Loading

Buer og Berland vann Hangurslia Opp

May_Britt_Buer_101_IMG_0629_Hangurslia_opp_78x101
Kristen Skjeldal kom først til mål, men måtte likevel sjå seg slegen av ungguten Asbjørn Berland i Hangurslia Opp. Raskast av kvinnene var May Britt Buer i motbakkeløpet som vart arrangert på Voss 3. oktober.

På grunn av ei trafikkulukke kom ein del av deltakarane for seint til start, og Asbjørn Berland var ein av dei som fekk lov å starte i eige pulje. Da Kristen Skjeldal kom til mål som førstemann var han budd på kva som kunne skje.

- Dette gjekk bra det. Eg er omlag 20 sekund etter personleg rekord som eg tok for om lag fire år sidan. Men ver merksame på desse som kjem i neste pulje, sa Skjeldal i målområdet til Avisa Hordaland.

Og ikkje så lenge etterpå viste det seg at 18 år gamle Asbjørn Berland hadde brukt 15 sekund mindre tid. I kvinneklassen hadde May-Britt Buer 16 sekund til gode på Pernille Thomassen medan berre 15 år gamle Synne Mala Visnes vart nummer tre.

Hangurslia Opp er eit heller kort motbakkeløp. 200 høgdemeter skal forserast på 2,5 km, og vinnaren brukte i overkant av 10 minutt. I alt fullførte 80 løparar Hangurslia Opp, som òg var siste løpet i Oppturcupen på Voss. Cupen vart vunnen av Synne Mala Visnes og Kristen Skjeldal.

 Resultat dei ti beste uavhengig av klasse    Menn 

1 Asbjørn Berland, FIL AKS-77 		10:08
2 Kristen Skjeldal, Bulken IL 		10:23
3 Arild Een, IL Ørnar 			10:52
4 Brigt Strømmen, IL Fri 		10:55
5 Claus Sellevoll, IL Norna-Salhus 	10:58
6 Leif Bjørn Grindedal, Feios 		11:00
7 Einar Trefall Eksingedalen, Modalen 	11:03
7 Vebjørn Turtveit, Voss IL 		11:03
9 Kjetil Dyrvik, Voss friidrett 	11:10
10 Åsmund Aarsand, Ulvik IL 		11:12
  Kvinner 
1 May Britt Buer, Harding IL 		11:47
2 Pernille Thommasen, BFG Fana 		12:03
3 Synne Mala Visnes, IL Gular 		12:20
4 Marit Iden, Åsane Cykleklubb 		13:37
5 Hege Djukastein, Bulken IL 		13:52
6 Annvor Nestås, Bulken IL 		14:03 
7 Lise Custers Nedrebø, Voss IL 	14:24
8 Ingvild Berlandstveit, Hålandsdal IL 	14:26
9 Anne Grete Haugen, IL Viljar 		14:36
10 Marianne Soltvedt, Voss IL 		14:42

Alle resultat

  • Digg this
  • Delicous
  • Friendfeed
  • Tips en venn
  • Skriv ut