Den vinterstengde Suleskard-vegen opna 21. mai, og 2. juni gjekk Suleskard maraton av stabelen for 15. gong. Fjellovergangen mellom Setesdal og Sirdal er dei eventyrleg vakre rammene for løpet. Starten går i Setesdal, og under årets utgåve var det grøne lier og sol og sommar som ønskte deltakarane velkomen. Men etter kvart som løparane steig oppover i fjellheimen, veik dei grøne trea plassen for brun lyng og fjellbjørk, og etter kvart; høge brøytekantar og isdekka vatn og snødekka fjell.

Været fylgde same oppskrift. Mens deltakarane fekk sol og klarvær både under første del av løpet og i målområdet, var det tøffare forhold i fjellheimen. Her fekk dei brynt seg mot både sludd og hagl.

I tillegg til dei som sprang maraton og halvmaraton har løpet også ein klasse for stafettlag. Maraton-distansen er inndelt i 10 etappar, og følgebilar med heiande lagkameratar er med på å setja farge på løpet. To av dei store duellar med hyppige skifte stod i år mellom Snikkarlaget og Sira-Kvina kraftselskap (der førstnevnte halte sigeren i land til slutt) og mellom rivalane Sirdal Skilag og Sirdalsrypene.

Vinnar av herreklassen vart Bernt Mushom, Lyngdal IL, på tida 3.05.44.
Vinnar av kvinneklassen: Elisabeth Rein Skjæveland, GTI, 4.12.07.
Halvmaraton menn: Olav Andre Hompland, 1.18.22.
Halvmaraton kvinner: Julika Fidjeland, 1.35.34.

I tillegg vart det arrangert barneløp i målområdet med mange små vinnerar og gode tider. Sirdal skilag har stade for eit flott arrangement.

Alle_resultater.pdf


Kondis takker sine medarbeidere:
Tekst:
Tore Kvæven
Foto: Per Magne Sinnes


Vinnar av kvinneklassen: Elisabeth Rein Skjæveland, GTI, 4.12.07.


Vinnar av herreklassen vart Bernt Mushom, Lyngdal IL, på tida 3.05.44 


Starten i godt vær nede i Nomeland i Setesdal.


Kvislevatn er passert på den lange veien opp mot toppen. Mens snøværet venter på østsiden, på vei ned til Suleskard. Der man igjen kom til normale forhold.
  

Sirdalsrypene ved veksling.

Les mer i Sirdølen
Reportasje fra 2011, også med linker til tidligere år. 

Arrangørsiden

Facebooksiden 

Bli medlem i Kondis