Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgI Boston var det plaskregn, sterk motvind og berre fire-fem varmegrader. I eliteklassen var det 60 prosent av løparane som gav seg undervegs. I herreklassen var det ingen av dei sju som hadde dei beste persane, som kom til mål. I dameklassen var det berre ei av dei fem høgst ranka, som ikkje gav opp undervegs.

Han som vann herreklassen, japanaren Yuki Kawauchi, var den minst proffe av dei alle. Han jobbar heiltid på ein skole, han er sin eigen trenar og reiser rundt i verda på løp på fritida si. I sommar møtte eg han i målområdet for Oslo Maraton der han hadde gitt alt – sjølv om han ikkje var pressa – og vunni løpet på 2.15.58. Han fortalde at han gjerne skulle sprungi fortare og sett løyperekord, men han hadde hatt ei fin oppleving og takka alle som hadde heia.

Tiande beste persen
Løyperekord vart det heller ikkje i motvinden i Boston. Vinnartida hans var så å seie den same – 2.15.57 – som den han hadde i Oslo. Den store skilnaden var at han i Boston sprang ifrå mange av dei raskaste maratonløparane i verda. I feltet hadde han berre den tiande beste persen, og her var løparar med gull og sølv frå VM, bronse frå OL og ei rad med tidlegare vinnarar av Boston og andre store internasjonale maratonløp.

Korfor klarte Kawauchi å springe frå alle desse som i utgangspunktet var betre løparar enn han sjølv?

Kanskje fordi han såg på vinden og vêret som ein fordel. Da han etterpå vart beden om å kommentere dei fæle forholda svara han: «Dette var dei best tenkjelege forholda eg kunne få».  

Truleg fordi han både hadde trena og sprungi maraton under enda tøffare forhold tidlegare. Mellom løpet i Oslo i september og det i Boston no i april hadde han stilt opp i heile åtte maratonløp og vunni seks av dei. Eitt av dei gjekk i 17 kuldegrader i ei delvis isdekt løype 1. januar. Også der gav han alt og vann på 2.18.59. Yuki Kawauchi var truleg den einaste i elitefeltet som nokon gong hadde sprungi maraton under meir hustrige forhold enn det dei fekk i Boston.

Positiv split-perfeksjonist
Han hadde òg fordelen av å vera van med å dra sjølv, i både med- og motvind. Sia han spring så mange maratonløp og ofte ligg åleine i tet, blir han flink til å halde ut i 42 kilometer utan hjelp av andre. Ofte går han hardt ut, og sjølv om han gjerne dabbar litt av, held han god fart heile vegen. Vi kan godt seie at han har øvd inn og perfeksjonert «positiv split»-taktikken.

I Boston kom det ekstra godt til nytte. Da konkurrentane forventa at ingen ville dra i motvinden, gjekk japanaren hardt til verks frå start. Dei mange som hadde sett for seg veldig kontrollert springing fram til 10 eller 5 km stod att, fekk inga fred. Opninga til Kawauchi var så hard, at alle dabba, men 31-åringen med 80 maratonløp innabords, var den som dabba minst.

Brett Larner som driv «Japan Running News» og følgjer Kawauchi på hans reiser, skreiv det slik i reportasjen etterpå:

«Konvensjonell visdom seier at ingen som går ut hardt i Boston, vil vinne. Kawauchi har bygd heile karrieren sin på å utfordre konvensjonell visdom.»

Blafra i motvinden
Kawauchi har tidlegare sagt at han elskar å springe i regn. Det såg det ikkje ut til at så mange av konkurrentane hans gjorde. Mange stilte til start i jakker som fylte seg med luft og blafra som omvendte spinnakerar i motvinden. Den kanskje største favoritten, Galen Rupp, sprang i tillegg med ein buff som dekte så å seie heile fjeset. Treningsgruppa til Alberto Salazar er kjent for alle dei teknologiske nyvinningane dei tek i bruk, som høgdehus, antigravitasjonsmøller og møller under vatn. Men å springe i piskande regn såg ikkje Rupp ut til å vera van med, og han gav seg etter 30 km.

Også kenyanarane og etiopiarane fall gjennom. Av dei 16 frå Kenya eller Etiopia som stilte til start, kom berre 3 til mål. Grunnen er nok ikkje at kenyanarane gøymer seg bort i treningslabbar innandørs, men det er ganske vanleg i treningskulturen deira å ikkje trene når det regnar. Yuki Kawauchi som må gjera unna treninga før han skal på jobb, fer ut på eiga hand enten det regnar eller snør.

Ein løpehelt
På startstreken står vi der åleine. Vêr- og føreforhold rår vi ikkje over. Somme gonger er det dei som er vorti dulla minst med av støtteapparat og teknologiske hjelpemiddel som stiller sterkast. Dei som er vane med å lite på seg sjølv.

Yuki Kawauchi hadde gjennom 80 maratonløp fått ei erfaringsramme som var så vid at den romma også ekstremforholda i Boston.

For meg var det både rørande og inspirerande å sjå han vinne. Ein vanleg arbeidsmann, som spring av pur løpeglede og guts. Treng vi løpeheltar, så er det slike som han.



"Konvensjonell visdom seier at ingen som går ut hardt i Boston vil vinne. Kawauchi har bygd heile karrieren sin på å utfordre konvensjonell visdom."


(Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 4 - 2018)