Jon Tvedt 3. beste løpar utanom Storbrittannia på 18. plass
Den 54. utgåva av det klassiske OPPogNED fjelløpet Three Peaks Race i Yorkshire i England var arena for årets World Long Distance Mountain Running Challenge. Det 37,5 km lange fjelløpet med 1600m samla stigning og UNNABAKKER hadde samla 755 deltakarar frå 25 land! Fjelløping er ein idrett med mange variantar og dette er den mest ekstreme.
Nå med 25 bilder
Tekst og bilder: Christian Prestegård


I Noreg er fjelløping synonymt med motbakkeløp der mål ligg vesentleg høgare enn start og der løypa nesten ikkje har unnabakkar. I fjor vart det arrangert 55 motbakkeløp med tilsaman 17.000 deltakarar og i år er det terminfesta over 60 motbakkeløp. Motbakkeløp er den kondisjonsidretten som har auka mest i løp og deltakartal i Noreg dei siste 6 åra. Noreg er her i verdstoppen ! I fjor vann Anita Håkenstad Evertsen både EM og VM i motbakkeløp. For meir om motbakkeløping i Noreg sjå: Kondis.no/motbakke og www.mountainrunning.com

I England har dei nesten ingen reine motbakkeløp, men over 400 opp-og-ned fjelløp med same start og målområde. Laurdag 26. april var det største og mest ekstreme av dei arena for VM i langdistanse-fjelløp. I fjor vann Anita VM-gull i Langdistansefjelløp i Jungfrau Maraton der løypa var ei motbakkeløype over 42,2 km med 1800m høgdeskilnad mellom start og mål. Som regjerande meistar blei Anita invitert til England for å forsvare tittelen.

Hadde Anita visst kva stupbratte og ulendte unnabakkar som venta henne så hadde ho heller brukt tida til motbakke-trening på Beitostølen. Dette vart rett og slett for ekstremt og Anita braut fornuftig nok allereie etter at beina sa takk for seg etter den fyrste unnabakken. Slike unnabakkar var ikkje kroppen hennar trent for.

Då eg meldte meg på til dette løpet hadde eg ambisjonar om å springe så fort eg kunne for å få ei god plassering. Fjorårets EM i motbakkeløp vart ein kjempeopptur også for meg med siger i 50-års-klassa i det åpne løpet.

Heldigvis vart eg forkjøla nokre dagar før og tok avgjerda om å springe gjennom løypa som medløpande fotograf og journalist i tunge solide fjell-løpesko med mål om å klare maksimaltida på 5timar og 30 min. Eg seier heldigvis mest fordi eg slapp å springe ned bakkane der mange skada seg. Det er risikosport å springe fort ned stupbratte ulendte og steinete unnabakkar med 30% fall. Sjølv gjekk eg roleg ned slik eg går ned frå Skåla, Fanaråken og andre fjelltoppar. Eg seier også heldigvis fordi eg då kunne stappe ekstra mat og drikke oppi sekken min som då blei meir enn tre gonger så tung som minimumsvekta. I dette løpet var mottoet Help Yourself i alle fall fram til 14,1 km !

Rett nok kunne deltakarane få sett ut drikke på to stader i løypa, ved 18 km og 26 km. Den fyrste drikkestasjonen var ved 14,1 km, då hadde eg løpt i 80 minuttar ! Det er altfor seint i eit så krevande løp. Det er også for lite med tre drikkestasjonar som har vore vanleg i dette løpet, når løpstida er frå 3 - 5 timar. Difor vrimla det av private drikkelangarar og private matstasjonar rundt om i løypa. Slikt er urettferdig når det handlar om eit internasjonalt meistarskap der alle burde hatt den same servicen.
I år var det i følge arrangøren 2 ekstra vatn-stasjonar den siste mila inn til mål, men eg såg berre ein av dei.

Sjølv fekk eg ein praktfull kupert treningstur på 5 timar blank der eg var i bevegelse i 4timar og 20 min. 40 min av turen gjekk med til mat og drikkepausar og ikkje minst fotografering. Eg overlet her til bileta å fortelje min sjølvopplevde tur gjennom løypa.

Som du vil sjå vart eg meir fasinert av OPPTUREN i dei praktfulle motbakkane enn av NEDTURANE.

Her finn du Fullstendige resultatlister også frå alle mellomstasjonane der alle deltakarar måtte registrere seg.

Det var 755 løparar frå 25 nasjonar som starta. 685 fullførte. Av dei 70 som braut løpet vart mange skada i utforbakkane.

Resultatlista i herreklassa ser ut som eit åpnet engelsk meistarskap med kun tre utlendingar blant dei 24 beste. Denne opp-og-ned løpinga som engelskmennene kallar FELLRUNNING var dei spesialistar på. FELLRUNNING er heilårsidrett i England. Dei fekk demonstrert for heile verda at ein må trene på det ein vil bli god på. I Noreg trenar vi for å bli gode til å springe motbakkar !

www.threepeaksrace.org.uk/
Anita+H%E5kenstad+Evertsen+and+Jon+Tvedt+a+few+minutes+before+the+start.+I+%E5r+har+Norges+Fri-idrettsforbund+VM+i+motbakkel%F8p+14.+september+som+hovudm%E5l.+VM+i+langdistanse+opp-og-ned+var+ikkje+med+i+plananae+for+2008%2C+rett+og+slett+fordi+Noreg+ikkje+har+l%F8parar+p%E5+toppniv%E5+som+trenar+p%E5+utforbakkel%F8ping.+B%E5de+Anita+og+Jon+drog+til+England+p%E5+eige+initiativ.+Dei+trudde+begge+at+fordi+l%F8pet+var+s%E5+langt+og+krevande+s%E5+ville+farten+i+utforbakkane+bli+s%E5+l%E5g+at+dei+ikkje+ville+miste+mykje+tid+der+i+forhold+til+dei+beste.+Der+tok+dei+begge+feil.+Sj%F8lv+fekk+eg+sj%E5+l%F8parane+si+ville+ferd+nedover+den+fyrste+fjellsida.+2+min.+og+30+sek+p%E5+ein+kilometer+er+fort+nedover+i+ulendt+fjellterreng.++
Anita Håkenstad Evertsen and Jon Tvedt a few minutes before the start. I år har Norges Fri-idrettsforbund VM i motbakkeløp 14. september som hovudmål. VM i langdistanse opp-og-ned var ikkje med i plananae for 2008, rett og slett fordi Noreg ikkje har løparar på toppnivå som trenar på utforbakkeløping. Både Anita og Jon drog til England på eige initiativ. Dei trudde begge at fordi løpet var så langt og krevande så ville farten i utforbakkane bli så låg at dei ikkje ville miste mykje tid der i forhold til dei beste. Der tok dei begge feil. Sjølv fekk eg sjå løparane si ville ferd nedover den fyrste fjellsida. 2 min. og 30 sek på ein kilometer er fort nedover i ulendt fjellterreng.
One+mile+and+a+half+of+the+course+is+left+behind.+Vel+2+km+etter+starten+i+Horton+in+Ribblesdale%2C+229+moh%2C+i+det+flottaste+Postman+Pat-landskapet.+Postman+Pat+bur+som+kjent+i+nabolaget+i+Greendale+i+Yorhshire+%21+Vi+er+p%E5+veg+oppover+mot+den+fyrste+toppen+Pen+Y+Ghent+689+moh.+Engelskmennene+kan+bygge+steingjerder+%21+Jon+Tvedt+vart+s%E5+fascinert+av+landskapet+at+han+dagen+f%F8r+l%F8pet+tok+p%E5+seg+hatten+sin+som+gamal+orienteringsl%F8par+og+drog+ut+p%E5+ein+fleire+timar+lang+studietur+%21+Snakk+om+oppladning+dagen+f%F8r+l%F8pet.+
One mile and a half of the course is left behind. Vel 2 km etter starten i Horton in Ribblesdale, 229 moh, i det flottaste Postman Pat-landskapet. Postman Pat bur som kjent i nabolaget i Greendale i Yorhshire ! Vi er på veg oppover mot den fyrste toppen Pen Y Ghent 689 moh. Engelskmennene kan bygge steingjerder ! Jon Tvedt vart så fascinert av landskapet at han dagen før løpet tok på seg hatten sin som gamal orienteringsløpar og drog ut på ein fleire timar lang studietur ! Snakk om oppladning dagen før løpet.
Jon+p%E5+veg+ned+fr%E5+Pen+Y+Ghent+medan+eg+har+1%2C5+km+att+til+toppen.+P%E5+toppen+var+Jon+20+sek+raskare+enn+vinnaren+Jethro+Lennox+fr%E5+Skottland.%0D%0AHer+etter+1%2C5+km+utfor+har+Jon+tapt+omlag+80+sekundar+%21+og+tidstapet+vart+over+2+minuttar+f%F8r+han+var+nede.+Tidstapet+vart+end%E5+st%F8rre+ned+fr%E5+dei+neste+fjella+der+Jon+tapte+tilsaman+over+8+minuttar.+F%F8r+oppstigninga+til+det+andre+og+brattaste+fjellet+Whernside+723+moh+%28+22%2C+6+km+%29+hadde+Jon+ramla+ned+p%E5+18+plass+%21+P%E5+2+km+og+400+h%F8gdemeter+sprang+Jon+forbi+10+l%F8parar+og+tok+inn+fleire+minuttar+p%E5+teten.+I+Den+brattaste+kneika+med+40%25+stigning+parkerte+Jon+dei+andre+l%F8parane%2C+men+s%E5+kom+dei+rasande+forbi+som+rullande+t%F8nner+i+den+stupbratte+utforbakken.+Der+tapte+Jon+meir+enn+han+vann+oppover+%21
Jon på veg ned frå Pen Y Ghent medan eg har 1,5 km att til toppen. På toppen var Jon 20 sek raskare enn vinnaren Jethro Lennox frå Skottland. Her etter 1,5 km utfor har Jon tapt omlag 80 sekundar ! og tidstapet vart over 2 minuttar før han var nede. Tidstapet vart endå større ned frå dei neste fjella der Jon tapte tilsaman over 8 minuttar. Før oppstigninga til det andre og brattaste fjellet Whernside 723 moh ( 22, 6 km ) hadde Jon ramla ned på 18 plass ! På 2 km og 400 høgdemeter sprang Jon forbi 10 løparar og tok inn fleire minuttar på teten. I Den brattaste kneika med 40% stigning parkerte Jon dei andre løparane, men så kom dei rasande forbi som rullande tønner i den stupbratte utforbakken. Der tapte Jon meir enn han vann oppover !
Vinnaren+i+dameklassa+Anna+Pichrtova+fr%E5+Tsjekkia+vann+ogs%E5+VM+i+OPP+og+NED+normaldistanse+i+fjor.+
Vinnaren i dameklassa Anna Pichrtova frå Tsjekkia vann også VM i OPP og NED normaldistanse i fjor.
Anita+sprang+saman+med+Anna+Pichrtova+opp+til+den+fyrste+toppen+etter+6+km.%0D%0AHer+ved+7%2C3+km+har+Anita+tapt+over+30+sekundar+p%E5+vel+ein+kilometer+utforbakke.+Kroppspr%E5ket+viser+at+utforbakkane+ikkje+gjer+godt+for+kroppen+til+Anita+og+etter+nokre+kilometer+til+vart+det+full+stopp+%21%0D%0A%0D%0A
Anita sprang saman med Anna Pichrtova opp til den fyrste toppen etter 6 km. Her ved 7,3 km har Anita tapt over 30 sekundar på vel ein kilometer utforbakke. Kroppspråket viser at utforbakkane ikkje gjer godt for kroppen til Anita og etter nokre kilometer til vart det full stopp !
Checkpoint+Pen-Y-Ghent+Summit+689+moh+etter+ca.+6+km.+Alle+l%F8parane+m%E5tte+sj%F8lv+registrere+seg+med+sin+Sportident+Timing+Dibber+p%E5+5+kontrollpostar+ute+i+l%F8ypa+som+i+eit+orienteringsl%F8p.+I+dette+l%F8pet+var+det+eit+stor+fokus+p%E5+tryggleiken+til+l%F8parane+etter+at+ein+deltakar+sparng+seg+bort+og+omkom+av+utmattelse.+Sj%E5+ogs%E5+all+l%F8ypemerkinga.%0D%0ADen+37%2C5+km+lange+l%F8ypa+var+merka+med+gule+merkeb%E5nd+for+kvar+10+meter%2C++Det+har+vore+litt+av+ein+jobb+%E5+sette+opp+3750+merkeb%E5nd+%21
Checkpoint Pen-Y-Ghent Summit 689 moh etter ca. 6 km. Alle løparane måtte sjølv registrere seg med sin Sportident Timing Dibber på 5 kontrollpostar ute i løypa som i eit orienteringsløp. I dette løpet var det eit stor fokus på tryggleiken til løparane etter at ein deltakar sparng seg bort og omkom av utmattelse. Sjå også all løypemerkinga. Den 37,5 km lange løypa var merka med gule merkebånd for kvar 10 meter, Det har vore litt av ein jobb å sette opp 3750 merkebånd !
Omlag+2+km+av+l%F8pet+gjekk+p%E5+veg+med+fast+dekke.+Her+etter+ca.+16%2C5+km
Omlag 2 km av løpet gjekk på veg med fast dekke. Her etter ca. 16,5 km
Her+ved+20+km+starta+den+brattaste+motbakken+i+l%F8pet+opp+til+topp+nr.+2+Whernside+723+moh+ved+22+km+som+ogs%E5+er+det+h%F8gaste+punktet+i+l%F8pet.
Her ved 20 km starta den brattaste motbakken i løpet opp til topp nr. 2 Whernside 723 moh ved 22 km som også er det høgaste punktet i løpet.
40%25+stigning+rett+opp+%21
40% stigning rett opp !
50%25+stigning+%21+Eg+fekk+eg+assosiajonar+til+det+brattaste+fjell%F8pa+i+Noreg+der+ingen+har+klart+%E5+sl%E5+Jon+Tvedt+og+Anita+H%E5kenstad+Evertsen.+Kongen+og+dronninga+av+dei+bratte+motbakkane.
50% stigning ! Eg fekk eg assosiajonar til det brattaste fjelløpa i Noreg der ingen har klart å slå Jon Tvedt og Anita Håkenstad Evertsen. Kongen og dronninga av dei bratte motbakkane.
P%E5+toppen+%21+Checkpoint+Whernside+Summit+723+moh+
På toppen ! Checkpoint Whernside Summit 723 moh
405+h%F8gdemeter+i+30%25+bratt+utforbakke+ned+fr%E5+Whernside+mot+Bruntscar+radio+safety+point+ved+24%2C7km.+Her+tok+eg+meg+tid+til+ei+lang+prat+med+redingsmannskapa+og+fekk+vite+at+fleire++hadde+brote+l%F8pet+her+etter+stygge+fall.+Det+vart+mange+blodige+s%E5r+%2C+men+ingen+alvorlege+skader+%21%0D%0ATotalt+braut+70+av+755+l%F8parar.+Her+var+eg+kjempeglad+for+at+eg+ikkje+var+med+%E5+kjempa+om+topp-plasseringar+i+klassa+mi.%0D%0AD%E5+hadde+nok+beina+mine+i+dag+neppe+vore+brukandes+til+l%F8ping%2C+men+det+er+dei+s%E5+absolutt+%21+Berre+tre+dagar+etter+l%F8pet+leia+eg+%E5pninga+av+motbakkkel%F8psesongen+i+Oslo+i+Tryvann+Opp-l%F8ypa.+Omlag+20+motbakkel%F8parar+m%F8tte+fram+til+v%E5r+fyrste+intervall-trening+saman+med+Aftenposten+og+Lokalavisen.no+som+foreviga+det+heile+%21Sj%E5+ogs%E5+motbakkel%F8psida+p%E5+Kondis.no%2Fmotbakke+%21+
405 høgdemeter i 30% bratt utforbakke ned frå Whernside mot Bruntscar radio safety point ved 24,7km. Her tok eg meg tid til ei lang prat med redingsmannskapa og fekk vite at fleire hadde brote løpet her etter stygge fall. Det vart mange blodige sår , men ingen alvorlege skader ! Totalt braut 70 av 755 løparar. Her var eg kjempeglad for at eg ikkje var med å kjempa om topp-plasseringar i klassa mi. Då hadde nok beina mine i dag neppe vore brukandes til løping, men det er dei så absolutt ! Berre tre dagar etter løpet leia eg åpninga av motbakkkeløpsesongen i Oslo i Tryvann Opp-løypa. Omlag 20 motbakkeløparar møtte fram til vår fyrste intervall-trening saman med Aftenposten og Lokalavisen.no som foreviga det heile !Sjå også motbakkeløpsida på Kondis.no/motbakke !
Denne+bildereportasjen+blir+avslutta+med+bilde+av+Erik+Stangnes+i+orange+T-skjorte+med+startnr.+164+p%E5+toppen+av+Wernside.+Det+var+jo+ogs%E5+denne+toppen+som+minna+meg+mest+om+norske+motbakkel%F8p.+Erik+som+har+budd+i+Leeds+dei+siste+8+%E5ra+dukka+opp+p%E5+startlista+som+nr+4+fr%E5+Noreg+%21..og+eg+som+trudde+at+vi+berre+var+3+fr%E5+Noreg.+Erik+gjennomf%F8rte+l%F8pet+p%E5+tida+4.28+som+var+2+minuttar+raskare+enn+han+hadde+som+m%E5l+f%F8r+start.+Etter+l%F8pet+kunne+Erik+fortelje+at+han+er+med+i+ei+aktiv+l%F8pegruppe+i+Leeds+som+no+har+planar+om+%E5+ta+turen+til+Noreg+for+%E5+oppleve+det+norske+motbakkel%F8peventyret+i+Sk%E5la+1848m+rett+opp+%21+No+har+Noreg+ein+entusiastik+fjell%F8par+i+England+som+ambassad%F8r+for+dei+praktfulle+motbakkel%F8pa+og+OPPTURANE+i+Noreg.+Klubben+til+Erik+Valley+Stridres+har+to+medlemer+i+Fellrunner+komiteen+i+England%3A+Erik+har+allereie+vidaresendt+informasjon+om+Mountain+Running+in+Norway+til+dei.+Han+har+ogs%E5+f%E5tt+linken+til+artikkelen+The+Only+Way+is+Up+p%E5+www.mountainrunning.com+ut+p%E5+www.fellrunner.org.uk+sitt+forum.%0D%0A%0D%0AErik+vann+dagens+store+premie.+Gratis+medlemskap+og+abonnement+p%E5+KONDIS+%21
Denne bildereportasjen blir avslutta med bilde av Erik Stangnes i orange T-skjorte med startnr. 164 på toppen av Wernside. Det var jo også denne toppen som minna meg mest om norske motbakkeløp. Erik som har budd i Leeds dei siste 8 åra dukka opp på startlista som nr 4 frå Noreg !..og eg som trudde at vi berre var 3 frå Noreg. Erik gjennomførte løpet på tida 4.28 som var 2 minuttar raskare enn han hadde som mål før start. Etter løpet kunne Erik fortelje at han er med i ei aktiv løpegruppe i Leeds som no har planar om å ta turen til Noreg for å oppleve det norske motbakkeløpeventyret i Skåla 1848m rett opp ! No har Noreg ein entusiastik fjelløpar i England som ambassadør for dei praktfulle motbakkeløpa og OPPTURANE i Noreg. Klubben til Erik Valley Stridres har to medlemer i Fellrunner komiteen i England: Erik har allereie vidaresendt informasjon om Mountain Running in Norway til dei. Han har også fått linken til artikkelen The Only Way is Up på www.mountainrunning.com ut på www.fellrunner.org.uk sitt forum. Erik vann dagens store premie. Gratis medlemskap og abonnement på KONDIS !