Ingressbilde:  Erlend Drivenes på veg mot løyperekord. Foto: Kjell Yrui
Flere bilder nedenfor resultatene.

Tekst: Thor Inge Døssland

Solfjelløpet i Uskedalen vart i år arrangert 9.juni. Løpet og løypa fekk mykje skryt frå deltakarane. Erlend Drivenes frå Tørvikbygd deltok i Solfjelløpet for første gang i fjor. Då slo han like godt til med løyperekord. Tida var 41.15, og før årets løp vart det sagt at den var knallsterk av folk som kjenner både nivået og løypa godt. I år gjorde han denne rekordnoteringa endå sterkare!

Uskedal.no hadde ein liten prat med den 24 år gamle rekordhaldaren og favoritten før løpet. Han satsar først og fremst på ski, men som vi veit kjem mange av dei beste motbakkeløparane i landet frå skimiljøet. Erlend Drivenes er blandt dei aller beste langrennsløparane i fylket. Han hevdar seg og godt på landsplan. Han deltar i mange ulike motbakkeløp som m.a. Skåla opp og Nuten opp. Han ser på dette som eit ledd i skitreninga.
- Det er eit krydder i treningskvardagen, seier den særs lovande skiløparen.

Han deltok altså i Solfjelløpet for første gang i fjor. Vi syns det er svært kjekt han er tilbake, og han har ei god foklaring på det.
- Eg likte løpet i fjor veldig godt. Både løypa og naturen med den fantastiske utsikten, var heilt topp. Dessutan passar det veldig godt inn i opplegget og reisa er ikkje så lang, er forklaringa frå Drivenes.

I ei forklaring på kor fint familien Drivenes syntes det var, fortel han at mora gjorde mykje for å få tak i eit bilde av han på toppen frå fjorårets løp. Ho syns det var eit flott bilde med fantastisk utsikt som bakgrunn. Dette bilde er no forstørra og heng på veggen heime hos familien Drivenes. Det fortel meir enn ord kor flott oppleving Solfjelløpet er!
- Du sette rekord i fjor, kva er målet i år? seier vi då vi pensar inn på årets løp. - Eg hadde ein god dag i fjor, men satsar på endå betre i år. Må jo gå for rekord, veit du, avsluttar Erlend Drivenes samtalen 1 time før løpet.

Og Erlend Drivenes held verkeleg ord. Allereie i første motbakkane la han seg klart i teten, og han nådde toppen av Solfjell etter 40 min. og 26 sek. Dermed forbetra han den knallsterke tida frå i fjor med heile 49 sek.

 

RESULTATER

Jenter 15-18 år.
1.  Solveig Haugland, Uskedal IL        63.03

Gutar 15-18 år.
1.  Henrik Bauge,  Rosendal TL          47.40
2.  Johannes Haugland, Uskedal IL       52.44
3.  Tord Sæle, Uskedal IL               54.50

Menn 19-39 år.
1.  Erlend Drivenes, Tørvikbygd IL      40.26(Løyperekord)
2.  Andreas Søfteland, Søfteland IL     44.16
3.  Johannes Heien,  IL Ternen          49.13
4.  Bjørn K. Sørvik, Bremnes Seashore   51.38
5.  Eirik Musland, Lysekloster IL       54.16
6.  Yngve Myhre, Uskedal IL             54.46

Menn 40-59 år.
1.  Dag-Henry Nilsen, Vaksdal           45.59
2.  Kjetil Styrvoll, Opptur             47.09
3.  Steinar Haugland, Uskedal IL        48.21
4.  Valter Midtsæter, Mjøsdalen IL      50.55
5.  Bjørn E. Haugland, Uskedal IL       51.46
6.  Geir Eikeland, Statoil BIL          54.12
7.  Øystein Øvsthus, Mjøsdalen IL       57.35
8.  Richard Berthelsen, Mjøsdalen IL    58.23
9.  Magne Heien, IL Ternen              60.35
10. Kurt Haugland, Uskedal IL           76.41

Menn over 60 år.
1.  Pål Haugland, Uskedal IL             69.45

Damer 40-59 år.
1.  Margunn Eik, Uskedal IL              54.17
2.  Hildegunn Håland, KK BIL             55.40
3.  Randi Norås, Mjøsdalen IL            68.30


Utsikten_fra_toppen_av_Solfjell_Ulvanaasa_i_bakgrunnen.jpg
Utsikten frå toppen av Solfjell. Ulvanåsa i bakgrunnen. Foto: Ann Irene Sæle.

Johannes_Haugland_dsc_0676.jpg
Johannes Haugland vart nr. 2 i klasse 15-18 år. Han fekk tida 52.44. Foto: Anbjørn Høivik.

Margunn_Eik_dsc_0687.jpg
Vinnaren av dameklassen Margun Eik. Ho fekk i år tida 54.17. Løyperekorden hennar frå i fjor lyder på 52.08. Foto: Anjørn Høivik.

Geir_Eikeland_Yngve_Myhre_Eirik_Musland_Tord_Saele_dsc_0695.jpg
Geir Eikeland, Yngve Myhre, Eirik Musland og Tord Sæle nærmare seg  toppen.
Foto: Anbjørn Høivik.

Hildegunn_Haaland_dsc_0699.jpg
Hildegunn Håland, Kvinnherad BIL, spurtar mot mål. Ho vart nr. 2 i dameklassen.
Foto: Hildegunn Håland.

Solveig_Haugland_dsc_0717.jpg
Solveig Haugland, Uskedal IL vann klasse 15 – 18 år. Foto: Anbjørn Høivik.

Randi_Noraas_dsc_0720.jpg
Randi Nordås frå Mjøsdalen vart nr. 4 av damene. Foto: Anbjørn Høivik.

Paal_Haugland_dsc_0723.jpg
Pål Haugland, Uskedal IL, snart i mål. Foto: Anbjørn Høivik.

Folksamt_Solfjell.jpg
Folkelivet på toppen av Solfjell. Foto: Kjell Yri.