16 av dei 30 som var med i Svinestranda Opp sprang i junior- eller ungdomsklassane. Dei aller yngste – frå 14 år og nedover – hadde ei kortare utgåve av løpet, og her var det 9 som tok seg til mål. Maria Klakegg i klasse 12-13 år var raskast av alle i kortløypa med 28.38 som sluttid. Jørgen Sandal var kjappast av gutane. Han òg sprang i 12-13-årsklassen, og tida hans var 30.07. 

Vinnartida til Geir Steig i langløypa var på 52.23 medan Charlotte Watson var raskast av damene med 1.06.32. Ikkje fleire enn 4 av dei 21 som sprang den lengste distansen, var kvinner. 

Løpsleiar Dagfinn Nyhammar hadde vona på fleire deltakarar.

– Vi skulle gjerne hatt fleire med, men deltakinga var ikkje verre enn andre stader. Storehesten Opp er eit godt innarbeidd løp og med vanlegvis svært god deltaking. I år hadde dei omtrent same deltakinga som oss. Deltakinga i Trollenykjen Opp sist helg var også dårleg. Det er eitt eller anna som gjer at motbakkeløp ikkje er så populært for tida, uttala løpsleiar Dagfinn Nyhammer til Firda Tidend etter løpet. 

Erlend-Bjoentegaard.jpgSkiskyttaren Erlend Bjøntegaard var tredje raskaste mann i Svinestranda Opp, dryge 2 minutt bak vinnaren. (Foto: Vidar Nyhammer) 

Irene-Svidal.jpgIrene Svidal sprang inn til andreplass i kvinneklassa, halvminuttet bak Charlotte Watson som vann. (Foto: Vidar Nyhammer) 
 

  Menn    
1 Geir Steig
Luster IL 
52:23
2 Mark Purkis
Varegg Fleridrett 
53:06
3 Erlend Øvereng Bjøntegaard
IL Bevern - Friidrett 
54:46
4 Trym Dalset Lødøen
Haugen IL 
55:11
5 Vegard Skrede
Hardbagg IL 
57:53
6 Mathias Nesgård
Fjellhug/Vereide IL / Fjellhug/Vereide 
58:06
7 Ørjan Brunstad
Fjellhug/Vereide IL 
1:06:11
8 Henry Hammersland
Gloppen Friidrettslag 
1:06:41
9 Nicolai Aske Granheim
Fjellhug Vereide 
1:08:33
10 Sindre Fjellestad
Fjellhug Vereide 
1:08:48
11 Gisle Skjølberg
Bremanger IL / Bremanger Motbakkelag 
1:09:51
12 Arild Horntvedt
IL Brodd 
1:10:41
       
  Kvinner    
1 Charlotte Watson
Varegg Fleridrett 
1:06:32
2 Irene Svidal
Stil 
1:07:03
3 Trude Elin Eimhjellen
Sandane Turn og Idrettslag 
1:20:18
4 Ada Johanne Borgund
Eid il ski 
1:23:25

 

Alle resultat


Mark-Purvis-foto-Astrid-Fjellestad-Hauge.jpg
Mark Purkis var berre 43 sekund unna sigeren og tok ein klar andreplass. (Foto: Astrid Fjellestad Hauge) 

Arild-Horntvedt.jpgSvinestranda Opp startar nede i Sandane sentrum og har mål på toppen av fjellet Svinestranda som ligg 1074 meter over havet. Her har Arild Horntvedt lagt bak seg ein stor del av høgdemetrane. (Foto: Vidar Nyhammer) Anders-Olai-Grotle.jpgAnders Olai Grotle fekk ein krevjande, men samstundes fin tur til fjells sundag 23. juni. (Foto: Vidar Nyhammer)