Pressemelding frå Knarvikmila:
 

Helge Brekke har ein lang løpskarriere bak seg som stafettløpar. Han debuterte i Holmenkollstafetten i 1963 for Gular. Sundag 10. mai blir det altså den 50. starten.

Sidan 1963 er det altså to gongar han ikkje har sprunge. Den eine gongen var det året HK-stafetten ikkje vart arrangert.

Brekke har delteke for Gular, Vik, AKS -77 og fire bedriftsidrettslag. I år skal han springa 1.etappe for Idrett utan alkohol – sin 150. førstetappe i stafett.

Han har ei lang merittsliste over stafettar han har delteke på:
Vikjastafetten, Syrildtafetten,Sogndalstafetten, Tangenstafetten, Brekkestafetten, Breimstafetten, Naustdalstafetten, Bygstadstafetten, Firdastafetten, Vossastafetten, Fristafetten, Nymarkstafetten, Norrønastafetten, Holmenkollstafetten, Fjellhamarstafetten.

Vidare 6 ulike bedritsstafettar og 4 studentstafettar.

Banestafettar: 4 x 1500 m, 4 x 400 m, 4 x 100 m, 4 x 800 m og 1000 m

I tillegg kjem fleire Terrengstafettar. Helge sprang sin første 1. etappe på Vikjastafetten som 16-åring i 1958. Sidan er det vorte 149 førstetappar - den 150. på Holmenkollstafetten 10. mai!

Før var det langt fleire stafettar enn i dag. Stafettane var svært viktig for:
-    Rekruttering av løparar
-    Samhaldet i en klubb
-    Det totale sosiale miljøet
-    Friidrettsinteressa i bygd og by

Mange stader var det svært gjevt å vera på stafettlaget. I Vik – heimstaden til Helge Brekke – gav det på 50- og 60-talet høgare status å vera på stafettlaget enn i kommunestyret.

Publikumsinteressa, spesielt på bygdene var enorm. På Breimstafetten var det over 5000 tilskodarar, og i Vik med eit folketal på ca. 3000 var det nær på 2000 som møtte fram for å heia på sine heltar. Stafetten i Vik samla meir folk enn 17. mai på 50- og 60-talet.

Holmenkollstafetten si heimeside

Eyrstein_Enoksen_gang50_best_A20G3971.jpg
I fjor sprang Eystein Enoksen Holmenkollstafetten for 50. gong. I år er det Helge Brekke sin tur. (Foto: Kjell Vigestad)