Arrangørar er Etne IL, Etne Røde Kors og IF Klypetussen. Etne Duatlon er i samarbeid med Etnemarknaden som i år går for 34. gong. Dette er ein stor marknad over fire dagar i Etne kommune i Sunnhordland, 75 km frå Odda og 60 km frå Haugesund. E-134 går gjennom Etne sentrum.

Flott trening for Ironmen og Irongirls
Startskotet laurdag 2. august kl 1100 i Etne. Sykling 27 km langs Skåneviksstranda "Vakraste løypo i verdo" som IF Klypetussen kalla det då dei arrangerte "Fjordalangs" her. Frå Skånevik skule der dei 500 syklane kan parkerast, går det i motbakkeløp opp den gamle postvegen, og opp til Varleite, høgaste punkt på løypa, 620 m.o.h. Her er det i følge arrangørane ei fantastisk utsikt over heile Sunnhordland. Deretter er det relativt flatt, før det ber nokså bratt ned til mål i Etne. Med den enorme breidda det er på Ironman på Haugalandet, kan dette bli ein stor suksess.

Jon Oddvin Moe og Peter Øren i arrangørteamet håper det sportslege elementet i marknaden vil bidra til sunn treningsglede og mosjon, der dei fleste i vaksen alder og nokolunde form, kan delta.