Vel blåst til Arne Torget og hans arrangørstab med sunnhordalands-meisterskapen i friidrett!
Dei har gjort ein fenomenal innsats med å få bana ferdig, og i ein super setting. 
Då medaljane var utdelte, kom regnet. To supre soldagar, utan vind av betydning var over.
Kondis kjem att til opningsstemnet 13.- og 14. september.


Les også reportasjen fra dag 1 i Sunnhordlandsmeisterskapen
 

Dag to vart avslutta med to veldig gode prestasjonar. 
Lars Lunde, Stord IL ville prøva å kvalifisera seg til meisterskap på 2000 m hinder. Einaste deltakar, men gode forhold. Han måtte under 6.07, trudde han. Etter ei forrykande opning, klarte han 6.06.2. 3.03.1 på to 1000 m etter kvarandre - med hinder! Dette er sterkt! Men med 8.40 på 3000 m flatt, så veit ein at nok ein lovande ungdom (17 år) frå Stord IL, er på full fart framover. Utruleg kva Nils Hetleflåt og gjengen hans i Stord IL får til.

Lars_Lunde_hinder.jpg
Lars må kjempe for å halde farten oppe over dei høge hindera. Utruleg sterk prestasjon!

Her er passeringane til Lars:
1.08      68,-
2.21      73,-
3.35      74,- 
4.52      77,-
6.06.2   74,-

Om han kjem med til U-20 er det 3000 m hinder. Grunnen til at han valte 2000m er m.a. ein knallhard økt i dag, dagen etter SM, og 1500 m på Bislett laurdag , der han vonar å persa igjen. Lars Lunde har løpt 1500 m på 3.56. Lars nemnde for Kondis at han hadde lyst på klasserekorden til berømte Geir Søgnebotten på 1609 m - ein engelsk mil. Den er på 4.19. Med 3.56 på 1500 m, trur også Kondis han skulle ha ein god sjanse. Og Lars sjølv trur han vert sterkare utover hausten, etter ein skade sette han tilbake i vinter. På Husnes kom han rett frå ferie og ti dagar utan intervall-trening. Men utan basistrening har han garantert ikkje vore....

Den andre løpsprestasjonen me la merke til på dag 2, var Maryna Novik, IF Klypetussen.
Ho og opna hardt, men trass at røynde folk kunne sjå ho vart skikkeleg sliten, klarte ho å halda farta oppe.
Her har du passeringstidene til Maryna:

 200 m:      39.-
 600 m:   2.01.9        82,9
1000 m:   3.27.9       86,-
1400 m:   4.50.5       82.6
1800 m:   6.16.6       85.7
2200 m:   7.42.5       86.4
2600 m:   9.09.5       86.9
3000 m: 10.29.4       79.9
Fire jenter våga å stilla på 3000 m. Dette var i kondis-auge veldig gledeleg. Får dei med seg kvar si veninne, kan det bli nok eit kjekt løp på opningsstemnet 13. og 14. september. 

Dei fire jentene fortener å bli nemnt spesielt:
Maryna pluss ein flott Trio

3000 meter damer

1. Maryna Novik,           IF Klypetussen 10.29,4

2. Trude Sundsteigen,  I.L.Trio 13.22,1

3. Linda Teigen,            I.L. Trio 13.41.83

4. Ingvild Olderkjær,    I.L.Trio 13.57,3
Alle resultater

Marita_Thorsvik_og_far_IMG_0667.jpg
Marita Thorsvik med flott 1500 m. Det tykte far hennar og, ser me.

IMG_0645_640x427.jpg
Dagfinn Jensen hadde ei trygg hand med startpistolen.

3000m_menn_mange_IMG_0682[1].jpg11 deltakarar på 3000 m. Noregsmeister i triatlon Kenneth Blom føre Gunnar Vaage, som kom rett frå Rallarvegsvegløpet, 81 km opp frå Flåm til Haugastøl!

Erlend_Nymark_Jensen_IMG_0680[1].jpgErlend Nymark Jensen, I.L. Trio med 9.31 på 3000m. Sunnhordalandsmeister.

IMG_0725_640x427.jpgFire av 11 deltakarar frå IF Klypetussen. Her representert ved evigunge Skjalg Duesund,

To_jenter_i_graset_IMG_0734[1].jpgSpreke jenter kviler ut etter ein flott 3000 m. Kven skulle tru dei nett hadde gjennomført flotte løp?

3000m_mange_IMG_0685[1].jpgAlle løparane fekk gode røynsler med det nye stadion.

3000m-vinnerne_IMG_0758[1].jpg
Maryna Novik, IF Klypetussen og Erlend Nymark Jensen, I.L.Trio sunnhordlandsmeistre på 3000 m.