NB ! Reportasjen er no utvida med bilder og omtale av dei norske som deltok på dag 2 av VM i dag søndag 28. august. Sjå nederst i reportasjen.

Ingressbildet ovanfor viser alle dei 8 norske som deltok i går. Hanne Liland (nr. 17 i D45), Tove Alm (nr. 10 i D65), Eva Carlsen (nr 1 i D75+), Elise Orten (nr. 4 i D50), John Andersen (nr. 5 i M65), Anna M. Tråve (nr. 2 i D60), Halldis Nagell-Dahl (nr. 3 i D70) og Ingunn Ytrehus (nr. 4 i D65)

Alle resultat

VM går over to dagar med to distanser. I går, laurdag 27. august, sprang alle damer (alle klasser frå 35 til 80 år) og menn 55 år og eldre ei 6,5km lang løype med 820 høydemeter med stigning.

640_LøypeDamerog55+.jpg.jpg


I dag søndag sprang alle som er mellom 35 og 54år ei 11,5km lang løype med 1450m stigning (sjå nederst i reportasjen !)

640_Løypeprofil35-54.jpg.jpg

 

Alle foto som ikkje er påført fotograf er tekne av Kondis.nos utsendte Christian Prestegård
 

640a_Eva_Nr1D75_FotoChrPrestegård.jpg76 år unge Eva Carlsen frå Oslo har reist verda rundt på ulike veteranmeistarskap i mange kondisjonsidrettar og har skuffa full av medaljar. I Susa vart det GULL.

640_Eva_påpallen.FotoÅgeÅrdal.jpgEva's innsats gjorde at alle nordmenn og dei 632 andre deltakarane frå 26 land , mfl. fekk høyre den norske nasjonalsangen. Foto Åge Årdal

640a_AnnaTråve.FotoChrPrestegård.jpg​Også Anne M. Tråve frå Lærdal IL har vunne mange medaljar i ulike EM og VM i langdistanseløp inkl. motbakkeløp. I Susa vart det SØLV i kl. D60-64år.

640_Anna_påpallen.FotoÅgeÅrdal.jpgMedaljeseremoni med Anna på pallen. Foto Åge Årdal640a_Anna_DetBesteFoto_Prerace26.08.2016.FotoChrPrestegård.jpgEg tek med eit foto til av Anna som eg tok av henne på gjennomløping av løypa dagen før løpet. Der merka eg at ho var i særs god form og var ein sterk medaljekandidat etter nokre år utanfor pallen.

640a_Halldis_FotoChrPrestegård.jpg74 år unge Halldis Nagell-Dahl var eldste deltakar i kl D70-74år, men klarte likevel å vinne ein BRONSE-medalje. Som Eva og Anna ovanfor har også Halldis ei lang karriere som deltakar i ulike internasjonale veteranmeistarskap med mange medaljar i skuffa.

640_Halldis_påpallen.fotoÅgeÅrdal.jpgHalldis på pallen. Foto Åge Årdal

640a_JohnAndersen_fotoChrPrestegård.jpgJohn Andersen frå Bergensklubben Varegg, vart nr. 5 i klasse M65år i konkurranse med 53 andre. Varegg /Team melkesyre hadde 50% av dei 14 norske deltakarane i VM (inkl  VM's Open Race).

640a_EliseOrten.FotoChrPrestegaard.jpgElise Orten, IL Fri Friidrett, vart nr. 4 i kl D50-54år

640a_HanneLiland.FotoChrPrestegård.jpgHanne Liland, Varegg vart nr. 17 i D45-49år

640a_IngunnYtrehus.FotoChrPrestegård.jpgIngunn Ytrehus mot mål til 4. plass i kl. D65-69år.

640a_ToveAlm.FotoChrPrestegård.jpgTove Alm, vart nr 10. i kl. D65år

640a_Openrace_3besteogChr.FotoArrangør.jpg

Kondis' utsendte saman med dei tre raskaste i The Open Race.​ Eg er så heldig å få springe begge løpa. For å kunne gjere jobben min som journalist for Kondis.no deltek eg i VM's Open Race som startar ein time før fyrste puljestart for ulike kjønn/aldersklassar. Dermed er eg på toppen i god tid for å dekke heile det offisielle VM.

Dag 2 av VM i motbakkeløp for veteraner gav ikkje Noreg fleire pall-plasseringar, men dei norske deltakarane fekk endå luftigare og flottare naturopplevingar. Den 11km lange løypa i dag med 1450m stigning hadde mål 1.945moh. Dvs 635høgdemeter over mål i går.

640b_alledag2.FotoEliseOrten.jpgDet vart ein ny praktfull løpsdag i VM for dei norske deltakarane. Nede til venstre skimtar vi Susa vel 1400 høgdemeter nedanfor der desse løparane starta tidlegare på dagen. Bak frå Høgre: Hanne Liland, Varegg (VM's Open Race). Jon Harald Carlsen, Team Halden. Øystein Brun, Varegg. Øyvind Stokseth, Team Halden og Christian Prestegård (VM's Open Race). Framme frå høgre: Tore Klanderud, Varegg. Anna M. Tråve, Lærdal IL og Bjørn Harald Bongom, Varegg. I tillegg var det ein nordmann til, Marius Bjugan (Team Halden), som deltok i VM's Open Race. Det var 3 nordmenn som deltok i begge løpa: Anna M. Tråve, Hanne Liland og meg.

640b_Bongum.FotoChrPre.jpg

Bjørn Harald Bongom var raskast av dei norske løparane i dag med tida 1:25:49. Det gav 21pl i M45

640b_ØyvindStokseth.FotoChrPrestegård.jpg

Øyvind Stokseth mot mål på tida 1:26:25 til 23pl. i M40

640b_ToreKlanderud.FotoChrPrestegård.jpgTore Klanderud mot mål på tida 1:31:23 til 23pl i M45

640b_Brun_FotoChrPre.jpgØystein Brun i M50 fekk sluttida 1:35:42. Til høgre ser vi Elise Orten som ivrig inspirator. Det var Elise som tok det flotte fellesbildet etter målpassering i dag.

Dette VM har vist at nivået i alle aldersklassar innan motbakkeløping er ekstrem høgt. I dag vart Klasse M50-54år vunne av Franco Torresano Italia på 1:15:05 og M45-49år på 1:10:04 av Daniele de Colo, Italia.

I 40års-klassa fekk også 7 X verdsmeistar i motbakkeløp/fjelløping Jonathan Wyatt New Zealand erfare nivået då han som 43åring vart nr 2 i M40 bak portugisaren Cesar Costa som vann på 1:08:53. Wyatt var 22 sek. bak. ( Wyatt har også vunne La Sportiva Skåla Opp i Loen 4 gonger).

640_Nr1M40_fotoChrPr.jpgCesar Costa, Portugal, vinn M40 på 1:08:53

640d_Stemningsbilde_mål.jpgStemingsbilde frå mål. Vinnaren av the Open Race Bernard Dematteis, Italia, ventar på at løparane skal kome i mål som skal kjempe om VM-medaljane i aldersklassane frå M35 til M50.

Vertsnasjonen Italia dominerte denne 16. utgåva av VM i fjelløping for veteraner (World Masters Mountain Running Championships)  med 10 individuelle gullmedaljer og 15 for lag. Totalt fullførte 632 deltakarar frå 26 land ( inkl 74 i VM's Open Race).  Det var 8 nasjonar på toppen av pallen som fekk høyre nasjonalsangen sin på premieutdelinga: Noreg, Portugal, Spania, Tyskland, Polen. GBR,  Irland og Italia.

640_Deltakartal i kvar aldersklasse.jpgDei 74 deltakarane i VM's to åpne løp er ikkje med i desse offisielle tala over fullførte deltakarar i VM

640_Medaljevinnarane_FotoÅgeÅrdal.jpg

Vi rundar av denne reportasjen med dei 3 glade VM-medaljevinnarane våre. Bildet er ikkje tilfeldig valt med Atletics for LIFE - mottoet til det internasjonale veteranidrettsforbundet WMA World Master Atletics. Denne helga har eg fått endå meir inspirasjon til å trene til eg blir 100...når eg ser den løps- og livsgleden som superveteranane i VM har vist. Foto Åge Årdal

For meir info om VM sjå http://www.stellinarace.it/en/ .

På heimesida til World Mountain Running Association www.wmra.info er det ei kort oppsummering av arrangementet

Alle resultat