|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Olav Kleiveland hadde Trygve Dahl på hjul store deler av løpet, forspranget på knapt halvanna minutt fekk han på dei siste 4-5 kilometrane. Astrid Dahle hadde drahjelp frå Dag Kjetil Lægreid lenge, men sprang frå i den siste bakken på 17-18 kilometer, og nådde å hente inn Dag Leidevåg også før mål. Astrid Dahle vann Fitjar Halvmaraton også i fjor, men har forbetra tida si kraftig i år. Klart til start på Fitjar Idrettspark. Etter ca 3 km: Olav Kleiveland med Trygve Dahl rett bak. Mads Simonsen og Astrid Dahle Odd Wilhelm Olsen Gunnar Eikill og Guro Landa Eikeland på veg gjennom Fitjar sentrum. Magnus Næss og Kristian G. Ytreland Bodil Melkevik Wiktor Jansen Svein Rasmussen Gunnhild Haukeland Dag Leidevåg 16 km: Astrid Dahle og Dag Kjetil Lægreid Gunnar Eikill Mads Simonsen og Bodil Melkevik på veg mot mål Det var premie til dei tre beste menn og kvinner uansett klasse, og eit fat til den kvinne eller mann som har flest poeng etter veterantabellane. Denne premien, som var ny i fjor, må vinnast 3 gonger før den kan setjast i premiehylla for godt. Bak frå venstre: Nr. 3 Dag Leidevåg, nr. 1 Olav Kleveland og nr. 2 Trygve Dahl. Framme frå venstre nr. 2 Oddny Ringheim, nr. 1 Astrid Dahle og nr.3 Bodil Melkevik som har fått første napp i fatet som er bestemannspremie etter veterantabellane. Foto: Jan Ringheim |