Dale IL og Bergsdalen UL arrangerer i samarbeid med Voss Sykleklubb på Daledagane i år for fjerde gongen ”Bergsdalen Opp”, eit motbakkerenn, -ritt og løp. Rennet går på rulleski, rittet på sykkel og løpet til fots. Distansen er frå Dale til Storefossen, ca 4 km med jamn 10% stigning på asfaltert veg, frå Dale og opp vegen til Bergsdalen, der det til dels er svært luftig utsikt.

IMG_4577.jpg

Nytt av året er at det  blir ein klasse for unge syklistar,  klasse 13-16 år. Denne klassen er utan tidtaking, og Bergsdalen opp er dermed vorten betre tilrettelagt for sykkelfamiliar. 

Stoltzekongen Thorbjørn Ludvigsen er påmeldt i år. Han planlegg å bruka denne sommaren på å springa ein del av dei løpa han ikkje har vore med på før, i tillegg til at han skal springa internasjonale vertikalløp.

Det vert pengepremiar for første gong i tillegg til vanleg premiering, kr 3000 for herre- og damevinnar både i løp og rulleski. 

Løpet er også i år ein del av Oppturcupen, ei samling motbakkeløp på Voss og i omlandet.

Rennkontoret er ved den nye idrettshallen «Turbinen» ved BKK.

Les meir på nettsida «Bergsdalen Opp» som er oppdatert med informasjon: http://www.daleil.org/?PageID=190

Sjå tidlegare reportasjar frå løpet:
Kondis-reportasje 2014
Kondis-reportasje 2013
Kondis-reportasje 2012