Ikkje like perfekte forhold som i fjor, men likevel brukbart løpsvêr i den 11. utgåva av Osterøybruløpet sundag 30. september 2007. Deltakarane har opplevd langt verre tilhøve enn 13 grader og lett sidevind denne siste helga i september. Totalt deltok 261 i det nøyaktig 3000m lange løpet, 81 av dei på tid.

Før årets løp stod Bjarte Vik med fem sigrar på sju forsøk, og kunne med siger tangera Brit-Helen Simmenes sine seks sigrar i løpet. Berre Nils Engevik (1997) og Hallvard Nilsen i fjor har klart å springa i frå ostringen dei siste metrane inn mot bompengebua på Kvisti. I år har ein lagt om til autopass, og kanskje var det dét som inspirerte Bjarte Vik til ekstra innsats inn mot mål. Uansett fekk han revansje for fjorårstapet etter ein langspurt som såg ut til å gje både Vik og Nilsen mjølkesyre langt ut i hårtuppane.

Kanonløp i beina

- Ein fair fight der den beste løparen i dag vann, meinte Hallvard Nilsen etter løpet. Gularløparen såg ikkje ut til å vera hemma av kanonløpet sitt på 8.51 opp Stoltzekleiven dagen før.

Han vart teken litt på senga av Viks energiske opningsfart over brua, men tok igjen heimefavoritten eit par hundre meter inne på fastlandet. Dei siste par hundre metrane inn mot vending dalte farten noko, og Hallvard Nilsen tok etterkvart over føringa. 37-årige Bjarte Vik la seg rutinert i rygg opp motbakken til øvste punkt på brua, før han trakka gassen i botn siste 500m.

- Det var frykteleg langt inn mot mål. Veldig lenge kjendest det som oppløpssida på ein 800m. Herleg å nå mållinja først her på heimebane, slo Bjarte Vik fast.

Ostringen kom inn på 8.49, medan Hallvard Nilsen, opprinneleg frå Arna, fekk 8.50. Løyperekorden til Bjarte Vik frå 2002 er på 8.29.

- Tidsmessig litt bak det vi hadde håpa på, men begge er vi godt fornøgde med tanke på skadeproblema vi har hatt i år, oppsummerte Vik og Nilsen etter løpet. I fjor fekk dei 8.37 og 8.39, berre med rollene snudd om.

Christer Vonheim frå Ask, ein gjengangar på pallen i Osterøybruløpet, tok 3.plassen i årets løp med 9.23.


Gode tider

I dameklassen vart det ikkje fullt så spennande om pallplassane, men dei tre i teten oppnådde alle tider mellom dei beste damene til no i løpets 11 år gamle historie. Vinnaren Hilde Aasheim persa frå 11.54 til 10.32, medan 49-årige Bente R. Midtun vart like bak persen med 10.53. Også Elise Orten frå Fri har oppnådd formidabel framgang denne sesongen, og persa med over halvminuttet til 11 blank. Alle dei tre beste damene sprang Stoltzekleiven opp dagen før. Her fekk Elise Orten best tid av dei tre med 11.51, nesten minuttet føre Hilde Aasheim. Oppover og bortover er med andre ord to ganske ulike ting i løparverda.


Fullstendig resultatliste og bilete:

Osterøy IL

Tekst:
Osterøy IL