Ingressbiletet er dei tre beste herrene i Klypeløpet 2011. 

Løpet er i Etne kommune i Sunnhordland. 55 km frå Odda, 75 km frå Haugesund. Du køyrer E 134 til Kyrping Kro og Bensinstasjon. Då er du 350 m frå Sævareid skule, der alt føregår.

Klypeløpet for 32. gong
Start, mål, garderobar, parkering, grilling og premieutdeling: Sævareid skule 350 m frå Kyrping Kro og Bensinstasjon. Her vert og sal av brus og is.

"Skuleplassen Over":
ca 80 m 0 - 6 år.

"Miniklypen": 
ca
1100 m opp mot Klype og nedatt

"Klypeløpet":
 Asfalt og terreng 1300 m opp til Klype på gamlevegen. Same vegen nedover på returen. Avslutning på grusen inne på  skuleplassen.

Premiering:
Alle deltakarane får ein spesiallaga diplom med namn og resultat på. I tillegg blir det ein del premier trekt blant alle deltakarane.

Kr 300.-  til raskaste kvinne og mann i hovudløpet. Pluss litt vakkert frå HardangerBestikk


Frå starten i eit tidlegare Klypeløp.


Annette Lauareid Hovda på veg mot siger i eit tidlegare Klypeløp.


Frå venstre: Bjørg Aakre, Annette Lauareid Hovda og Inga Sævareid leverte bra løp i 2011.