Vignett-kondiskommentaren.jpg

«Det var kanskje det dummeste jeg har gjort,» uttala Heidi Weng til VG nokre dagar før ski-VM i Seefeld starta. Det ho sikta til, var avgjerda om å gå tremila i Holmenkollen i fjor vår sjølv om ho ikkje var frisk. 

«Jeg hadde et virus. Jeg hadde noe i nesen. Testene viste at jeg ikke var bra», fortalde Weng til VG

Prisen ho har fått betale har vori høg nok. Kroppen har ikkje fungert som den skulle etter dette rennet. Ho har ikkje tolt å trene like mykje og hardt, og resultata denne vinteren har vori langt unna normalen, sjølv om forma gradvis betra seg noko. I fjor vann ho verdscupen samanlagt. I år vart ho nummer 16. 

Det kan vera vanskeleg å stå over eit renn eller eit løp ein har lyst til å vera med på – sjølv om ein bryggar på ei forkjøling, eller ein influensa ikkje heilt har sleppt taket. Ein har jo trena så lenge for dette, og for dei beste kan både heider og pengar stå på spel. 

Men lite er viktigare enn helsa. Korttidsgevinst kan bli langtidstap om ein pressar kroppen når ein ikkje er frisk. Og som oftast er gevinsten ved å stille i konkurransar veldig liten. Ein skranten kropp presterer som regel dårleg – medan tapet kan bli veldig stort om ein ignorer sjukdomsteikn og likevel stiller til start. 

Sjølv om risikoen for å få varig mein er liten, så er den etter mi mening ikkje verdt å ta. Dei få gongene det skjer dødsfall i idrettskonkurransar, er uoppdaga hjartefeil den vanlegaste grunnen. Folk som spring med sjukdom i kroppen, er nest vanlegaste dødsårsak. Og om ein ikkje døyr, så kan viruset sette seg på hjartet og gi varig mein. Det er det ikkje verdt å risikere. 

I snitt er vi kan hende sjuke eller forkjøla 15 dagar i året. Da er det ikkje naudsynt å leggje verken hardøkter eller konkurransar til ein av desse dagane. Vi har jo 350 andre dagar å boltre oss på. 

Sjølv har eg gjort det til ein regel å ikkje konkurrere eller trene hardt når eg er sjuk eller småsjuk. Og eg seier det same til dei eg er trenar for – ta fri eller tren berre heilt roleg til du har vorti frisk. 

Kjem vi i dårleg form etter sjukdom, er årsaka langt oftare at vi har trena for mykje enn for lite medan vi var sjuk. 

Så lag deg likegodt ein handlingsregel før du står midt oppi problemstillinga. Og ikkje bli freista til å laga smutthol sjølv om du har betalt både startkontingent og reise. 

Det er ikkje noko mindre enn det viktigaste vi har - helsa - vi gamblar med om vi stiller til start med sjukdom i kroppen.   

(Dette er ein oppdatert versjon av ein artikkel som stod på trykk i Kondis nr. 2 - 2019)
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton