Jubileumsløp sundag 2. april kl 14.00. 1750 m motbakke på kommunal veg. Asfalt.
På Frette i Stordalen i Etne kommune i Sunnhordland.

Tøft løp i vakker natur - med sterke løyperekordar

Løpet startar ved det vakre 12 km lange Stordalsvatnet nede på Frette. Etter 115 m flatt så stiger løypa i svinger opp mot Lauarteidsvingen ved E-134. 
Løyperekordar: Marit Årthun 8.25 og Thomas Finshus 6.40. Veldig sterkt i ei løype der 1635 m er i samanhengande motbakke. 


Fyrste løp i Klypetuss-karusellen 2017
Trongjo Opp er fyrste løp i Klypetuss-karusellen. Løp nr. 2 er Trongjo Ned (2300 m) 30.4. og det siste Bjørkeklubben Over (1269 m) 21. mai. Er ein med på alle tre løpa vankar det ei lita utmerking. I kvart løp er det trekkjepremiar. 

Startkontingent 0 - 15 kr 20. Frå 16 - 103 1/2 år: kr 40,-


Kr 500,- til raskaste kvinne og mann
Raskaste kvinne og mann i kvart løp får kr 500,-. I tillegg er det kr 500,- for løyperekord.

Gratis  jubileumsfest på Sævareid skule etter løpet
Rett etter løpet er det garderobar på Sævareid skule  2.5 km frå mål. Det vert musikk med tussefløyte, og den kjende artisten Jimmy Næs syng og spelar. Marsipankake og kransekake laga av våre eigne, og sjokoladekake og fløytekake tinga frå Åkrafjordtunet.

Åkrafjordtunet stiller også med hovudgevinsten til utloddinga.

Kl 12.30 er det sykkelorientering.
og kl 13.00 kan turgåarar starta.


Far_og_soenn.jpg
Far og son Silde frå Etne IL

To_jenter_ingress.jpg
Tøffe jenter med røter i Skånevik

To_gutter_og_kineser.jpgUnge og litt eldre i tøff fight når målet nærmar seg

Hjallis og Elin.jpg
Klypetuss-karusellen også for trimmarar

mann1.jpg
Frank Ivan Knutsen frå Tyssedal har mange startar i Trongjo Opp


Trongjo_Opp_.jpg


Klypetuss-karusellen.jpg


Trongjo Opp (2).pdf