Kondismedlem Sponset innhold

Inge Asbjørn Haugen med 300 maraton

I Maratonkarusellen i Bergen i går runda Inge Asbjørn Haugen 300 maraton. Ingen i Noreg har fullført så mange maratonløp som Inge Asbjørn.
Sidan 2005 har 53-åringen frå Hornindal innehatt norgesrekorden i talet på fullførte maratonløp. I Hornindalsvatnet Maraton slo han den gamle norske rekorden til Rekkebo på 266 maraton. På Maratonkarusellen i Bergen i helga runda han det magiske talet 300.


Foto: Oddny Ringheim

Det var tungt snøføre i løypa når løp nr. 300 gjekk, og tida vart 4.44.57. Det var 25 føre Inge Asbjørn på resultatlista, og åtte etter.


Foto: Jan Ringheim

Morten Hauso overrekkjer blomster frå Maratonkarusellen. Inge Asbjørn er den som har sprunge flest maraton i Bergen, og det seier ein del. Bergen er den byen i landet der det vert arrangert flest maratonløp, fem kvart år. Det vanka også blomster frå visepresident Per Gunnar Alfheim i Kondis.


Foto: Håkon Lavik Clausen

Familie frå Hornindal og Bergen var til stades som heiagjeng. Også TV2 dekka Inge Asbjørn sitt løp nr. 300.

Inge Asbjørn er formann i den norske 100-klubben. I 300-klubben vert han nok åleine ei stund til, men Bjørn Gjerde er ikkje langt bak med sine 278 løp, så her kan det bli kamp om rekorden framover.