Langrenns-eliten dominerte i Bergstoppen Opp på Gjøvik
Kristin Størmer Steira og Jørgen Aukland (ingressbildet) vann det fyrste motbakkeløpet på Gjøvik 27. sept. Det 6 km lange løpet med 370m samla stigning blei ein suksess i det praktfulle haustværet med vel 100 deltakarar og meir enn 1000 tilskodarar som laga ei flott stemning heilt til topps på Bergstoppen !
Det 6 km lange motbakkeløpet på Gjøvik har gjort seg bemerka med årets tyngste løpsnamn: NorEngros Johs. Olsen løpet. ( Eg kallar løpet Bergstoppen OPP !). Her skulle sponsorane fram i lyset ! Sjølve løypa ,derimot, er blant dei lettaste motbakkeløpa i Noreg med ein høgdeskilnad mellom start og mål på kun 310 meter og ein gjennomsnittleg stigningsprosent på kun 5%.

Løypa starta i sentrum av Gjøvik, omlag 125 moh, og målgangen var på Bergstoppen, omlag 435 moh. Den fyrste kilometeren opp frå sentrum gjekk på asfalt, resten i skogen/lysløype og noko grusveg. Etter vel ein kilometer gjekk løypa rett opp alpinbakken Hovdebakken som har 19 grader stigning, og frå toppen av alpinbakken gjekk det rett utfor med et fall på omlag 60 meter på 500m. Iflg. høgdemålaren min hadde løypa ei samla samla stigning på 370m.


Dei 9 raskaste kvinnene:
1. Kristin Størmer Steira, IL Forsøk 27.24,4
2. Liv Inger Bjerkreim Nilsen, Bækkelaget Sportskl. 28.13,5
3. Marit Bjørgen, Rognes IL 28.23,8
4. Kristin Stemland, Byåsen IL 29.41,2
5. Marthe Katrine Myhre, Gjøvik Skiklubb 29.53,8
6. Ingri Aunet Tyldum, Overhalla IL 29.58,6
7. Ingvild Flugstad Østberg, Gjøvik Skiklubb 29.59,2
8. Sigrid Aas, Tverrelvdalen 30.34,5
9. Vibeke Skofterud, Slitu IL 30.41,3


Dei 9 raskaste menn:
1. Jørgen Aukland, Oseberg: 24.35,7
2. Tore Ruud Hofstad, Lillehammer Skiklubb 24.53,9
3. Martin Johnsrud Sundby, Røa IL 24.54,9
4. Inge Kristoffersen, Vind IL 25.09,9
5. Tor Erik Schellerud, Vind IL 25.13,3
6. Simen Østensen, Fossum 25.27,4
7. Eivind Flugstad Østberg, Gjøvik Skiklub 25.33,3
8. Erik Kurland Olsen, IL ROS 25.37,0
9. Petter Soleng Skinstad, Vind IL 25.48,0


Alle resultater nederst i reportasjen
Foto%3A+Tommy+Gullord%2C+Oppland+Arbeiderblad.+J%F8rgen+Aukland+var+den+siste+av+TOPP-l%F8parane+som+meldte+seg+p%E5%2C+men+han+vart+derimot+den+som+kom+fyrst+til+topps+p%E5+tida+24.35%2C7.+%0D%0A
Foto: Tommy Gullord, Oppland Arbeiderblad. Jørgen Aukland var den siste av TOPP-løparane som meldte seg på, men han vart derimot den som kom fyrst til topps på tida 24.35,7.
Praktfull og variert løype. Flott atmosfære. Topp nasjonal elite-deltaking, men altfor få mosjonistar og vetanløparar
Det er ikkje ofte motbakkeløparar opplever å bli tiljubla av så store mengder tilskodarar dei siste 600-700 metrane opp til mål som på Bergstoppen. Det var reine Tour de France-stemninga ( Sjå bildene !)

Arrangøren, Norsk utvikling as og Gjøvik skiklubb, hadde sikra seg god PR for arrangementet ved at den norske langrenns-eliten hadde lagt inn deltaking i løpet som avslutning på treningssamlinga på Gjøvik. Dette trakk massevis av tilskodarar, men altfor få deltakarar.

I løpsinvitasjonen inviterte arrangøren DEG til å måle kreftene mot langrenns-eliten. Denne utfordringa var det nesten berre topp-trente unge idrettsutøvarar med stor overvekt av skiløparar som hadde sagt ja til.

Aldri har eg tidlegare delteke i eit motbakkeløp med så høgt nivå blant deltakarane og aldri tidlegare har eg relativt sett hatt så få deltakarar bak meg i mål. Rett nok er eg blitt 52 år, men eg er jo i betre form enn eg har vore dei siste 12 åra. Men i dette løpet var det ikkje lagt opp til at vi "gamlingane" skulle delta for her var eldste klasse 50 år +, og det var berre 4 av oss som hadde meldt oss på. Til samanlikning var heile 45 av 200 deltakarar over 50 år i årets NM i motbakkeløp i Turtagrø-Fanaråken Opp. 20 var over 60 år og eldste deltakar var 78 år ! I Skåla 1848m rett opp var meir enn 100 over 50 år og 43 over 60 år av dei 525 deltakarane i konkurranseklassane.

Neste år bør arrangøren følgje dei vanlege klasseinndelingane med 5 års klassar frå 40 år og oppover t.o.m. 70-74 år, Eldste aldersklasse bør være + 75 år og ikkje + 50 år. Då kjem nok veteranane strøymande til løpet i alle aldersklassar. For ein 50 åring skal ikkje konkurrere i same klasse som ein 60-, 69- el. 70-åring.

I år hadde nok ikkje arrangøren fokus på å få med den eldre generasjon og mosjonistane.
I år skulle arrangementet gjerast kjent og det har Tom Henning Hovi & Co i arrangementsstaben lukkast betre med enn dei fleste andre arrangørar. Det er ikkje mange som har klart å få både TV2-sporten og NRK TV-sporten til å sende frå eit nystarta løp uansett kva løps-kategori det er snakk om.

Kondis.no gratulerer med flott PR for motbakkeløping. Noreg teng fleire slike raske og varierte motbakkeløyper i bynære områder, som også har publikumsappell, for å sikre vidare positiv vekst og utvikling av ein idrett som er på kraftig Opptur: MOTBAKKELØPING
Foto%3A+Tommy+Gullord%2C+Oppland+Arbeiderblad.+Kristin+St%F8rmer+Steira+vann+i+suveren+stil+med+49+sekundar+ned+til+nr.+2+Liv+Inger+Bjerksreim+Nilsen.
Foto: Tommy Gullord, Oppland Arbeiderblad. Kristin Størmer Steira vann i suveren stil med 49 sekundar ned til nr. 2 Liv Inger Bjerksreim Nilsen.
Foto+Christian+Presteg%E5rd.+%0D%0AKirsten+og+J%F8rgen+fekk+kr.+5.000+kvar+som+raskaste+kvinne+og+mann.+I+tillegg+fekk+dei+som+alle+andre+klassevinnarar+ein+stor+ryggsekk+fr%E5+Bergans.
Foto Christian Prestegård. Kirsten og Jørgen fekk kr. 5.000 kvar som raskaste kvinne og mann. I tillegg fekk dei som alle andre klassevinnarar ein stor ryggsekk frå Bergans.
Foto+Tommy+Gullord%2C+Oppland+Arbeiderblad.+Tore+Ruud+Hofstad+gav+alt+dei+siste+metrane+for+%E5+sl%E5+Martin+Johnsrud+Sundby+i+kampen+om+2.+plassen+og+klatre+det+med+eit+sekund+%21%0D%0A
Foto Tommy Gullord, Oppland Arbeiderblad. Tore Ruud Hofstad gav alt dei siste metrane for å slå Martin Johnsrud Sundby i kampen om 2. plassen og klatre det med eit sekund !
Foto+Tommy+Gullord%2C+Oppland+Arbeiderblad.+Simen+%D8stensen+fekk+sitt+store+internasjonale+gjennombrot+og+OPPTUR+som+skil%F8par.+Her+spring+han+OPP+til+Bergstoppen+som+nr.+6%2C+52+sekundar+bak+J%F8rgen+Aukland%0D%0A
Foto Tommy Gullord, Oppland Arbeiderblad. Simen Østensen fekk sitt store internasjonale gjennombrot og OPPTUR som skiløpar. Her spring han OPP til Bergstoppen som nr. 6, 52 sekundar bak Jørgen Aukland
Foto+Ole+Ivar+Lihagen.+Vibeke+Skofterud+tauar+her+p%E5+dagens+raskaste+mann+over+50+%E5r+Torodd+Lybekk.+I+m%E5l+var+Skofterud+3+sekundar+bak+Lybekk.+I+dag+hadde+eg+sj%F8lv+bestemt+meg+for+%E5+henge+p%E5+Torodd+s%E5+lenge+det+gjekk+og+det+klarte+eg+til+midt+i+den+bratte+alpinbakken+etter+omlag+1%2C5+km.+Multisportut%F8varen+Torodd+har+hatt+klippekort+p%E5+1.+plassane+i+Motbakkel%F8p+rundt+om+i+Noreg.+Han+var+ogs%E5+den+suverent+raskaste+l%F8paren+over+50+%E5r+i+%E5rets+NM+i+motbakkel%F8p+i+Turtagr%F8-Fanar%E5ken+Opp.+
Foto Ole Ivar Lihagen. Vibeke Skofterud tauar her på dagens raskaste mann over 50 år Torodd Lybekk. I mål var Skofterud 3 sekundar bak Lybekk. I dag hadde eg sjølv bestemt meg for å henge på Torodd så lenge det gjekk og det klarte eg til midt i den bratte alpinbakken etter omlag 1,5 km. Multisportutøvaren Torodd har hatt klippekort på 1. plassane i Motbakkeløp rundt om i Noreg. Han var også den suverent raskaste løparen over 50 år i årets NM i motbakkeløp i Turtagrø-Fanaråken Opp.
Foto+Tommy+Gullord%2C+Oppland+Arbeiderblad.+Lars+Ohren+vann+klasse+40-49+%E5r+som+dagens+mest+suverene+klassevinnar.+Med+tida+26.12%2C9+var+han+nesten+5+minuttar+f%F8r+nr.+2+i+m%E5l.%0D%0A
Foto Tommy Gullord, Oppland Arbeiderblad. Lars Ohren vann klasse 40-49 år som dagens mest suverene klassevinnar. Med tida 26.12,9 var han nesten 5 minuttar før nr. 2 i mål.
Foto+Tommy+Gullord%2C+Oppland+Arbeiderblad.+Ungdommen+stormar+fram+og+OPP+i+motbakkel%F8pa+over+heile+Noreg+med+imponerande+prestasjonar.+Her+vinn+Vegard+%D8lstad%2C+Gj%F8vik+FIK+kl.+13-16+%E5r+p%E5+tida+26.27%2C2.+Erlend+Aamodt%2C+Bagn+Il+var+1+min.+og+44+sek+bak.
Foto Tommy Gullord, Oppland Arbeiderblad. Ungdommen stormar fram og OPP i motbakkeløpa over heile Noreg med imponerande prestasjonar. Her vinn Vegard Ølstad, Gjøvik FIK kl. 13-16 år på tida 26.27,2. Erlend Aamodt, Bagn Il var 1 min. og 44 sek bak.
Praktfullt utsyn og vidsyn utover Gjøvik og Mjøsa frå Bergstoppen 435 moh.
Det lettløpte terrenget rundt Bergstoppen og Øverby Skistadion inspirerte Kondis.no sin utsendte medarbeidar til å legge inn nokre ekstra kilometer etter løpet for å sondere terrenget. Bergstoppen Opp er eit godt døme på at det kan arrangerast praktfulle motbakkeløp opp til flotte utsiktspunkt i bynære områder utan at det må være snakk om fjelltoppar på over 1000m !

Kondis.no takkar OPPLAND ARBEIDERBLAD ved Tommy Gullord for bildene og godt samarbeid. Eg deltok sjølv i kurranseklassane og då skal det godt gjerast å klare å springe så fort at eg kan ta bilder av dei beste ved målpassering. Det er det kun Jon Tvedt som gjer. Etter målpassering i NM Motbakkeløp 2007 tok han opp fotoapparatet frå sekken og tok bilder av Kristen Skjeldal som kom på 2. pl og dei som kom like bak.

Dette kan du sjå i TV-programmet om Jon Tvedt som kjem i Faktor på måndag 1. oktober kl. 19.55. ÅRET DET VAR SÅ BRATT heiter prgrammet som du kan lese meir om her på kondis.no/motbakke.
Året det var så bratt på NRK TV1, 1. oktober

Oppland Arbeiderblad har markert seg som ei av dei aller beste avisene i Noreg når det gjeld å dekke den kondisjonsidretten som veks mest i Noreg: MOTBAKKELØP. Det har dei også ein særs god grunn til ettersom den tripple NM-vinnaren og årets Europa- og Verdsmeistar i Motbakkeløp Anita Håkenstad Evertsen kjem frå Beitostølen i OPPLAND !
Alle resultat for konkurranseklassane. Totalt 93 fullførande
K 13-16 år

1 Kjersti Herberg Biri IL 32.10,3
2 Kristine K Torgersen Vind IL 33.11,2
3 Karoline Mittet Brøste ØTS 33.56,1
4 Barbo Kvåle Brandbu IF 35.14,1
5 Marianne Bratlien Vind IL 36.01,0
6 Kamilla Mittet Brøste ØTS 38.08,3
7 Maren Karlsen Vind IL 38.46,2
8 Marthe Ruttenborg Gjø-Vard O-lag 38.57,8
9 Anita Bergli Nordre Land 41.43,4


K 17-29 år

1 Kristin Størmer Steira IL Forsøk 27.24,4
2 Liv Inger B. Nilsen Bækkelaget 28.13,5
3 Marit Bjørgen Rognes IL 28.23,8
4 Kristin Stemland Byåsen IL 29.41,2
5 Marthe Katrine Myhre Gjøvik Skikl. 29.53,8
6 Ingri Aunet Tyldum Overhalla IL 29.58,6
7 Ingvild F. Østberg Gjøvik Skikl. 29.59,2
8 Sigrid Aas Tverrelvdalen 30.34,5
9 Vibeke Skofterud Slitu IL 30.41,3
10 Ellen Rolijordet Kolbukam 32.18,1
11 Elisabeth Sveum Gjøvik Skikl. 32.26,4
12 Celine Brun-Lie Njård 32.27,7
13 Martine Haug Thoresen ØTS 33.48,0
14 Linda Tveit Redalen IL 35.22,0
15 Guro Strøm Solli Drevja 37.07,1
16 Ulla Arnesen ØTS 41.04,9


K 30-39 år

1 Ingunn J. Fremstad CK Totentråkk 32.38,0
2 Anvor Slettvold Vind IL 34.27,6


K 40-49 år

1 Vanja Staff Toten Troll 40.31,6
2 Roja Øverjordet Sykehuset Innl. 43.38,3


M 13-16 år

1 Vegard Ølstad Gjøvik FIK 26.27,2
2 Endre Aamodt Bagn IL 28.11,8
3 Jo Brendbakken Gjøvik Skikkl. 29.12,9
4 Atle Hoelsveen Eina IL 29.54,5
5 Fredrik Kolsgaard Vind IL 30.29,7
6 Emil Skjelstad ØTS 30.40,8
7 Erik K. Hoffsbakke Biri IL 31.15,0
8 Pål Bilit Sveen Vind IL 31.33,9
9 Pål Flattum ØTS 31.52,8
10 Sondre Bollum Gjøvik Skikl. 32.08,7
11 Amund Brendbakken Gjøvik Skikl. 32.10,8
12 Torjus Stomlien Nordre Land 33.12,5
13 Aleksander Grand Redalen IL 34.30,2
14 Kim Hoffsbakken Biri IL 35.25,0
15 Erlend A Røste Vind IL 37.40,3
16 Eskil Hansen Fladsrud Nordre Land 39.12,4


M 17-29 år

1 Tore Ruud Hofstad Lillehammer 24.53,9
2 Martin Johnsrud Sundby Røa 24.54,9
3 Inge Kristoffersen Vind IL 25.09,9
4 Tor Erik Schjellerud Vind IL 25.13,3
5 Simen Østensen Fossum 25.27,4
6 Eivind Flugstad Østberg Gjøvik Skikl. 25.33,3
7 Erik Kurland Olsen IL ROS 25.37,0
8 Petter Soleng Skinstad Vind IL 25.48,0
9 Anders Kvikstad Raufoss IL 25.49,7
10 Stian Roterud Raufoss IL 26.11,1
11 Atle Rehn Berger Raufoss IL 26.27,4
12 Sondre Sande Gullord Gjø-Vard O-lag 27.16,9
13 Espen Østlien Raufoss IL 27.18,7
14 Harald Skjellaug Gjøvik FIK 27.25,0
15 Vetle Thyli Raufoss IL 27.26,1
16 Vegard Ruttenborg Gjø-Vard O-lag 27.34,8
17 Erling Magnus Brøste ØTS 28.21,4
18 Ola Kristian Brøste ØTS 28.32,7
19 Øyvind Hasli Eina Sportskl. 28.57,5
20 Tobias Strand Johansen Gjøvik Skikl. 29.24,6
21 Jon Steffensrud RFIK 29.45,8
22 Hans Kristian Komperud Vind IL 29.54,2
23 Hans Kr. D. Leirdal Kolbukam 30.07,8
24 Audun Glemmestad Raufoss IL 30.19,9
25 Kai Fredric Korsen Vind IL 30.53,1
26 Daniel Elje Vind IL 30.57,8
27 Kristoffer Mørk Middelfart 30.59,2
28 Mats Bekkemellem Gjøvik Skikl. 31.22,4
29 Tor Jonas Onsrud Nn 31.58,8
30 Carl David Nilsen Gjøvik Skikl. 32.05,5
31 Thomas Wassenden Vind IL 32.08,9
32 Joakim Grande Redalen IL 35.53,1
33 Tord Asle Gjerdalen Holeværingen 41.02,2


M 30-39 år

1 Jørgen Aukland Oseberg 24.35,7
2 Jens Arne Svartedal Trøsken 26.35,3
3 Ronnie F. Hansen Raufoss IL 27.42,1
4 Geir Østby Toppen IL 27.47,8
5 Rune Hansen Snertingdal IF 31.38,2


M 40-49 år

1 Lars Ohren Ringerike FIK 26.12,9
2 Runar Baklien Øvre Vardal 31.00,4
3 Børge Moen Gjøvik Skikl. 31.18,0
4 Tor Arne Skjervheim NAMMO BIL 31.38,0
5 Erik Tørstad Puma Running 34.51,1
6 Svein Hjelmås Gjøvik Skikl. 38.09,0


M 50 år o.e.

1 Torodd Lybekk Fagernes IL 30.38,1
2 Christian Prestegård Kondis/Vidar 32.43,2
3 Paul W Sasveen Fagernes IL 32.56,3
4 Rudolf Roovers Nn 36.47,2