Kloke arrangørar i Etnemarknaden med samarbeidspartnarar i det nye tiltaket Etne Duathlon, 27 km sykling og 8 km fjelløping, har sett strek på 80 deltakarar. Etnemarknaden går over fire dagar. Frå 31. juli til sundag 3. august. Tivoli, marknadsboder med m.a. sal av CD-ar, smykke og spekemat. Kunstutstillingar, fesjå, ljåslått, sal av traktorar og badestampar. You name it. 

For å få eit flott arrangement av sportsleg karakter, er det sett grense på 80 deltakarar. Dette virkar fornuftig. Med den enorme interessa for triatlon på Haugalandet, kunne dei sikkert ha mangedobla deltakartalet. Sundag kveld vart sluttstrek sett, og då var det 82 påmelde, i følge arrangør Jon Oddvin Moe.

Kondis vil koma attende med reportasje etter den fyrste Etne Duathlon 2. august.

IMG_3227_Thomas_Finnshus_Susanne_Wigene.jpgKondis sin Sunnhordalandsredaktør har lite peiling på duatlon/triatlon, men Thomas Finshus er påmeld, og er ein sterk fjelløper, så kan han vera ein kandidat til å vinne? Kondis har fått inn eit privat tips på 2 t 2 minutt på herrevinnaren.

5094163_2073699.jpg
Me veit lite om Maryna Novik sine sykkeleigenskapar, men ho er påmeld. Ein god fjelløpar er ho. Kan ho ta att det ho eventuelt tapar  på sykkeldelen (på lånt sykkel)? Eller er ho totalt nedkøyrd etter ein strålande 10000 m tre dagar tidlegare på Haugesund stadion?. Eit privat tips på 2 t 40 minutt på damevinnaren er kome inn.