Trond Nymark gjekk frå halve elitefeltet
10 grader og vekslande vêr med opplett og regn. Det 10. eliteløpet med ny deltakarrekord 47 stk. Arrangør: Osterøy IL og Bruvik UL.
Rapport fra Bjarte Vik
I sin aller første sesong som friidrettsutøvar slo Ask-talentet Tord Erik Solberg til med siger i Bjarte Viks Eliteløp på Osterøy. Arrangørklubbens Brit-Helen Simmenes viste seg også utilnærmeleg på slutten. Men mest av alle imponerte nok kappgjengaren Trond Nymark med den knallsterke tida 19.12 på 5046 meter.


Om løyperekordane fekk stå, vart det i alle fall ny gledeleg deltakarrekord med 46 startande på ein dag med mange millimeter i nedbørsmålaren til Vidar Simmenes i arrangørstaben. Heldigvis stoppa regnet då startskotet small, og med 8-10 grader og ein ørliten vind i ryggen, var løpsforholda rimeleg gode innover den smale og svingete asfaltvegen mellom Vik og Bruvik.

- Få ting er så artig som å slå folk som løper, skreiv Trond Nymark på heimesida (www.trondnymark.no) si før løpet. Det blei ein artig føremiddag for den nybakte pappaen, som imponerande nok gjekk frå dei fleste springande i eliteløpet. Frå før stod Nymark med 19.01 som personleg rekord på 5 km kappgang landeveg og 19.40 på bane. Han var difor godt fornøgd med tida 19.12 på 5046 meter – rett nok i ei løype med litt for mykje nedoverbakkar til å godkjennast i Kondis sine statistikkar.


Foto: Vidar Simmenes
Det ble deltakerrekord i den 10. utgaven Bjarte Viks Eliteløp
Klubbduell

Fjorårets sterke tettrio Morten Velde, Terje Aggvin og Kjetil Foss Angeltvedt stod av ymse grunnar over årets eliteløp. Også førehandsannonserte Fri-junioren Lars Bakke, vinnaren av 5 km i Furumomila sist helg, måtte melda forfall. Dermed var det duka, som så mange gonger før, for eit durabeleg oppgjer mellom løparar i Osterøy IL og Ask Friidrett i herreklassen.


Osterøys Bjarte Vik stod frå før med 7 av 9 sigrar i løpet med det for han velklingande namnet. Frå første meter la 39-åringen ut i eit jamt og hardt tempo for å koma under 15 minutt – den magiske grensa som for så mange norske 5000m-løparar skil mellom suksess og fiasko. Ask-løparane Tord Erik Solberg og Christer Vonheim la seg begge på hjul, medan Terje Simmenes frå Osterøy var litt meir varsam i opningstempoet. Fram til passering 3 km låg Vik og Solberg likt med skjemaet til 15 blank. Christer Vonheim låg då nokre meter bak.


Foto: Vidar Simmenes

Gode tider

I kvinneklassen held Pernille Thomassen i BFG-Fana følgje med førehandsfavoritten Brit-Helen Simmenes på dette tidspunktet. Kirsten Melkevik Otterbu var oppteken med å setja ny løyperekord i Hytteplanmila denne dagen, og i hennar fråver kan ingen hordalandsløparar tukta Pernille og Brit-Helen på lange løp. Trass i usedvanleg støle bein etter deltaking i 24-kampen to veker før, med 24 friidrettsøvingar på eit døgn, drog medaljegrossisten Simmenes frå inn mot mål. Gode tider vart oppnådd med 17.12 i vinnartid og 17.27 på Pernille Thomassen. Også tredje kvinne i mål, Annette Bru i Osterøy IL, imponerte med tida 18.45.



Foto: Vidar Simmenes



Spurtsterk Ask-junior

Herreklassen vart først avgjort i nedoverbakken siste 100m inn mot no nedlagte Bruvik Handelslag. Dessverre dabba tempoet for mykje på nest siste kilometer. Sjølv om dei to i teten la bak seg siste 1000 på under 3 blank, vart vinnartida for første gong på 15-talet. Ikkje heilt uventa var Tord Erik Solberg raskast i spurten, og sprang inn på 15.11, eitt sekund føre Vik. Ei lovande tid for Ask-løparen som til dagleg kombinerer trening med tømrarjobb. NM-kravet på 5000m er 14.59.99, og erfaring tilseier at eliteløpet tilsvarar det ein er god for på 5000m bane. Christer Vonheim fekk også ein etterlengta opptur med tida 15.48, i god avstand til Terje Simmenes på 16.03. Vel 20 sekund bak han vart det eit durabeleg spurtoppgjer mellom Kjetil Dyrvik, Brigt Strømmen og Helge Vestrheim, der oppgjeret enda i den rekkjefølgja. Verd å merkja seg er det også at fotballspelaren Bjarte Vik Larsen fekk tida 17.28, ei sterk tid for ein som enno ikkje har fylt 14 år.

Barneløpet samla ikkje dei store massane i år. Svært gledeleg er det likevel at fleire tidlegare deltakarar i barneløpet, no stiller opp og spring 5 km i eliteløpet.


Meir informasjon og fleire bilete kan sjå på Osterøy IL si heimeside på www.osteroyil.no (friidrett).


Resultatliste
Menn


15.11 Tord Erik Solberg
15.12 Bjarte Vik
15.48 Christer Vonheim
16.03 Terje Simmenes
16.25 Kjetil Dyrvik
16.26 Brigt Strømmen
16.27 Helge Vestrheim
17.05 Harald Olsnes
17.11 Ole Andre Austevoll
17.16 Jan Roar Solberg
17.28 Bjarte Vik Larsen
18.30 Eirik Vestrheim
18.38 Jørgen Tvedt
18.45 Eirik Vestrheim
18.45 Josef Zigmuntowicq
18.57 Kjetil Bruvik
19.12 Trond Nymark GÅ
19.43 Petter H Sæbø
20.19 Gisle Fotland
20.22 Kim Rune Bruvik
20.29 Magne Vikne
20.54 Joar Vik Larsen
20.55 Alexander Ommedal
21.03 Bjarte Lohne
22.00 Jostein Hesjedal
22.58 Jan Hesjedal
23.20 Oddvar Sæterdal
24.08 Geir Atle Mjelde
24.38 Arild Fotland GÅ
24.38 Erling Andersen GÅ
26.52 Johannes Melve
27.03 Kristian Olsen
29.43 Jakob Skjold Olsen
30.00 Tor Monsen

Kvinner
17.12 Brit-Helen Simmenes
17.27 Pernille Thomassen
18.45 Anette Bru
19.26 Bente R Midtun
20.08 Eli Simmenes
20.27 Elise Vikne
20.49 Hanne Liland
23.03 Solveig S Fotland
26.00 Randi Kleppe
30.00 Camilla B Hauge
30.00 Marie Hesjedal
33.14 Marie Vikne
33.15 Veronika Olsnes