Du kan konkurrere på tid eller gå i turklassen og vere med på løyperebusen til Sund turlag. Løpet starter og ender ved Glesvær kafè, med påmelding og premieutdeling i naustet til Bakke. Parkering på baksida av kafeen. Det er laga ein ny sti frå enden av Vodlavegen over til Porsvikavegen. Alle får saft og deltakarpremiar når dei kjem i mål, og det blir også trekt ut premiar på startnummera. 

 

Løpet er eit samarbeid mellom Glesnes ungdoms- og idrettslag og Sund turlag og sponsa av Glesvær rorbuer, Glesvær kafè, Sotra fiskeindustri og Bogen fiskeri A/S.

Påmelding frå kl. 11.30 i naustet til Bakke ved Glesvær kafè.

Forhåmdspåmelding før 29.10 kl 12.45

Følg Glesværløpet på FB


dameklassen2.jpg
Topp 3 2014, Cecilie Landro 2. plass, Lena Benjaminsen 1. plass og veteranen Ragnhild Korneliussen på 3. plass. Foto Oddny Ringheim / Kondis


START:

• Kl. 12.15 Turklasse

• Kl. 12.45 Konkurranseklasse ungdom (opp til 15 år)

• Kl. 13.00 Konkurranseklasse vaksen

 

Deltakaravgift.

Konkurranseklasse /vaksne
Påmelding ved start kr. 250,-

Ungdom (t.o.m. 15 år)
Påmelding ved start kr. 200,-

Turklasse
Vaksne: kr. 70,-
Barn: kr 50,-