Runar Gilberg (51) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgOg vonleg sette vi oss andre og meir realistiske mål enn Rio-tur. Som å springe vår første – eller femtiande – maraton, som  å klare merket i Birken eller rett og slett begynne å sykle i staden for å køyre bil til jobben. Kan hende nådde vi målet, kan hende kom vi til kort. Kan hende ville vi for mykje – og vart skada. Kan hende ville vi for lite slik at vi stod undertrena og overvektig på startstreken, viss vi i det heile tatt kom så langt. 

Like før jul såg eg ein film om fjellkongen Kilian Jornet der han sette seg som mål å gå på ski / springe over sju av dei høgste fjella i Romsdalen på ein dag. Kameraten gav seg halvvegs medan Kilian heldt fram før han òg måtte gi seg da det kom for mange lause delar ned da han skulle opp på eit av dei brattaste fjella. 

Såg han på det som eit nederlag? Dømte han seg sjølv hardt for å ha sett seg eit urealistisk mål eller for å ha undersøkt for dårleg på førehand? Gav han opp prosjektet – som for vanskeleg? 

Nei, tvert imot såg han på det at han ikkje klarte det som noko positivt. Han hadde hatt ein lang og herleg dag ute i den storlagne naturen, og det at han ikkje fekk gjort alt han hadde hadde eit håp om å gjera, gav han nye sjansar til å utforske. Om lag halvparten av turposjekta sine rekna han med ikkje ville gå, og det var aldri noko nederlag og måtte gi seg når forholda vart for farlege eller krevjande. Set ein seg høge mål, må ein samstundes vera audmjuk og innsjå at ein kan trengje både to og ti forsøk før ein når dei. Dersom ein i det heile tatt gjer det. 

Klarer vi å nå målet, så er det berre å feire og vera glad. Vi fekk det til. Men heller ikkje når vi ikkje lukkast, er det grunn til mismot. Da har vi heilt sikkert fått gode sjansar til å lære og masse erfaring vi kan ta med oss inn i neste forsøk. Å feile er slettes ikkje farleg. Det farlege er å miste motet å gi opp – eller å vera så høge på oss sjølve at vi må kamuflere at det ikkje gjekk. 

Eit av sesongmåla mine var å halde meg skadefri. Det gjekk sånn nokolunde bra fram til mai. Så kom smellen. Eg humpa eg meg vidare, men no når berre nokre dagar av 2016 står att, må eg vedgå at eg ikkje klarte det målet. 

Men eg vonar at eg har lært iallfall litt, og at 2017 kan bli eit av dei beste ikkje-olympiske åra hittil. Med mange mål, heilt sikkert nokre nederlag, kanskje ein og annan sigeren og masse leik i godt lag. 

Ein månad etter første forsøket klarte Kilian Jornet å ta seg over alle dei sju Romsdals-tindane på mindre enn eit døger. 
 


Salomons film om Kilan Jornets tindeprosjekt i Romsdalen