Ingressbiletet, og alle andre bilete: Kjell Vigestad/Kondis

Djupadalten- hausteventyr for mosjonistar og toppidrettsfolk
25. oktober er det klart for nytt storløp på Haugalandet: Djupadalten samla nesten 1500 deltakarar i 2013. Med den enorme trimminteressa med Ironman, Nordsjørittet, Hårfagre-rittet, Langs Åkrafjorden, Ølmedalen Rundt, Karmøy Maraton og Steinsvik-rittet for å nemna nokre arrangement som samlar mykje folk, så trur Kondis at Djupadalten i år passerer 1500 deltakarar. 

PR-biten arrangøren Haugesund IL gjer inn mot arrangementet, er sjølvsagt heilt avgjerande for om det vert bra, eller veldig bra deltaking. Kondis vil som vanleg gjerne bidra.

Barneløp med fleire hundre deltakarar
Barneløpet som startar på austsida av den nye, flotte friidrettsstadion i Haraldsvang er 720 m. Det er eit vakkert syn å sjå med forledre og born like før start. Etter start spreier det seg fort. Store og små barn, med og utan ei hand og halda i, set i gong med sine 720 flate m. I mål er det medalje til samtlege. 

Nytt tiltak i 2014: Skeisdalten
Ny kortløype på 4 km, er eitt nytt tiltak Haugesund IL gjer til årets Djupadalten. Skeisdalten går ved Skeisvatnet (også kjend frå Ironman 70.4).

Løypekart for Skeisdalten/Minidalten (PDF)

Barn_start_MG_2847.jpg
Barneløpet vert tatt seriøst. Barna skal føla at dette er kjekt og for dei.

Barn_Esther_Regine_Erland_spurt_A20G6551.jpg
Esther har skjønt det - dette er kjekt!

Barn_Louise_Hanneland_A20G6515.jpgEi hand å halda i... Louise kjem seg trygt gjennom barneløpet.

Barn_nr1_Erik_Nygaard_Madsen_A20G6235.jpgErik ser ut til å vera riktig talentfull. Her viser han flott løpsteknikk.

Barn_Otelie_og_Susanne_Wigene_A20G6520.jpgOtilie er blitt eitt år eldre sidan i fjor. Kanskje spring ho heile løypa sjølv i år. Ho har i alle høve eit godt førebilete...

Div_dame_og_diket_Marianne_Ask_A20G7393.jpg
Djupadalten er hausteventyr på Haugalandet

Div_ned_fra_diket_jenter_A20G7501.jpgIkkje alle har tid til å sjå seg om i den vakre naturen, men det kan eion jo gjera under førehandstreninga. Det er ei god kjensle etter eit løp der ein har teke seg ut.

Kjetil_Larsen_hoestfarger_A20G7225_640x655.jpgKjetil Larsen, konsentrert i flott driv i vakre haustfargar.

Tommel_opp_for_Urige_Buta_A20G6945.jpgTommel opp for kongen av Djupadalten . HIL sin eigen stjerne Urige Buta.

Kirsti_Soensteboe_Skjalg_Duesund_A20G6772.jpgNr 322 Kirsti Sønstabø Stavanger Friidrett, tar Djupadalten like seriøst som ho gjer med sitt eige løp Karmøy Maraton 15. november. Då har Skjalg Duesund, IF Klypetussen (nr 60), vore 66 år i to dagar.

Fjorårets Kondis-reportasje finn du her