Dale IL og Bergsdalen UL arrangerer i samarbeid med Voss Sykleklubb på Daledagane i år for fjerde gongen ”Bergsdalen Opp”, eit motbakkerenn, -ritt og løp. Rennet går på rulleski, rittet på sykkel og løpet til fots. Distansen er frå Dale til Storefossen, ca 4 km med jamn 10% stigning på asfaltert veg, frå Dale og opp vegen til Bergsdalen, der det til dels er svært luftig utsikt.
Nytt av året er at det blir ein klasse for unge syklistar, klasse 13-16 år. Denne klassen er utan tidtaking, og Bergsdalen opp er dermed vorten betre tilrettelagt for sykkelfamiliar.
Stoltzekongen Thorbjørn Ludvigsen er påmeldt i år. Han planlegg å bruka denne sommaren på å springa ein del av dei løpa han ikkje har vore med på før, i tillegg til at han skal springa internasjonale vertikalløp.
Det vert pengepremiar for første gong i tillegg til vanleg premiering, kr 3000 for herre- og damevinnar både i løp og rulleski.
Løpet er også i år ein del av Oppturcupen, ei samling motbakkeløp på Voss og i omlandet.
Rennkontoret er ved den nye idrettshallen «Turbinen» ved BKK.
Les meir på nettsida «Bergsdalen Opp» som er oppdatert med informasjon: http://www.daleil.org/?PageID=
190
Sjå tidlegare reportasjar frå løpet:
Kondis-reportasje 2014
Kondis-reportasje 2013
Kondis-reportasje 2012
Fra Bergsdalen opp 2014. Foto: Jørgen Pettersen
Bli med på Bergsdalen opp 6. juni!
Løp, rulleski eller sykkel, 400 meter stigning på 4 kilometer.
Artikkelen fortsetter under annonsen