Svein+Ove+Risa+dreg+framf%F8re+Thomas+Solberg+Eide%2C+Jonny+Kibsg%E5rd+og+Martin+Johnsen.++
Svein Ove Risa dreg framføre Thomas Solberg Eide, Jonny Kibsgård og Martin Johnsen.
Alle foto: Torbjørn Fjeldheim

Det vart oppnådd mange gode resultat i dei fleste klassane frå 13 til 70 år. Kristine Eikrem Engeset sprang 2 km på 6.57 og var 26 sekund framføre klubbvenninna i Skjalg, Victoria Sæland. Sterk springing var det òg av Kristin Rasdal Håland og Lene Rørvik som fekk 7.25 og 7.28.

Berre 10 sekund skilte dei fire beste i seniorklassen for menn der løypa var 3 km. Thomas Solberg Eide vann på 9.27 og var to sekund framføre Jonny Kibsgård. Begge to meldte før sesongen overgang frå Korlevoll til Haugesund, og det kan sjå ut som dei går mot ein sterk sesong. Det gjorde òg far til Thomas, den gamle storløparen Svein Erik Eide. Han sprang godt og vart beste veteranløpar med tida 9.52.

Alle resultat
Svein Erik Eide - raskast av veteranane
Han tok NM-gull på 12 km terrengløp i 1995, og framleis kan Svein Erik Eide springe. I veteranklassen fekk han inga drahjelp, men tida vart likevel berre 25 sekund svakare enn vinnartida i seniorklassen.
Idyllisk på Bryne
Med blenkjande vatn i bakgrunn spring 14-åringen Helge Dahl frå IL Skjalg med eitt år yngre Tobias Våge Henriksen frå Haugesund IL på hjul.
Jenter 18-19 år klar til start
Det er ikkje kvardagskost at så mange jenter stiller til start i klasse 18-19 år i eit KM. Men så er jo òg Rogaland løpsfylke nummer ein i Noreg.
Malin Høisæter i flott driv
Det var jamt i 14-årsklassen med berre tre sekund mellom dei fire første. Malin Høisæter heldt unna og var først i mål.