Tekst og foto: Runar Gilberg


Eg er ikkje lenger enn eit par kilometer kommen før dei kjem, storspringarane. Her er det berre å gå til sides og sleppe dei forbi. Mannen i teten er o-løparen Andreas Høye, og dei to som heng på, er Vegard Raaum og Anders Myrland. Overraskande, eg hadde trudd - og spådd på kondis.no - at to kenyanarar ville vera i teten. Kor har det vorti av dei?
Trippelvinnar passerer på fjerdeplass
   
 
Heller ikkje mannen som kjem på fjerdeplass ser veldig kenyansk ut. Nei, det er skiløpar Geir Ludvig Aasen Ouren, mannen som før start låg på andreplass i kampen om å vinne Birkebeinertrippelen. Etter løpet har han passert Gøran Syvertsen, og tek ein klar siger. Syvertsen får kneproblem og bryt. Skikollega Jens Arne Svartedal og terrengsyklist Lars Petter Stormo, som begge snart vil passere, blir nummer to og tre i trippelen.
Jau, dei er med og i steget, favorittane
   
 
Dei har berre gøymd seg mellom terrengsyklist Stormo og skiløpar Svartedal. Sammy Kurui (107) og John Mnagnat Sompol har nok teki det pent i starten, men har sikkert full kontroll, tenkjer eg. Ikkje lenge etter får eg telefon frå Barakarunner-managaren om at dei hadde kommi for seint til starten, og at det var grunnen til at dei låg litt bak. Ja ja, kan hende er det ikkje å forvente at to kenyanske unggutar skal vera like lommekjente som Svartedal på Sjusjøen Skistadion.
1500 m-løpar Fløystad skeiar ut med både motbakke- og unnabakkeløp
   
 
Sist helg vart han nummer fire i Eggekollen Opp, og i dag blir Hans Kristian Fløystad nummer ni i Birken. Bak seg har han Jonny Kibsgaard, som er sju sekund framføre Fløystad i mål. Høgste punktet i løypa er akkurat passert, og herfrå gjeld det å samarbeide godt med tyngdekrafta.
Fjorårsvinnaren er òg litt forseinka
   
 
André Hammerø Løseth (77) vann i fjor, og det ryktes at han òg var for sein til start. Men det var nok ikkje der sigeren glapp. I år har han 24. beste tida, og avstanden fram til teten blir på mest 8 minutt. Her har han selskap av Øyvind Stokseth (96) og Dag Aalvik. I mål er Dag 1 sekund framføre og Øyvind 46 sekund bak André.
Oi, der kjem førstedama alt
   
 
Eg har så vidt våga meg ut på stien att og traska nokre få meter før første jenta kjem dansande lett. Det er Marthe Katrine Myhre, skiløpar, vintertriatlet og god løpar. Eg rekk å få kameraet opp til siktauget, og så uanstrengt som Marthe spring, er det ikkje overraskande at ho òg er først i mål.
Neste kvinne ut - Solveig Pedersen
   
 
Ho var skiløpar på internasjonalt nivå på 80- og 90-talet med stafettsølv frå OL i 1992. No har Solveig Pedersen bytta ut skiene med joggesko, og 44-åringen frå Kristiansand, klarer kunsten å springe fort og smile samstundes. I mål har ho berre Myhre - eit lite minutt - framføre seg.
May Bente Weng i herleg driv
   
 
Eliteklassen har gjort seg ferdig. Eg forflyttar meg litt lenger ned i bakken, og snart kjem pulje 2-løparane. Flust av spreke folk, men skal ein trekkje fram nokon, så kan eg likegodt la det vera May Bente Weng. Same edle årgang som Solveig Pedersen, og berre 47 sekund bak henne i mål. I mellom dei to sneik Linda Røset seg. Ho blir godt følgt opp på Hedmarkssidene av Rolf Bakken, som vi skal helse nærmare på. Rye-mannen som gir Weng pes, er Ole Petter Storstad.
Å lange ut med lange steg
   
 
Det såg mest ut som han prøvde å fylle ut heile skjermen på kameraet mitt heilt åleine. Men så fort gjekk det framover at det vart plass til ein unnabakkespringar til. Enno er vi i den første bratte nedoverbakken, og det er så tidleg på dagen at sola enno klatrar haustsakte opp på himmelen.
Motbakkeeksperten og Hedmarksredaktøren
   
 
Merete Helgheim vart nummer to i Noregscupen i motbakkeløp. No viste ho at ho òg kan springe kupert og nedover, og i mål hadde ho sjuande beste tid. Rolf Bakken smatt etter kvart forbi og kom på ein 18. plass i menn 45-49 år.
Dagens prestasjon - av Olav Sveen?
   
 
Det er mannen som sklir framover i landinga på sitt eige skopatent, som kjem susande ned bakken. Men først og fremst er det storløparen Sveen som vinn klasse 50-55 år, trass i knallhard konkurranse frå Oddmund Roalkvam, ein kar som for dryge 20 år sia sprang 5000 m på 13.48 og maraton på 2.13.

Sveen får i dag 1.16.53, og Roalkvam er ikkje meir enn 5 sekund bak. Kor gode er 52 år gamle Sveen og eitt år yngre Roalkvam? Jau, dei blir nummer 16 og 18 totalt. Dei er berre 7 minutt bak kenyanarane, dei er minuttet framføre fjorårsvinnar Hammerø Løseth og 3 minutt framføre skiløpar Svartedal. Fram til Vegard Raaum på fjerdeplass er det mindre enn 4 minutt. Med all respekt for geiter, kenyanarar, ultratråvarar og ivrige deltakarar i ungdoms- og barneløp - dette må vel vera ein av av dagens desidert beste Birkebeinerprestasjonar?
Like før kryssinga av Sjusjøvegen kjem Anne Kari Borgersen susande
   
 
Det gror, ikkje berre i Lillehammer skogen, men òg i det gode løpsmiljøet i Kristiansand. Anne Kari Borgersen skal bli nest beste KIF-løpar, mindre enn to minutt bak Solveig Pedersen. Det held til femteplass totalt og andreplass i klasse 35-39 år.
Ingrid Damsgaard - ei av dei første i startpulje 6
   
 
Eg veit at bortsett frå kvinnene over 60 og mennene over 65, som starta klokka 9, så skal alle springe forbi meg. Og dei kjem i stadig striare straumar. I starten er puljane lett å skilje med ein liten pause mellom kvar, så glir dei meir og meir over i kvarandre.

Klokka er vorti 6 minutt over 11 når eg blir passert av Ingrid Damgaard. Ho har 17 km igjen å springe, sjølv om farten er så stor at ein kunne tru mål var bak neste tjukke granlegg. Ingrid kan å føte seg og er berre 4 minutt bak vinnaren i mål. Det held til ein niandeplass. Bra, ikkje minst med tanke på kva for ei uoffisiell plassering eg sjølv skal få...
Første sølevarselet
   
 
Løypa har så langt vori tørr, men her kjem det første vesle varselet om at ikkje alle skal komma tørrskodd til mål. Eg gjer som mannen framføre meg og går rundt i møte med det kritiske partiet. Det er lenge sia spensten min kunne brukast til å forsere avgrunnar som denne.
Her var det meir spenst i steget, ja
   
 
Heldigvis er det berre eit fåtal som har 3.05 som lengdepers, og Elisabeth Hildenes kunne nok gjort det bra enten ho valde tresteg eller langt fleire steg gjennom skogen.

Det anar meg at ho pønskar på noko stort idet ho passerer, og resultatlista viser at ho blir nummer to i klasse 18-19 år på tida 1.30.05. Klart ein går eit steg til sides for slike.
Lang, lang rekke gjennom skogen
   
 
Ikkje den verste køen dette, berre ein jamn flyt av sprekingar. Ikkje lett å komma forbi om ein skulle trenge det, men somme behov kan ein av og til med fordel utsetje. Og det er berre nokre hundre meter til neste gode forbikjøringssjanse - vegen som går bort til den bratte slalåmbakken.
Er det slik vi vil hugse Birkebeinerløpet 2009?
   
 
Som ein elveos blir stien faktisk litt breiare før den munnar ut på på vegen. Lyngen er fargerik som feltet av løparar. Ranke grantre gjer små innhogg i den blå himmelkvelven.
Kva for ei Birkebeinerdronning er dette?
   
 
Øvst i den bratte slalombakken blir eg passert av ei som har prega Birkebeineren meir enn dei fleste. For det er vel Hilde GP som òg let det stå til utan ski på beina og sekk på ryggen? Hilde spring for Team Aktiv og brukar 1.34.19.
Bremse eller late det stå til?
   
 
Slalåmbakkar er aldri bratte - på bilete. Men det er grunnar til at somme legg seg bakpå og bremsar det dei kan. Heller sakte ned, heil, enn fort ned - på nasen eller rumpa.
Skodde i dalen - sol på fjellet
   
 
Neppe la dei merke til skodda dei slapp å springe gjennom, men tidleg på dagen var det best å vera i høgda. Enno er det føremiddag, og berre dei som går Birkebeinerløpet funderer på om og når skodda vil løyse seg opp.
Siste del av slalåmbakken
   
 
Det var mange som sakna snøen og skiene her. Raude Kross-bilen stod til skrekk og åtvaring nede på sletta.
"Eg vil ikkje bli blaut om beina!"
   
 
Tørrskodd i 5 km, og eg skal iallfall klare eit steg til før eg blir blaut, ser ut til å vera tanken. Hadde dei berre visst kva som venta rundt ikkje alt for mange svingane...
Den farlege lemmen
   
 
Ein feildosert, glatt lem forårsaka ei rad fall. Her ser vi eitt av dei.
... og her mest eit til
   
 
Kan hende tok han seg inn, kan hende vart det møte med norsk skogsjord. Sjølv brukar eg å budsjettere med minst eit fall når eg spring slike løp. Går eg, så er det ei vandring utan budsjett. Det handlar om å ta den tida ein treng - og dei biletglimta som let seg fange.
Etter kvart blir jordstien breiare og betre
   
 
Ulendtpartia i Birkebeinerløpet er berre lange viss ein går. Så mi tilråding er: "Spring". Da slepp ein òg å gå i grøfta - av frykt for å forseinke dei travle.
Smilet i sjela som ikkje alle ser
   
 
Ei dame som var ute og gjekk med hunden sin, etterlyste at løparane smilte. Ho tvila på at dei hadde det noko kjekt. Eg gav til sist opp å forklare ho om den indre, djupa gleda. I staden tok eit bileta av eit par-tre som eg er sikker på har mykje glede i seg.
Birkebeinarar bakfrå
   
 
Klokka har vorti 12.21. Eg har vori i rørsle i mest 3 timar og har tilbakelagt bortimot 7 km. Fleire tusen birkebeinarar har støymd forbi meg. Mange er kledt i blå skjorte og svart tights. Ingen spring berrføtt.
Eit skikkeleg søppelløp
   
 
Det er sett opp mange, store søppelfangarar etter kvar matstasjon, men ikkje aller har skjønt kva dei skal brukast til. Langs løypa - òg langt frå drikkestasjonane - ligg begra og geltubane og sjokoladepapiret og drikkeflaskene. Ein skal ikkje kaste boss i naturen, men det er det mange birkebeinarar som ikkje har høyrd om - eller lært.
Kven er det som trampar på brua?
   
 
Det veit eg ikkje. Det eg veit, er at dei har det travlare enn meg, og at det ikkje er noko troll under brua. Berre vatn som sildrar og til slutt finn vegen til Mjøsa. Løparane skal til Stampesletta.
Myr, men ei ganske tørr blautmyr
   
 
Det er ei ordentleg myr i Birkebeinerløpet. No var ho ikkje blautare enn at eg kom meg gjennom med ein og ein halv tørr sko. Dei som tenkte tid og sprang rett fram, kom nok til mål med myrlukt på både sko og legger.
Snart halvvegs - over halvvegs
   
 
Vi er enda ikkje halvvegs i løypa, men heldigvis godt over halvvegs i reportasjen. Det tek nemleg til å tynnast ut med løparar i løypa. Klokka er 13.25, og siste puljen starta for over ein time sia. Det er dei eg har omkring meg, og det går opp for meg at om ikkje lenge vil eg ha løypa omtrent for meg sjølv. Kan hende vil ein ultraløpar eller tre berge meg frå den store einsemda.
Slik ein gamleveg skal vera
   
 
Nå ja, enno er det folk i hjulspora. Graset gror i midten. Meir svart enn blått skjorteval no. Varmt som en sommardag, og eg er samd med meg sjølv om at i dag gjeld det ikkje å komma for tidleg i mål.
Baktroppsmil
   
 
Eg var i teten og har på forståeleg vis hamna i baktroppen. Stemninga er betre her. Treng ikkje hoppe i grøfta lenger. Kan halde følgje med eit lite bel, men enno vil det ta litt tid før eg er der eg skal vera - aller sist.
Så kom ho, geita med startnummer på den andre sida
   
 
Ho har vorti rikskjendis, geita Nosa som klarte Birken på to og ein halv time. Det einaste eg stilte meg litt undrande til var korfor solbrillene sat i panna og ikkje framføre auga - så skarpt som ljoset var.
Eller er det slik vi vil hugse det?
   
 
Ei stripe blått vatn. Ein aning lysare blå himmel. Unge grantre, vaksne grantre, mange grantre. Ein løpar med livet framføre seg. Så mange høve, så mange stiar, så vidt eit utsyn.
Somme må plukke opp søpla
   
 
Han var ikkje imponert over løparane si evne til å vise naturvett, mannen som måtte gjera ryddejobben etter at reia hadde fari forbi. Det var ikkje eg heller. For tre vekar sia deltok eg i eit langt fjelløp med over 5000 deltakarar. Ingen kasta frå seg søppel andre stader enn i bosskorgene på matstasjonane. Så hadde òg arrangøren forbodi det - og gav tilleggstid eller diska dei som grisa til.
Ultrakollega Per Olav Bøyum passerer
   
 
Så å seie alle som spring 21 km har passsert meg, og no er det berre ein og annan ultraløpar som sig forbi. Dei beste la eg ikkje merke til, da dei kom midt i den største straumen av løparar. Per Olav Bøyum kjenner eg, og sjøl om han verkar ganske sliten, løfter han handa til helsing. Eg heier, og kjenner at det hadde vori artig ein gong og prøvd seg på den ordentlege Birkebeinerdistansen, den som startar på Rena og har mål på Lillehammer. Per Olav brukar 7.57.55 og blir nummer åtte i Ultrabirken.
Berre ein tiandepart av distansen igjen
   
 
Kven er nærmast mål når ein ser skiltet med 7 km igjen - den som har ein tredjepart eller den som har ein tiandepart att å springe?

7 km er uansett 7 km. Ikkje langt når ein spring fort, men ein heil bit når ein går. Klokka er halv tre, og enda er det over fem timar før maksimaltida for ultraløparane går ut. Den fristen skal eg greie med god margin.
På OL-historisk grunn
   
 
Det er lenge sia no, men eg hugsar langrennsløypene under Lillehammer-OL vart rekna for å vera harde. Vi sveipar så vidt innom dei, men lite tyder på at desse to er særleg merka av dei tøffe løypene. Visst går Birkebeinerløpet mest nedover, men samlar ein alle stigningane, er det nok eit par hundre høgdemeter opp òg. Dessutan er det spesielt tungt å begynne å springe oppover når muskulaturen er mørbanka av alle unnabakkane.
Einar Iversen - ultraløpar med smil både inni og utanpå
   
 
Han skulle ho sett, dama med bikkja, tenkjer eg. Sjumilsferda hans har ikkje sliti han meir ut enn at eg kan sjå han er glad. Og sterk. "Heia Einar - du er snart i mål!"
Siste løpar på siste drikkestasjon
   
 
Kristina Sjøgren fekk tidleg trøbbel med hofta, men ville ikkje gi seg av den grunn. Til mål ville ho sjølv om det vart gåing på grunn av skaden. Her er det siste påfyll av energi, 4,2 km frå mål.
Ikkje farleg når ein er to
   
 
Og åleine i baktroppen var ho ikkje. Venninna var solidarisk og venta. Saman vandra og prata dei. Syntes det var mykje søppel dei òg, men det fine overskugga det som ikkje var bra. Eg heldt følgje med dei ein liten kilometer. Så vart gåfarten deira for stor for meg, og eg visste at eg var aller bakerst i Birkebeinerløpet.
Siste kvinne forbi er første kvinne i mål
   
 
Med berre ein kilometer til mål kjem vinnaren i Ultrabirken forbi meg. Miriam D. Gulbrandsen stormar inn til siger på 8.46.49. Ho er løpar nummer 4907 - og den siste - som passerer meg.

Klokka nærmar seg fire og eg er snart i mål - òg med denne reportasjen. Takk til alle som ville vera med på ferda. Kan hende møtest vi igjen om eit års tid. Under den høge himmelen, den som gjer det så fint å leva.

Til sist lettar skodda, også nede i dalen.

Les andre reportasjer om Birkebeinerløpet på kondis.no:

O-løperen Andreas Høye gjorde Løpet mer spennende enn forventet
Forbisprungen av mest 5000 Birkebeinarar
Martine Kongsten først i mål på Halvbirken
Ungdomsbirken
Barnas Birkebeinerløp
Harald Aas suveren vinner av tidenes første UltraBirk
Spennende framtid for UltraBirken - nytt løp 18.09.2010

Reportasjer og omtale av Birkebeinerløpet på kondis.nos lokalsider

Hedmarksider: Nytt rått Røset-løp i Birken
Hedmark-sidene: Starten på en flott Birkebeinerdag
Hedmarkssidene: Baktroppsbilder fra UltraBirken
Hedmarkssidene: Premiepallbilder med blant annet premievinnere fra Hedmark
4 seire til Romeriksløpere - mange andre gode plasseringer

Oversiktsside for reportasjer om Birkebeinerløpet i 2009 og tidligere års Birkebeinerløp