Ingressbiletet: Frå starten i 2013

Hanne Steinstø og Urige Buta vann det 40. Hydro Rundt.

17.41 på Hanne Steinstø og 15.01 på Urige Arado Buta er flotte prestasjonar i den krevande løypa. Det var høgt nivå i toppen spesielt på herresida. Landslagsløpar Morten Velde (15.09) og Terje Aggvin (15.15) like bak. Heile 7 menn under 16 minutt. I fjor vann Morten Gjendem på 15.45.

I kvinneklassen bak Hanne Steinstø var det også mange flotte prestasjonar. Hanne Steinstø vann også 2013-utgåva av Hydro Rundt. Då hadde ho 18.32, no 17.41. Skikkeleg forbedring, altså!
Heile 75 kvinner og menn sprang under 20 minutt.

Hydro rundt - eit av landets største mosjonsløp
Etter fleire år med nedgang, fekk det 40. Hydro Rundt 2014 ein skikkeleg boost. 257 fleire enn i fjor. Mildt, men surt ver, førte sikkert til ein viss avskalling, så Hydro rundt er verkeleg "på gang" med vekstpotensiale. 1433 fullførte dette klassiske løpet i Nord-Rogaland. Det har vore Rogalands største mosjonsløp. No er det nummer to etter 3-Sjøersløpet i Stavanger.
Då Hydro Rundt starta for 39 år sidan, stod det 10 personar på startstreken...

Lisensfritt og "nesten" gratis
I debatten om Norges Friidrettsforbunds eingongslisens vil Hydro Rundt vere eit eksempel på at lisensfritt ofte også er best. Her er det ingen friidrettsklubb som arrangerer, og som må tenka på at klubben må ha eit overskot for å arrangere noko så tidkrevjande som eit mosjonsløp.
Startkontingent berre kr 50.-
Her står eit bedriftsidrettslag bak som utelukkande tenkjer på å gje deltakarane eit fint trimtilbod, og ei god oppleving. Det koster 50 kr å vere med! Då får ein eit Hadeland-glass i deltakarpremie, og er med i trekning av premiar for kr 20.000! Det er og flott premiering for dei som deltatt 10, 15, 20 og 25 gongar.

I timen før start er det konsert fra scena. I det heile eit arrangement som andre arrangørar tar minst kr 200 for i startkontingent. Vi vil tro at bedrifta Hydro Aluminium bidreg med ein del. Med elektronisk tidtaking, konsert og flott premiering, går det kanskje ikkje rundt med så låg startkontingent.

Dei 20 beste uansett klasse

Nr Navn 1 km 2 km 3 km 4 km Mål
1 Urige Buta 02:50(1) 05:49(1) 08:45(1) 11:55(1) 15:01 +00:00
02:59(1) 02:56(1) 03:10(1) 03:06(3)
2 Morten Kostø Velde 02:51(2) 05:53(2) 08:54(2) 12:07(2) 15:09 +00:08
03:02(3) 03:01(4) 03:13(2) 03:02(1)
3 Terje Aggvin 02:59(3) 06:00(3) 08:58(3) 12:11(3) 15:15 +00:14
03:01(2) 02:58(2) 03:13(2) 03:04(2)
4 Erik Rullestad   06:01(4) 09:01(4) 12:17(4) 15:23 +00:22
06:01 03:00(3) 03:16(5) 03:06(3)
5 Stian Vestbø 03:01(4)   09:11(5) 12:31(5) 15:39 +00:38
09:11 03:20(6) 03:08(6)
6 Håkon Kolstø 03:03(5)   09:16(6) 12:31(5) 15:43 +00:42
09:16 03:15(4) 03:12(7)
7 Ole Mikal Tørsdal 03:03(5)   09:21(7) 12:41(7) 15:48 +00:47
09:21 03:20(6) 03:07(5)
8 Birk Nagell Skogland 03:08(10) 06:23(6) 09:35(8) 13:05(8) 16:26 +01:25
03:15(4) 03:12(5) 03:30(8) 03:21(10)
9 Gerhard Steinnes 03:06(7) 06:23(6) 09:35(8) 13:08(10) 16:27 +01:26
03:17(7) 03:12(5) 03:33(11) 03:19(9)
10 Endre Espedal 03:08(10) 06:23(6) 09:35(8) 13:06(9) 16:31 +01:30
03:15(4) 03:12(5) 03:31(9) 03:25(15)
11 Thomas Finshus 03:07(8) 06:22(5) 09:41(11) 13:19(11) 16:45 +01:44
03:15(4) 03:19(8) 03:38(17) 03:26(16)
12 Håkon Rossehaug 03:18(16)   10:04(16) 13:35(13) 16:52 +01:51
10:04 03:31(9) 03:17(8)
13 Irek Korfini 03:07(8) 06:32(9) 09:55(12) 13:33(12) 16:57 +01:56
03:25(9) 03:23(14) 03:38(17) 03:24(13)
14 John-Atle Rasmussen 03:19(17) 06:44(13) 10:05(17) 13:38(14) 17:01 +02:00
03:25(9) 03:21(10) 03:33(11) 03:23(12)
15 Øyvind Aksland 03:17(12) 06:44(13) 10:05(17) 13:40(17) 17:02 +02:01
03:27(13) 03:21(10) 03:35(13) 03:22(11)
  Ketil Odland 03:17(12) 06:42(11) 10:03(14) 13:38(14) 17:02 +02:01
03:25(9) 03:21(10) 03:35(13) 03:24(13)
17 Rune Jensen 03:17(12) 06:41(10) 10:03(14) 13:40(17) 17:14 +02:13
03:24(8) 03:22(13) 03:37(15) 03:34(20)
18 Trygve Harry Dommersnes 03:17(12) 06:42(11) 10:02(13) 13:39(16) 17:21 +02:20
03:25(9) 03:20(9) 03:37(15) 03:42(33)
19 Hanne Steinstø 03:22(18) 06:57(16) 10:26(20) 14:08(19) 17:41 +02:40
03:35(15) 03:29(15) 03:42(19) 03:33(18)
20 Øivind Lindøe 03:22(18) 06:54(15) 10:23(19) 14:10(20) 17:45 +02:44
03:32(14) 03:29(15) 03:47(20) 03:35(22)


Dei beste jentene:

1      Hanne Steinstø                        17.41
2      Ann Kristin Mosbron                   18:29
3      Elisabeth Harris Christensen          19:34
4      Anna Sofie Førre                      20:21
5      Kirsti Sønstabø                       20:46
6      Hanna Sørensen                        20:57


Alle resultat

Deltakertall i 20 av Hydro Rundts 40 ganger:
Antall fullførende deltakere
1975   10
.......    
1996   1352
1997   1314
1998   1577
1999   1722
2000   1680
2001   1913
2002   1852
2003   1758
2004   1821
2005   rekord: 1926
2006   1642
2007   1647
2008   1897
2009   1845
2010   1770
2011   1499
2012   1355
2013   1176
2014   1433

Hydro_Rundt_plakat.jpg