Internasjonale toppduellar i Nuten Opp, Rosendal 9. august
Sundag 9. august kan publikum oppleva internasjonale idrettsstjerner på nært hald under fjelløpet NutenOpp, som i år er minneløp for Jon Tvedt. På startstreken står også i år seks gonger verdensmeister i motbakkeløp Jonathan Craig Wyatt (biletet) frå New Zealand. Han får knalltøff konkurranse av m.a. to kenyanske toppløparar. Kondis.no er der!

John Sompol (21) vart i 2007 nr. 3 i Obudu Mountain Race i Nigeria, verdas rikaste motbakkeløp med pengepremiar på 1,6 millionar. Løpet samlar kvart år verdas beste motbakkeløparar. John Sompol er godt kjent med norsk fjelløping og har i år m.a. delteke i Storehesten Opp og Vetenløpet. Begge løpa resulterte i siger og forbetring av Jon Tvedt sine gamle rekordar med henholdsvis 1,44 og 2,04 minutt.

Sammy Kurui (22) er òg ein glimrande løpar, god på bane, såvel som gate- og terrengløp, og omtrent like god som John Sompol i motbakkeløp. Sammy har i år sprunge 10 000 m på 27,53 minutt.

Elles er Sunnhordland sin storløpar frå siste halvdel av 1980-talet, evigunge Oddmund Roalkvam (51), Stord IL påmeld. Han har i år delteke i fleire motbakkeløp, og teke innersvingen på mange yngre utøvarar. Terje Aggvin frå Varaldsøy, som 12. juli representerte Norge under EM i motbakkeløp i Austerrike, har òg gjeve melding om at han stiller.

I kvinneklassen deltek rekordhaldar Antonella Confortola, Italia. Ho vil m.a. møta hard konkurranse frå sterke Marit Årthun, Matre IL.

Det er også god påmelding frå lokale løparar, og vi ynskjer enno fleire velkomen.

Ordinær påmeldingsfrist er 5. august, med høve til etteranmelding fram til laurdag 8. august!

NutenOpp har elles bestemt at kr 20 av kvar startkontigent skal overførast til Jon Tvedt sitt minnefond!

Sidan NutenOpp i år er minneløp for Jon Tvedt, er vi svært glade for at Ingebjørg Tvedt, mor til Jon, har takka ja til å dela ut premiar, og at Øyvind, Jon sin bror, stiller til start. Vi håpar elles at mange vil delta i tur og mosjonsklassen, vera med å kasta glans over Jon Tvedt sitt minne og skapa god stemning ute i løypa.

NutenOpp har i år omlag kr 40 000 i pengepremiar + mange flotte og verdifulle gåvepremiar.

Løpet markerar elles avslutting på Rosendal FjellStreif, eit tre dagars aktivitets, natur, mat- og kulturarrangement. Streifet blir offisielt opna på stemneplassen Hestasletto fredagskvelden av eventyraren Randi Skaug, den fyrste norske kvinna på toppen av Mount Everest (2007). Etter opninga blir det bygdevandring med lokalhistorikaren Kaare Skaala.

For meir info, program og påmelding, besøk; http://www.fjellstreif.no/

For spørsmål/meir info, kontakt:

Jostein Hatteberg

Rosendal FjellStreif Tel 489 94 213

John Sompol og Sammy Kurui i duell Kraftprovet for 14 dager siden. Foto: Per Inge Østmoen