Runar Gilberg (49) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgEM i friidrett er over. NM står for døra. I EM vart det ifølgje dei fleste kommentatorar for få norske medaljar. I NM vil ikkje det bli problemet. Her er det nok nivået som vil bli kritisert. Dårlegare enn Boysen, langt bak Kristiansen og kanskje også Kaggestad senior på sitt beste. 

Noreg rykka opp i elitedivisjonen i lag-EM i friidrett tidlegare i sommar, men noko stormakt er vi ikkje, sjølv ikkje i europeisk samanheng. Med fem millionar innbyggjarar ville det vori rart i ein talentsport som friidrett. Dei landa som kom høgst på medaljestatistikken er dei store – Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Russland. 

I idrettar som er små internasjonalt, men store i Noreg, vil vi alltid ha utøvarar som hevdar seg. I langrenn og skiskyting held det å sende mange inn i eit godt treningssystem, så kjem det ut internasjonale medaljevinnarar i den andre enden. 

ÅREVIS
I friidrett kan det gå årevis mellom kvar Thorkildsen og Rodal. Hadde Henrik Ingebrigtsen bestemt seg for å satse på langrenn, ville Lars Martin Kaupang framleis hatt 1500 m-rekorden, 38 år etter at han sette den. At Ingrid og Grete dukka opp samstundes i same land, skulle statistisk sett ikkje skje. Det kan gå hundre år til neste. 

Når folk spør seg kva det er friidrettsmiljøet gjer feil, som reiser heim frå EM med berre ein medalje, så er det ikkje sikkert at dei gjer så mykje feil. Vi er berre for få til å få fram mange storløparar, -hopparar og -kastarar samstundes. Det er ikkje ei av tusen som kan hoppe 2 m i høgde same kor mykje spenst ho trenar. Og skal du slenge spydet bortimot 90 meter, må du ha noko som heiter usedvanleg god kastarm. Min held til 12. 

Henrik Ingebrigtsen har i sommar sprungi 1500 m på 3.31,46. Det er så fort at neste nordmann ligg 6 og beste svenske og finne gjennom alle tider 5 sekund bak. Berre ein i Norden har nokon gong sprungi så fort som Henrik. Det skjedde da kenyansk-danske Robert Kiplagat Andersen sprang på 3.31,17 i 1997. 

Omtrent så god er det ein må ein vera for å ta medalje i EM. Ikkje rart det blir få norske som klarer det. I grunnen er det eit lite under kvar gong ein Rodal eller Ingebrigtsen dukkar opp og kjem først i mål. 

No klarte Ingebrigtsen medaljebragda i to EM på rad. Mannen har all grunn til å vera 78 prosent fornøgd – og vel så det. 

STUSSLEG
Så kan ein diskutere om ein skal sende dei 37 som ikkje tek medalje, men dersom kostnadene ved å sende ikkje er så store at det går utover andre viktige ting, så har det ein verdi å vera med. Det ville vori ein stussleg meisterskap om berre medalje- eller finalekandidatar skulle stille til start. Og ingen veit om det er Karoline eller Karsten som står på pallen neste gong. Da Henrik vann for to år sida, var han knapt medaljekandidat før meisterskapen starta. 

I NM på Jessheim er det flott at det kjem utøvarar som stiller opp og gjer sitt beste frå alle landsdeler. Det vil sikkert vera nokre fylke som må nøye seg med mindre enn ein einsleg sølvmedalje, men det ville vera synd om dei av den grunn heldt seg heime. 

Det finst verre typar fyll enn listefyll.  

800-kv-heat2-etter-450m_D4N2540.jpgTrine Mjåland klarte ikkje medalje eller finaleplass, men ho gav det ho hadde og sprang så fort i forsøket at ho kom seg vidare til semifinalen. (Foto: Bjørn Johannessen) 

Her kan du lese flere Kondiskommentarer.