Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Vinterkarusellen i Strandebarm, 4. løp 15.desember 2009

Det fjerde løpet i årets Vinterkarusell gjekk av stabelen tysdag 15. desember. Dette var julaløpet, og vart avslutta med pepperkaker og gløgg. Også nissen dukka opp. Han hadde med seg ein god sekk med mandariner og twist til store og små. Nissen har det travelt for tida, men kom heldigvis på Vinterkarusellen. Han går no inn i den mest hektiske perioden i heile året.

Det slo om til kaldvèr tidlegare på dagen, so det hadde isa enkelte stader. Men riksvegen var salta og var helst fin å springe på. Banemannskapa hadde arbeida med den delen av løypa som går inne på Strandebarm Idrettspark. Denne var også salta og strødd. So stort sett var den fire kilometer lange løypa fin å springe på. Mange tok det litt rolegare enn elles, sidan det kunne vere glatt. Men nokon sette òg ny pers, bl.a. Audun Tangerås, Mette Lammedal, Inger Marie Hanstveit, Valdemar Børresen, Knut Øystein Fosse og Mikal Børsheim.

Raskast av kvinnene var Frida Berge frå arrangørklubben på tida 15,45. Denne gongen hadde ho ikkje konkurranse av Solveig Torsvik frå Øystese, som ikkje var tilstades. Etter Frida kom Inger Marie Hanstveit, Torill Gjerde, Elisabet Børresen, Malene Bergtun og Monica Skogvoll. Blant mennene var det Ove Måge som var raskast på 14,48. Syskjenbarnet hans John Olav Måge kom inn på 15,07. Vidare kom Eirik Leirstein, Lars Måge og Knut Øystein Fosse.

Etterpå var det tradisjonen tru, utlodning trekt på startnummer. Ein av premiane er den eksklusive t-skjorta med vinterkarusellmotiv. Den vart vunnen av Ann Kristin Leirstein frå Mundheimsdalen. Hovudpremien er eit gåvekort kr. 500,- som kan nyttast på Mo Sport i Norheimsund. Dette vart vunnen av John Svahn frå Tørvikbygd. John har bak seg nok ein fin løpssesong både på veg og på bane.

Med dette er årets Vinterkarusell halvvegs. Etter nyttår ventar fire nye mosjonsløp med start og mål på Strandebarm Idrettspark. Friidrettsgruppa i Strandebarm Idrettslag ynskjer alle vinterkaruselldeltakarar og andre, ei velsigna god jul.
Publisert | Oppdatert
Artikkelen fortsetter under annonsen