Det vart mange gode tider i år. May Britt Buer, Harding IL slo den gamle løyperekorden til Kjersti Simpson Larsen, frå 2005, med heile 37 sekund. Synne M Vinsnes frå Gular heldt lenge følgje med May Britt og var berre 25 sek. bak - også under den tidlegare løyperekorden.

Kristen Skjeldal vert visst berre betre og betre i motbakkane og sprang 18 sekund fortare enn si tidlegare bestetid. Slutttida på 23.22 er berre 30 sek. bak løyperekorden til Jon Tvedt frå 2008.

Vi merka oss ein stor andel unge løparar i motbakkane, både gutar og jenter, i guteklassa 12-15 år var det heile 13 løparar med, ein færre enn i veteranklassa der vinnaren Kristen Skjeldal stilte.

Alle resultat.
Her er bileta frå solskinnsløpet på Voss. Første del er fotografert like under Mølstertunet, andre del like før mål:




Odd Arild Løseth frå Høyang starta friskt og var nr 2 ved Mølstertunet, men vart innhenta av ein del fleire på vegen opp. Sverre Slethaug vart nr. 2 i mål med 24:32.



Kjetil Dyrvik frå Voss er nok ein av dei flittigaste motbakkeløparane på desse kantar. Han vann klasse 45-54 år på 26:25.



Nr. 79 er Eivind Flatlandsmo som vann klasse 18-19 år. Bak kjem Eirik Finne som vann klasse 16-17 år, og Åsmund Årsland som vart nr 4 i klasse 18-19 år.



Helge Vestrheim frå Varegg og Arild Een frå Ørnar. Arild Een vart nr 3 totalt og vann klasse 20-34 år.



Ole-Petter Soltvedt vart nr. 2 i klasse 45-54 år.



Marius Prestegård frå Voss, nr 3 i klasse 18-19 år.



Nr. 37 er Harald Hauso frå Fana, nr 62 er Nikolai Hanevik frå Bulken.




Hilde Fenne var ikkje i vanleg form denne dagen, men vi reknar med ho er motivert for å henta innatt løyperekorden ved neste høve.



Sivert Fenne vart nr 6 i klasse 16-17 år



Kristen Skjeldal viste kven som er sjefen og kom i mål 50 sekund føre nr. 2.



Sverre Slethaug frå Fana IL, nr. 2 totalt på 24:32. Han vart også nr 2 i klasse 35-44 år.



Erlend Drivenes frå Tørvikbygd, nr 2 i klasse 18-19 år.



May Britt Buer på veg i mål til ny løyperekord. Bak kjem Kjell Raa frå BFG Fana som vart nr 3 i klasse 45-54.



Synne Visnes spring inn til ein flott andreplass på 28:33.



Olav Haugo frå Voss IL vann klasse 12-15 år med 28:59.



Therese Sjursen frå BFG Fana, nr 3 av damene på 29:07.



Karoline Finne, nr 4 av damene og vinnar av klasse 16-17 år på 29:37.



Nr 49 er Sindre Hirth og nr 73 Magnus Haugo, begge i klasse 12-15 år.



Nr 21 er Jarand Lid Trøen og nr 75 Sivert Fenne, dei sprang i hv 12-15 år og 16-17 årsklasse.

Foto ved Mølstertunet: Oddny Ringheim, ved mål Jan Ringheim



Dei to sønene til Kristen Skjeldal venta på toppen. Foto:Randi Rolfsnes