM-gull for lag dersom vi hadde hatt ei dame som kunne springe 2 min. saktare enn Kirsten og teke 22. plassen. Kirsten blei nr. 8 i VM.

Bildereportasjen nedanfor ber preg av at Kondis' medløpande reporter var utstyrt med lånt kamera der teknologien svikta og mange av motiva vart uråd å få til å "henje" på linsa i regnværet. Stor takk til Jan Kocbach for at eg har fått bruke nokre av bildene som han tok. Det står Jan Kocbach under bildene hans.
Dei tre raskaste damene. Frå venstre Kirsten , Anita og Zsuzsa
Foto+Christian+Presteg%E5rd
Foto Christian Prestegård
Dei to raskaste menn . Øystein og Jon
Foto+Christian+Presteg%E5rd
Foto Christian Prestegård
Kirsten Melkevik Otterbu, BFG Fana, gjekk hard ut og leia etter 4 min. I mål var ho kun 2 sekundar bak Anita
Foto+Christian+Presteg%E5rd
Foto Christian Prestegård
Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, viste igjen ryggen til alle konkurrentane
Foto%3A+Christian+Presteg%E5rd
Foto: Christian Prestegård
Zsuzsa Fey, Ungarsk landslagsløpar i orientering som representerer Tyrving
Foto%3A+Christian+Presteg%E5rd
Foto: Christian Prestegård
Jon Tvedt ville vinne. 40-åringen ga alt og vann på tida 8.25, kun 12 sekundar bak sin eigen løyperekord frå 1995
Foto+Jan+Kocbach
Foto Jan Kocbach
Stoltzen blei for bratt for 18-åringen Bernard Kiplagat frå Kenya som løp inn på 9.01 og 6. plass totalt
Etter+l%F8pet%2C+p%E5+flyturen+tilbake+til+Oslo%2C+sa+Kiplagat+at+denne+bratte+l%F8ypetraseen+var+han+uforberedt+p%E5.+Han+klarte+ikkje+%E5+stokke+beina+i+den+%5C%22ulendte%5C%22+stupbratte+traseen+med+snittstigning+p%E5+34%25.+Det+blei+nesten+eit+sjokkarta+m%F8te+med+Stoltzetrappene.+Neste+helg+skal+han+l%F8pe+den+lynraske+og+lettl%F8pte+motbakkel%F8ypa+i+Mosviksenderen+Opp+%28+sj%E5+artikkel+p%E5+kondis.no+29.+sept.%29+og+der+vil+han+nok+f%E5+meir+glede+av+sine+evner+til+%E5+springe+fort.+Det+er+Frank+Evertsen%2Cmann+til+Anita%2C+som+har+henta+opp+Kiplagat+til+Noreg+for+%E5+l%F8pe+2+motbakkel%F8p.+Foto+Christian+Presteg%E5rd
Etter løpet, på flyturen tilbake til Oslo, sa Kiplagat at denne bratte løypetraseen var han uforberedt på. Han klarte ikkje å stokke beina i den \"ulendte\" stupbratte traseen med snittstigning på 34%. Det blei nesten eit sjokkarta møte med Stoltzetrappene. Neste helg skal han løpe den lynraske og lettløpte motbakkeløypa i Mosviksenderen Opp ( sjå artikkel på kondis.no 29. sept.) og der vil han nok få meir glede av sine evner til å springe fort. Det er Frank Evertsen,mann til Anita, som har henta opp Kiplagat til Noreg for å løpe 2 motbakkeløp. Foto Christian Prestegård
Karsten Måkestad , Odda Kommune, vinn kl. 50-54 år på tida 10.36
Foto+Christian+Presteg%E5rd
Foto Christian Prestegård
Kristen Skjeldal løp på 9 blank og blei nr. 6 totalt
Foto%3A+Christian+Presteg%E5rd
Foto: Christian Prestegård
Sander Terum, Aurland, vann klasse gutar 12-14 år på tida 10.16 !
Foto+Jan+Kocbach.%0D%0AImponerande+tider+av+dei+yngste.+Det+var+berre+5+sekundar+mellom+dei+tre+breste+i+yngste+klasse.+Sander+Terum+vann+p%E5+tida+10.16.+H%E5kon+Westerg%E5rd+p%E5+2+pl.+sprang+opp+Stoltzen+p%E5+10.20+og+Eivind+%D8ygard+p%E5+3.+pl.+fekk+tida+10.21.+
Foto Jan Kocbach. Imponerande tider av dei yngste. Det var berre 5 sekundar mellom dei tre breste i yngste klasse. Sander Terum vann på tida 10.16. Håkon Westergård på 2 pl. sprang opp Stoltzen på 10.20 og Eivind Øygard på 3. pl. fekk tida 10.21.
Med mål i sikte blir det 100% innsats og stor fartsauke inn mot mål i det ulendte terrenget
Foto+Christian+Presteg%E5rd
Foto Christian Prestegård
Erik Hovlandsdal , kl. 15-17 år, spring i mål på 10.33
Foto+Christian+Presteg%E5rd
Foto Christian Prestegård
Joel Dyrhovden , Samnanger, vann kl. gutar 15-17 år på tida 9.10 !
Foto+Jan+Kocbach%0D%0AI+%E5r+m%F8tte+fjor%E5rets+klassevinnar+Morten+Westerg%E5rd+%2C+Varegg+Il.+sin+overmann+i+Joel+Dyrhovden.+Morten+blei+nr.+2+og+fekk+med+det+same+plassering+som+broren+H%E5kon+i+yngste+klasse.+Om+det+skulle+vere+nokon+tvil.+Far+til+H%E5kon+og+Morten+er+Stoltzen-arrang%F8r+Owen+Westerg%E5rd.+Der+har+ikkje+eplet+ramla+langt+fr%E5+stammen+%21
Foto Jan Kocbach I år møtte fjorårets klassevinnar Morten Westergård , Varegg Il. sin overmann i Joel Dyrhovden. Morten blei nr. 2 og fekk med det same plassering som broren Håkon i yngste klasse. Om det skulle vere nokon tvil. Far til Håkon og Morten er Stoltzen-arrangør Owen Westergård. Der har ikkje eplet ramla langt frå stammen !
Tormod Tjørnhom , IK Tjalve, blei nr. 3 på tida 8.49
Foto+Jan+Kocbach
Foto Jan Kocbach
Øystein Sylta , Sk Vidar, sprang 17 sekundar raskare opp Stoltzen i år enn i fjor. I fjor vann Øystein . I år blei han nr. 2 på 8.32
Foto+Jan+Kocbach
Foto Jan Kocbach
Anita har marginane på si side i Stoltzen. I fjor vann ho med 1 sekund over Kirsten Størmer Steira. I år vann ho med 2 sekundar over Kirsten Melkevik Otterbu
Foto+Jan+Kocbach
Foto Jan Kocbach