- Økt startkontingent 16.mars
Geiranger Frå Fjord Til Fjell
Motbakkeløpet feirer 20 års jubileum i år. Neste år kan du løpe deler av den 5km lange avslutningen på asfalt.
PRESSEMELDING:
I Geiranger frå fjord til fjell den 16.juni kan du enten sykle, springe eller gå dei 21 km frå Geirangerfjorden og opp på Dalsnibba, 1500 meter over havet. Dette er ei skikkelig stigning som for deltakarane i Nibbeløpet utgjer eit av landest hardaste motbakkeløp. Syklistane i Nibberittet kan skryte av å ha sykla ei stigning som både er lenger og høgare enn t.d. Col du Tourmalet i Tour de France.
Dei siste 5 km av løypa er dei hardaste og går på den private Nibbevegen. Den vart ferdig bygd i 1939 og går opp til ein av landets mest besøkte turistattraksjonar - utsikta frå Dalsnibba. I tillegg til stigning delvis på over 10%, gjer grusdekket at den opplevast ekstra tung. No har eigaren av vegen, Geiranger Skysslag, bestemt å asfaltere vegen til topps. Løypa vil dermed bli raskare, spesielt gjeld dette dei som syklar (Nibberittet). Vi ventar dermed eit ras av løyperekordar dei nærmaste åra. Asfaltering vil truleg skje over fleire år, delar er venta å få asfalt til 2013-arrangementet.
Gjeldande løyperekordar er;
Nibbeløpet;
Hans Martin Gjedrem 1.28.57 frå 2009, Anita Håkenstad 1.39.54 frå 2007
Nibberittet;
Alf Roger Holme på 1.03.39 frå 2008, Borghild Løvset på 1.15.16 frå 2011.
For 2012-arrangementet aukar startkontingenten etter 16.mars.
Uansett grus eller asfalt, på sykkel eller på joggesko, vi kan garantere eit blodslit i vakker natur. Ved start ved fjorden badar cruisebåtane i sommarsola, medan meterhøge brøytekantar omkransar utøvarane i det dei nærmar seg mål. Og undervegs i løypa kan ein nyte kulturlandskapet, fossar, islagte vatn og isbrear.
Gjer som nesten 1000 andre deltakarar og meld deg på!