Gjengen bak Norges tøffaste fjelløp med løpsleiar Amund Sverre Tomasgard, sponsorsjef Svein Otto Espe, webansvarleg Ralf Bjarne Taraldset og Egil Seljeset i spissen har slått på stortromma og fått laga ein imponerande film frå løypa i Hornindal Rundt.

Filmen er redigert av Egil Seljeset. Musikken er basert på folkesangen "Om kvelden" frå Hornindal, arrangert, framført og innspelt og av Egil Seljeset. Starring: Hornindal`s finest. Filmen er sponsa av Aurstadkonsernet.

Sjå filmen her

Hornindal Rundt 2014 går av stabelen for femte gong med start laurdag den 5.juli.

Hornindal Rundt er eit fjelløp, men og kalt terreng-ultraløp som seier at det er lenger enn maraton og går langs merka løype i terreng rundt i Hornindal kommune. Fjelløpet er ein kontrast til vanleg motbakkeløp, og er heller ein ekstrem variant, der hovudløpet er 75 km lang og har ei samla stigning på 5 600 høgdemeter, noko løpsleiar Amund Sverre Tomasgard hevder kvalifiserar løpet til betegninga "Norges tøffaste fjelløp".

Og for mosjonistar
Sjølv om løpet kvart år får fleire internasjonale deltakarar og har ein ekstrem løypeprofil, understrekar Tomasgard at løpet og er for mosjonistar. Løpsleiar Tomasgard ønsker med det alle som er skikka til kraftanstrenginga velkomen til å delta på arrangementet i Hornindal 5. juli.

I tillegg til 75 km-løpet er det og ein "light" versjon med 38 km fjelløp. Begge variantane har felles start og den første delen av løypa felles. Vidare blir det og arrangert eit miniløp utan konkurranse på 6 km.

Les og om saken i Sunnmørsposten

Meir informasjon om løpet finn ein på:

Heimesida til Hornindal Rundt

Hornindal Rundt på facebook

Tidligare løp:

Sjå reportasje1 frå Hornindal Rundt 2013

Sjå reportase2 med fleire bilde frå Hornindal Rundt 2013

Nokre stillbilde frå filmen:

Still002.png
Storehornet

Still004.png
Gulekoppen

Still005.png
Muldsvorhornet

Still006.png
Posten ved Blåvatnet ved foten av Hornindalsrokken.

Still008.png
Løpsleiar Amund Sverre Tomasgard på Høgenibba

Still010.png
Kviven

Still012.png
På Ytrehornsnakken, siste kontrollpost. Grodås i bakgrunnen

Still013.png
Start og mål er i Grodås sentrum i Hornindal kommune