Treningslogg rundt Litledalsvatnet i Etne har slått an. Rundt 210 treningsturar gå/løp er registrerte sidan november 2015. Ideen fekk arrangøren frå opplegget til megapopulære Stoltzekleiven Opp.

"Vatnet Rundt" trengte ikkje sertifisering, men...
Arrangøren bestemte seg for nøyaktig ei runde rundt vatnet. Start og mål på same plass. Då er det på ein måte ikkje så vesentleg å ha nøyaktig mål. Men når så mange spring med GPS, så vil det vera eit pluss for mange å vita nøyaktig meterantal. Samstundes fekk ein merka nøyaktig av 5 km-passering. 

Ivar Pettersen nesten "spot on"
7.51 viste GPS´n til den gode løparen Ivar Pettersen. Det var berre 57 meir enn den kontrollmålte lengda. Han trente i løypa, og la ut bilde frå mobilen av treningsloggen frå treningsturen.

Vatnet_rundt_Ivar_Pettersen_nett.jpg

Løypa målte løypemålar Ingolf Dale til 7543 m, som sertifikatet viser. Barneløpet vart målt i same slengen til nøyaktig 850 m..


IMG_4869.JPG
Løypemålar Ingolf Dale hadde teke turen heilt frå Stavanger til Etne. Arrangøren sin medhjelpar Harald Måge, ein dugnadsmann av dei sjeldne.                                                      Foto: Arrangøren Etne Event

På kondis.no finn du alt om løypemåling: 
Her finn du oversikt over løypemålere og kva løyper som er kontrollmålte.

Påmelding til "Vatnet Rundt" 16, juli via denne lenka til EQ-timing sitt system

Omtale av Vatnet Rundt på kondis no:

Løp "Vatnet Rundt" - eit flott ferieløp med eigen song 16. juli i Etne
Vatnet Rundt - nytt landeveisløp i Etne midt i fellesferien
Ordførar Siri Klokkerstuen opnar "Vatnet Rundt" den 16. juli

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Visste du at kondis.no har fått
NYE SIDER FOR KONTROLLMÅLTELØYPER ??

 Nå får du en egen oversikt over

LØYPER SORTERT PÅ DISTANSE

5 KM,  10 KM,  HALVMARATON og MARATON 
har nå egne sider
Du finner de på venstremenyen på toppen av siden
under
KONDISTJENESTER