I NM terrengløp sist helg var situasjonen ein annan. Da tok Idland sølv og Gebreysus kom på niandeplass, 24 sekund bak Gjesdal-løparen. Det vekte likevel ein del misnøye i Skjalg-leiren at Gebreysus ikkje vart teken ut til å springe på førstelaget til Rogaland i stafetten i NM terreng.

Dabayaa Gebreysus kjem frå Somalia, men har vori med i Skjalg-miljøet sia 2002. I vinter har han trena bra, og langdistansemiljøet i klubben er vorti forsterka av at Knut Erik Rame, Kjetil Gjøvåg og Bernt Eltervåg har meldt seg inn.

Bersevatnet Rundt har ein heller kupert trasé på grusvegar i Bjerkreim, og løpet gjekk i år i flott vårvêr. Bak Gebreysus og Idland følgde Risa-brørne Svein Ove og Jarle. Kvinneklassen vart vunnen av Katja Palm Løvslett, som òg spring for Skjalg.