Ingressbiletet: sikt mot Fjæra inst i Åkrafjorden

Ei lita bygd med stor entusiasme
Heilt nedst i artikkelen kan du lesa om alt som skjer i pinsa i den vesle bygda med om lag 250 menneske. Løypa går på grus og asfalt - opp og ned. Ho er målt til 3.2 km.

Løpet går alltid pinseaftan
Åkraløpet går alltid laurdagen før pinsedag. I 2015 er det for 25. gong. Med Kondis si lokalkunne, så er det Kurt Reidar Jegteberg som har vore løpsgründer. Han har óg fått fram kjempegode volleyballag frå den vesle bygda. Og har for det store arbeidet han har lagt ned i den idretten, fått kulturpris frå Hordaland Volleyballkrets. 

Me tviler på om han har fått noko som helst frå friidrettskretsen... Men dei har vel ikkje høyrt om hans store arbeid med friidrett og mosjon. 191 menneske er deltakarrekord på Åkraløpet. Altså i ei bygd med 250 innbyggarar. 
Lars Emil Berge og Bjørn Rune Bergane er andre sentrale personar i tilskipinga.

Noregsmeister og ein med skalpen til Anders Aukland...
Marit Årthun er norsk meister på maraton. Ho er busett i denne vakre grenda. Ho har 45 m frå gangdøra heime, for å koma ned i løypa. Det har óg Vegard Årthun Bergane. For det er nemleg den særs talentfulle sonen til Marit. Han vart for 4 - 5 år sidan nr to i Langfoss Opp, bak Thomas Vestbø, men føre Anders Aukland, Han har vandra Noreg frå Lindesnes til Nordkapp på 59 dagar. Ein spanande personlegdom.

Vegard Årthun Bergane.jpg Løyperekordhaldar Vegard Årthun Bergane
 
 IMG_7892_Marit_Aarthun.jpg
Løyperekordhaldar Marit Årthun          (Kondis arkivbilete)

Aukland og Vegard.jpg
Thomas Vestbø, Anders Aukland og Vegard Årthun Bergane. Bak dei ser me Åkrafjorden. Foto: Kondis/Gisle Sellevold.

Desse to har løyperekordane i Åkraløpet.
Marit Årthun 11.34 og Vegard Årthun Bergane 10.13

Vakre_aakrafjorden.jpg
Åkrafjorden er 30190 m lang, 656 m djup og farleg i stormfulle tider - og særs vakker. Foto:Kondis/Gisle Sellevold

Postkassestativ.jpg
På den 15 km lange vegen oppe i fjellsida frå ferjekaien på Matre (difor Matre IL), fann kondis dette flotte postkassestativet. Foto: Gisle Sellevold/Kondis

Premier_barn_640.jpg
Fin premiering til alle i Åkraløpet

Premieutdeling_damer_jenter_640.jpg
Det blar å vera berrføtttemperatur i Åkraløpet.      Foto: Kondis/Gisle Sellevold

Start_voksne_Akraloepet.jpgVegard Årthun Bergane startnummer 90.

Pinsehelga 2015
 

Program for pinsehelga 2015
 

Pinsehelg i Åkra og på Baugstranda 2015

 

Fredag 22. mai kl 19.30: Bygdakveld Baugstranda

- Ordførar Synnøve Solbakken kjem

- Rømmegraut

- Quiz

- Song v/Fjordtrall

- Lysbilete v/John Inge Brendeland

Laurdag 23. mai (pinseafta):

Føremiddagen: Sandvolleycup ved Åkra skule.

- Mix-lag, 3 personar pr. lag.

- Påmelding før tysdag 19.05. til Amund Furdal, tlf. 957 68 192.

- Sal av grillmat.

Ettermiddagen - Åkraløpet:

- Trimklasse kl. 13.00.

- Aktive kl. 14.00.

- 25-årsjubileum!

- Kiosksal.

- Påmelding før start.

Kl. 18.00: Workshop Åkra skule:

- «Korleis vedlikehalde eit levande bygdesamfunn?» v/Eli Janette Fosso

Me håpar flest mogleg vil bli med på workshop og middag. Både bygdafolk,

tilreisande og dei som vil flytta hit.

Kl 20.00: 2 rettars middag frå Elin`s matgleder,

 kr 250,-

- Påmelding på middag/workshop til Anne Grethe Berge før 18. mai på tlf. 938 95 748.

Kl 22.00: Open pub på Sjøbuo kafé

Søndag 24. mai (1. pinsedag):

Kl. 08.00: Roarane startar frå Fjæra.

Påmelding til Trygve Øvstebø før 18. mai, tlf 917 35 864.

Kl. 12.00: Båtane kjem til Øyro.

Underhaldning og sal av lapskaus. (kr. 100,-)

Sjøbuo kafè sel kaffi og kaker.

Kl. 14.00: Gudsteneste i kyrkja v/Egil Larsen.

Kl. 15.00: Konsert i kyrkja v/Sondre Bratland og Sigbjørn Apeland. Billett kr. 150,-

Måndag 25. mai (2. pinsedag):

- Kl. 11.00: Rundtur med start frå Baugstranda bygdahus, via Bauge – Hovda – Svelland.

- Kontakt Erik Johan Furdal, tlf. 908 79 935.

 

MATRE IL VIKA KRAFT AS ÅKRA BONDELAG HARDANGERFJORDMAGASINET

Foto: Ingeborg Skålnes

For meir info: Facebooksida til Åkra bygdalag/ www.aakrabygda.info